A K T U E L T

  • Bokmelding: Knut Magnusssen
    Bokmelding: "Frå min barndom - SJØLVOPPLEVD. Helsing Knut" er tittelen på ei ny Florø-bok som som vart lansert 14. november. Knut Magnussen , utdanna...

Vedtekter for Flora Historielag

§ 1. Føremål med laget

Laget sitt føremål er å fremje interesse for og kunnskap om lokalhistorie og ættegransking i Flora kommune. Namnet på laget er Flora Historielag

§ 2. Arbeidsoppgåver

Flora Historielag skal:

  • vere ein pådrivar for at kulturminne kan bli tekne vare på i sitt opphavlege miljø.
  • ha som målsetting kvart år å gje ut minst eitt hefte med lokalhistorisk stoff.
  • vere ein pådrivar for å få gitt ut lokalhistoriske bøker i Flora kommune – både allmennhistorisk, gardshistorisk og genealogisk.
  • arbeide for elektronisk publisering av lokalhistorisk stoff frå Flora
  • også arrangere møte, kurs og ekskursjonar, eller stå bak andre tiltak som tener laget sitt føremål.
§ 3.Organisering

Flora Historielag er ein open medlemsorganisasjon der interesserte kan vere med ved å betale kontingent. Kontingent vert fastsett av årsmøtet.

§ 4. Medlemskap

Alle medlemer som har betalt kontingent inneverande år, får tilsendt årsskriftet "Floraminne". Ektefeller/sambuarar betalar ein og ein halv kontingent, og får tilsendt eit eksemlar av årsskriftet. Medlemmer i historielaget har førsterett til å ta del i dei tiltaka laget står bak.

§ 5. Styre

Flora Historielag vert leia av eit styre på 5 medlemer. På årsmøtet står 2 styremedlemer på val kvart år, og blir valde for 2 år. Leiar vert vald særskilt for eitt år om gongen. Styret konstituerar seg sjølv ved val av kasserar og sekretær.

Styret har 2 varamedlemmer i nummerorden.

Styret vert kalla saman av leiaren og kan ta avgjerd når minst 3 medlemer er ti1 stades. Ved eventuelt likt røystetal, med 4 medlemmer til stades, tel leiaren si røyst dobbelt.

Styret kan setja ned nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver. Leiarar i slike nemnder har møterett i styret.

§ 6. Årsmøte

Høgste avgjerdsmakta i Flora Historielag ligg til årsmøtet, som vert halde kvart år i tida februar til april. Årsmøtet vert kalla inn av styret med ein innkallingsfrist på  3 veker. Innmeldte saker til årsmøtet, må vere styret i hende minst 14 dagar før møtet.

Årsmøtet handsamar:
  • Val av møteleiar og referent, og 2 som skriv under møteprotokollen
  • Styret si årsmelding
  • Revidert rekneskap
  • Innkomne framlegg og framlegg frå styret.
  • Budsjett, med fastsetjing av kontingent.
Val av:
  • Leiar, vald for eit år
  • 2 styremedlemmer, valde for 2 år.
  • 1 varamedlem til styret, vald for 2 år
  • Revisor, med 1 vararepresentant
  • Valkomité, med leiar og 2 medlemmer
Stemmereglar:

Årsmøtet er vedtaksført med det tal enkeltmedlemmer som møter. Røysterett har medlemmer som møter på årsmøtet, og har betalt kontingent. Vedtak vert fatta ved fleirtal, bortsett frå vedtektsendring, jfr. § 8. Dersom nokon krev det, skal det haldast skriftleg røysting.

§ 7. Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene skriftleg gjer krav om det. For saker og val gjeld same krav som til vanleg årsmøte.

§ 8. Endring av vedtektene

Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte. Endringsframlegg må vere framsett skriftleg seianst 2 veker før møtet.

§ 8. Oppløysing

Oppløysing av laget kan berre gjerast på to etterfølgiande årsmøte.
Ved ei oppløysing av laget, der arbeidet ikkje vert ført vidare med same formål i ein annan organisasjon, skal aktiva overførast til Flora kommune og nyttast til formål som samsvarar med § 1 i desse vedtektene.

 

(Vedtekne på årsmøtet 27.02-2014)

 

Hei! Eg heiter Reidar og er Leiar i historielaget!

Som medlem får du Floraminne kvart år, verdi kr 225

Lat meg vise deg meir. . .

Eit smart val?

Delta på bok- og kinokveldar verdi kr 125, gratis for deg!

Vi samlar inn og utgir lokalhistorie!

Eg likar jo historie!

Historielelaget treng støtte for å gjere jobben!

Kven sit på kunnskap?

Eit viktig arbeid!

