Logg Inn

Aktuelt - kalender

  • Aktivitet Flora Historielag 2016
    Sjølv om dei sakene historielaget jobbar med gjennom året, ikkje alle er så synlege ute mellom medlemmene og i lokalmiljøet elles, så kan styret i lag...
  • HISTORIA OM FLORA Bind 2
    HISTORIA OM FLORA Bind 2 - er klar for marknaden Boka vart lansert på bokslepp i Flora samfunnshus 20. oktober, og skal igjen presenterast på Kystmuse...
  • Bokmelding: Knut Magnusssen
    Bokmelding: "Frå min barndom - SJØLVOPPLEVD. Helsing Knut" er tittelen på ei ny Florø-bok som som vart lansert 14. november. Knut Magnussen , utdanna...
Flora bd 2 framsideHISTORIA OM FLORA Bind 2 - er klar for marknaden

Boka vart lansert på bokslepp i Flora samfunnshus 20. oktober, og skal igjen presenterast på Kystmuseet under haustmøtet torsdag 17. november, der både forleggar og forfattar blir til stades.

Florahistoria  er ei såkalla allmennhistorie som framstiller utviklinga i lokalsamfunnet med brei pensel. Utgangspunktet for bind 2 er året 1860 då fylket fekk sin første by med bakgrunn i det rike sildefisket omkring Kinn midt på 1800-talet. Men kva skjedde då silda blei vekke, berre få år seinare? Og då ho kom tilbake i 1886? Flora-samfunnet har hatt oppturar og nedturar i takt med gode og dårlege åringar på havet, og det er naturleg nok eit gjennomgangstema i boka. Eit anna er forholdet mellom den veksande byen og landsbygda ikring. Flora var delt, både kulturelt, næringsmessig og administrativt mellom Florø og landkommunen Kinn, som i 1923 blei delt i tre mindre kommunar. Dette har gjeve tittelen til boka – Bymann og fiskarbonde.

Det at distriktet gjennom fleire tiår var delt i fire kommunar har gjeve historikaren mykje ekstraarbeid, men også høve til interessante samanlikningar. Korleis takla dei ulike kommunane krisetida i mellomkrigsåra for eksempel? Denne perioden var vanskeleg for alle, men berre Kinn kom under statleg administrasjon.

Eit stort spørsmål knytt til Florø si historie, er kvifor byen ikkje vart eit viktigare administrativt og kommersielt senter for fylket. Mange har peika på at byen mangla veg heilt til etter krigen, men det spela nok ei større rolle at Bergen lenge var svært dominerande i fylket, at Florø sitt omland var svært grisgrendt og at Måløy passerte Florø som fiskerisentrum i mellomkrigstida.

Bind 2 omhandlar perioden frå Florø blei grunnlagt i 1860 og fram til slutten av andre verdskrigen i 1945. Eigentleg skulle bind 2 dekke heile perioden opp til vår tid, men under arbeidet såg ein at dette vart eit svært stort og tungt bind. Som forfattaren sa under boksleppet: "Det vart i alle høve ingen sengelektyre". Saman med forlaget vart det teke avgjerd om å dele perioden på to bind. Bind 3, som skal handle om tida frå 1945 til 2017, vil komme alt neste haust.

Gaute Losnegård

"HISTORIA OM FLORA 2. Bymann og Fiskarbonde"

Utgjeve på Selja Forlag A.S. 2016

311 sider. Kr 398 

Floraminne 2016
Floraminne 2016
På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette

Les Meir...

Floraminne 2015
Floraminne 2015
Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og

Les Meir...

Floraminne 2014
Floraminne 2014
På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på

Les Meir...

Floraminne 2013
Floraminne 2013
Artikkel av Kolbjørn Nesje Nybø om restaureringa av Horneeigendommen. Dette prjosjektet fekk Flora kommune sin byggjepris i 2013. To jubileum er markerte med eigne artiklar. Kyrkja i Eikefjord er

Les Meir...

Floraminne 2012
Floraminne 2012
Den 12. utgåva av Floraminnet er blitt eit rikhaldig historisk dokument om livet i Flora i forrige hundreåret. Heftet inneheld heile 16 artiklar med forteljingar og historiske glimt frå først på

Les Meir...

Floraminne 2011
Floraminne 2011
Det store jubileumsåret 2010 (byen 150 år), skapte stor interesse for lokalhistoria til kommunen. Å få kjennskap til røtene våre var i vinden som aldri før, det viser mellom anna den veksande

Les Meir...

Floraminne 2010
Floraminne 2010
Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne

Les Meir...

Floraminne 2009
Floraminne 2009
Dette året kom den 9. utgåva av historielaget sitt årsskrift, igjen med eit unikt og variert innhald. Spennvidda er heilt frå dei rike sildeåra på 1860-talet til nyare tid, og Kinnaspelet sitt

Les Meir...

Floraminne 2008
Floraminne 2008
Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk

Les Meir...

Floraminne 2007
Floraminne 2007
"Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den

Les Meir...

Floraminne 2006
Floraminne 2006
Denne utgåva er prega av Anders Moen sitt storarbeid med å finne fram kven som budde i Florø då byen var fem år gamal i 1865. Det var 346 personar, og alle er kartlagde med foreldre, eventuelle

Les Meir...

Floraminne 2005
Floraminne 2005
    “Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905” av Bjørn Fjellheim“Då straumen kom til øyane i Kinn” av Turid Absalonsen Fimland “Tønneproduksjonen i Eikefjord” av Audun Hovland i samarbeid med Jostein

Les Meir...

Floraminne 2004
Floraminne 2004
“Fram gjennom byhistoria” av Alf Jansen og Kari-Ann Søreide“Illegalt arbeid under krigen” av Bjørn Faste Bjartmann“Den gløymde Florøavisa Søndfjord Avis” av Bjarte Sindre“Einar Hoidal” av Eli

Les Meir...

Floraminne 2003
Floraminne 2003
Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to

Les Meir...

Floraminne 2002
Floraminne 2002
"Gode lesar" av Harald J. Stavang"Flora Historielag" av Harald J. Stavang"Posten i eldre dagar" av Steinar Ytreland"Då dei skaut den siste bjørnen her i markane, – slik ho besta fortalde det"av

Les Meir...