Vedtekter for Flora Historielag
§ 1. Føremål med laget
Laget sitt føremål er å fremje interesse for og kunnskap om lokalhistorie og ættegransking i Flora kommune. Namnet på laget er Flora Historielag
§ 2. Arbeidsoppgåver
Flora Historielag skal:
- vere ein pådrivar for at kulturminne kan bli tekne vare på i sitt opphavlege miljø.
- ha som målsetting kvart år å gje ut minst eitt hefte med lokalhistorisk stoff.
- vere ein pådrivar for å få gitt ut lokalhistoriske bøker i Flora kommune – både allmennhistorisk, gardshistorisk og genealogisk.
- arbeide for elektronisk publisering av lokalhistorisk stoff frå Flora
- også arrangere møte, kurs og ekskursjonar, eller stå bak andre tiltak som tener laget sitt føremål.
§ 3.Organisering
Flora Historielag er ein open medlemsorganisasjon der interesserte kan vere med ved å betale kontingent. Kontingent vert fastsett av årsmøtet.
§ 4. Medlemskap
Alle medlemer som har betalt kontingent inneverande år, får tilsendt årsskriftet "Floraminne". Ektefeller/sambuarar betalar ein og ein halv kontingent, og får tilsendt eit eksemlar av årsskriftet. Medlemmer i historielaget har førsterett til å ta del i dei tiltaka laget står bak.
§ 5. Styre
Flora Historielag vert leia av eit styre på 5 medlemer. På årsmøtet står 2 styremedlemer på val kvart år, og blir valde for 2 år. Leiar vert vald særskilt for eitt år om gongen. Styret konstituerar seg sjølv ved val av kasserar og sekretær.
Styret har 2 varamedlemmer i nummerorden.
Styret vert kalla saman av leiaren og kan ta avgjerd når minst 3 medlemer er ti1 stades. Ved eventuelt likt røystetal, med 4 medlemmer til stades, tel leiaren si røyst dobbelt.
Styret kan setja ned nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver. Leiarar i slike nemnder har møterett i styret.
§ 6. Årsmøte
Høgste avgjerdsmakta i Flora Historielag ligg til årsmøtet, som vert halde kvart år i tida februar til april. Årsmøtet vert kalla inn av styret med ein innkallingsfrist på 3 veker. Innmeldte saker til årsmøtet, må vere styret i hende minst 14 dagar før møtet.
Årsmøtet handsamar:
- Val av møteleiar og referent, og 2 som skriv under møteprotokollen
- Styret si årsmelding
- Revidert rekneskap
- Innkomne framlegg og framlegg frå styret.
- Budsjett, med fastsetjing av kontingent.
Val av:
- Leiar, vald for eit år
- 2 styremedlemmer, valde for 2 år.
- 1 varamedlem til styret, vald for 2 år
- Revisor, med 1 vararepresentant
- Valkomité, med leiar og 2 medlemmer
Stemmereglar:
Årsmøtet er vedtaksført med det tal enkeltmedlemmer som møter. Røysterett har medlemmer som møter på årsmøtet, og har betalt kontingent. Vedtak vert fatta ved fleirtal, bortsett frå vedtektsendring, jfr. § 8. Dersom nokon krev det, skal det haldast skriftleg røysting.
§ 7. Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene skriftleg gjer krav om det. For saker og val gjeld same krav som til vanleg årsmøte.
§ 8. Endring av vedtektene
Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte. Endringsframlegg må vere framsett skriftleg seianst 2 veker før møtet.
§ 8. Oppløysing
Oppløysing av laget kan berre gjerast på to etterfølgiande årsmøte.
Ved ei oppløysing av laget, der arbeidet ikkje vert ført vidare med same formål i ein annan organisasjon, skal aktiva overførast til Flora kommune og nyttast til formål som samsvarar med § 1 i desse vedtektene.