front herdisD
I november 2019 vart ei ny lokal bok presentert på Flora folkebibliotek.

«Det var en gang i en liten by ved havet» er femte boka Herdis Dyvik har gitt ut dei siste åra.

I denne boka fortel ho om sine foreldre og om huset og byen ho voks opp i, under og etter krigen. Ho skildrar svært opent og detaljert personane og miljøet rundt. Slik sett er dette ei viktig lokalhistorisk bok. Flora som hadde han til lærar og rektor. Mor hennar var Hjørdis Dyvik som kom til Florø for å jobbe som ein av dei første kvinnelige telegrafstyrarane i Norge, men mått slutte i jobben fordi ho gifta seg. ettertid har fått namnet «Dyvikhuset», og ho gjev oss ei levande skildring av både huset og den unike hagen, som er kjent for sine mange eksotiske vekster. Gisle Dyvik var vide kjent for sin eksperimentelle skaparevne i hagebruk. sterk innan realfag, Gisle var ei kunstnarsjel, og hadde kanskje nådd langt som musikar, om han ikkje hadde skadd eine handa i ungdomen. Han var ein dyktig språklærar, og hadde tileigna seg fleire språk – ikkje mange i Florø kunne russisk på den tida. Som Ludvik Botnen skreiv i nekrolo- gen om Gisle Dyvik i Firda Folkeblad, januar 1982: «Med rektor Dyvik er absolutt ein av dei mest Far til Herdis var den kjende rektoren Gisle Dyvik, på Florø realskole. Det finns enno mange i Forfattaren tek oss også med inn i det herskaplege huset i Michael Sarsgate 10, som i all Både Hjørdis og Gisle Dyvik hadde uvanlege evner innan mange ulike fagområde. Hjørdis var dugande, markante og allsidige personar her på staden borte.» sin kant av landet for å jobbe i denne vesle byen ved havet. Litt tilfeldig tek dei begge inn på gamle Florø Hotell. Så vart det bryllaup i 1926, eit år etter dei møttest. Og eventyret er ikkje ute før etter 124 sider – i 1981 og 1982, då begge dør med få vekers mellomrom, etter lang tids sjukdom. Boka er lagt opp som ei «eventyrforteljing» om to unge menneske, som kjem til Florø frå kvar Men boka er eigentleg inga eventyrforteljing, sjølv om livet ofte kan fortone seg slik.

«Det var en gang i en liten by ved havet» er ei svært open og frittalande bok om det verkelege livet til ein kjent familie som etablerte seg i Florø på 1920-talet, og budde og levde der i nesten 60 år.

back herdisD

 

Bokmelding: Knut Magnusssen

Bokmelding: "Frå min barndom - SJØLVOPPLEVD. Helsing Knut"

er tittelen på ei ny Florø-bok som som vart lansert 14. november. Knut Magnussen , utdanna lærar, og mangeårig journalist i avisa Firda, fortel frå sin barndom og oppvekst i småbyen Florø først på 1960-talet. Det er blitt 26 levande historier, sett gjennom auga til ein svært så aktiv og kreativ gut, og fortalt til lesaren med ein godt vaksen mann sin ettertanke. Det er historier frå kvardagsliv, arbeidsliv, høgtid og fest, fortalt på ein direkte og livsnær måte, med ein god snert av humor og mild ironi. Her vil både smilet og låtten sitte laust hos lesaren.

Forteljingane i boka har stått på trykk i avisa Firda for  15 - 16 år sidan, og Knut Magnussen er godt kjent som ein fengande god forteljar både munnleg og i avisspaltane. Men desse forteljingane fortener ein  lang meir verneverdig lagnad enn ei avisside som gjerne hamnar i papirdunken  dagen etter. Dette er beint fram også god kulturhistorie frå småbyen Florø på 1960-talet, fortalt gjennom opplevingane til ein gut som inn i mellom tøyer grensene litt ekstra, for å finne si rolle i dette tette og aktive oppvekstmiljøet. Lesaren får ei kjensle av at dette må vere ekte vare. Sjølv om det av og til går litt hardt for seg i den lokale barneverda, så er det likevel slik det var, enkelt og greitt. Kanskje det også er ein del uoppklara fantestrekar som kjem for ein dag, for dei som hugsar langt nok attende.

Den gongen var det ikkje så mykje anna underhaldning og moro enn det ein fann på sjølv.  I dag blir dei som veks opp bombardert med inntrykk og informasjon frå heile verda, og kan delta i eit hav av organiserte fritidstilbod - dei får knapt tid til å utforske sitt eige nærmiljø, skriv Knut i føreordet til boka. Dei treng ikkje lage sine eigne aktivitetar, og meistrar i altfor liten grad kunsten å finne på noko sjølv når dei kjedar seg. Sjølv hadde han sine tidlege barneår før fjernsynsskjermane flimra i alle stover, og då privatbilane knapt var synlege i gatebilde.

Boka er blitt ei unik samling knakande morosame historier, sette inn i ein kontekst med tydeleg moral, utan å moralisere. Dei karrikerande og viltre illustrasjonane av Arnstein Mygland understrekar boka sin uhøgtidlege og humoristiske stil. Vi finn og nokre tidsriktige svart/kvitt foto som viser korleis byen og gatebildet var rundt 1960. Dette vil nok bli ei bok til å legg under mange juletre, både i Florø og Førde - og der utflyttarar har slått seg ned elles i verda.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    Oddvar Isene

 

Knut Magnussen:

"Frå min barndom

SJØLVOPPLEVD. Helsing Knut"

Utgjeve i samarbeid med Flora Historielag, 2015

Grafisk produksjon og trykk: E. Natvik Prenteverk A/S, Florø

120 sider

Kr 298