Floraminner er populære som gåver og for samlarar!

Kjøp tidligare utgåver...

Eg har fleire frå tidligare!

Kvar år gir vi ut minst eit nytt hefte!

Fin julegåve også!

Ikkje dumt!

Innmelding !

  • Floraminne 2017
    96 sider med lokalhistorisk dokumenta-sjon, portrett-intervju, bok-meldingar, bildestoff, m.m. Floraminne 2017 følgjer tradisjonen med svært variert lokalhistorisk stoff frå både nær og litt fjern fortid. 29 artiklar fortel om liv og levemåte for folk i det området som i dag er Flora Kommune, men som fram til 1964 omfa...
  • Floraminne 2016
    På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette årsskriftet. "Vi opplever at det er rikeleg historisk stoff å ause av i dette distriktet", skriv redaktør og skriftstyrelei...
  • Floraminne 2015
    Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og litt med røter attende til 1800-talet. Då det er 70 år sidan siste krig, og fredsåret 1945, er det eit særleg fokus på det s...
  • Floraminne 2014
    På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjekk føre seg i Sunnfjord. Odd Standal skriv om då Flora kommune vart til ved kommunesmanslåinga i 1964. Det er...
  • Floraminne 2013
    Artikkel av Kolbjørn Nesje Nybø om restaureringa av Horneeigendommen. Dette prjosjektet fekk Flora kommune sin byggjepris i 2013. To jubileum er markerte med eigne artiklar. Kyrkja i Eikefjord er 200 år, og det er i år 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. I den anledning er 2013 makert som ei nasjonalt språkår.Kven var d...
  • Floraminne 2012
    Den 12. utgåva av Floraminnet er blitt eit rikhaldig historisk dokument om livet i Flora i forrige hundreåret. Heftet inneheld heile 16 artiklar med forteljingar og historiske glimt frå først på 1900-talet til etter 2. verdskrig. Fleire artiklar handlar om hendingar og tilhøve under krigen. I artikkelen "Operation Bran...
  • Floraminne 2011
    Det store jubileumsåret 2010 (byen 150 år), skapte stor interesse for lokalhistoria til kommunen. Å få kjennskap til røtene våre var i vinden som aldri før, det viser mellom anna den veksande interessa for slektsgransking. Floraminne 2011 freistar å følgje opp denne interessa, med mykje kulturhistorisk stoff; frå Kinn...
  • Floraminne 2010
    Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne berre for Floraminne. Tidsskriftet er derfor alt blitt eit samleobjekt. Floraminne 2010 ber også preg av at byen Florø hadde...
  • Floraminne 2009
    Dette året kom den 9. utgåva av historielaget sitt årsskrift, igjen med eit unikt og variert innhald. Spennvidda er heilt frå dei rike sildeåra på 1860-talet til nyare tid, og Kinnaspelet sitt 25-årsjubileum. Mest er det likevel å lese om lokale hendingar frå første halvdel av 1900-talet, og særleg frå åra rett før og...
  • Floraminne 2008
    Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk kalla opp etter seg den vesle byen Fosston i Minnesota. Bjarte Sindre skriv om krigshelten Atle Svardal og dramatikken då...
  • Floraminne 2007
    "Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den neste tok føre seg "Inniby`n" frå gamle bygrensa, og i samband med Kinnaspelet vert det årevist gjennomført historiske vand...
  • Floraminne 2006
    Denne utgåva er prega av Anders Moen sitt storarbeid med å finne fram kven som budde i Florø då byen var fem år gamal i 1865. Det var 346 personar, og alle er kartlagde med foreldre, eventuelle ektefeller og barn. I tillegg er sokneprest Hans J.Blom og familien hans tekne med, saman med fire andre hushaldningar som er...
  • Floraminne 2005
    “Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905” av Bjørn Fjellheim“Då straumen kom til øyane i Kinn” av Turid Absalonsen Fimland “Tønneproduksjonen i Eikefjord” av Audun Hovland i samarbeid med Jostein Midtbø “lllegalt arbeid i Sogn og Fjordane 1940-45. Militær motstand. Englandsfart og skøytetrafikk” av Anne-Marie Lien Krosse...
  • Floraminne 2004
    “Fram gjennom byhistoria” av Alf Jansen og Kari-Ann Søreide“Illegalt arbeid under krigen” av Bjørn Faste Bjartmann“Den gløymde Florøavisa Søndfjord Avis” av Bjarte Sindre“Einar Hoidal” av Eli Bolette Høydal Tyvold
  • Floraminne 2003
    Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to permane, som dette året omslutta 80 sider med tekst og bilde. Ei kort oppsummering av innhaldet: “Batalden” av Trond Strømgre...
  • Floraminne 2002
    "Gode lesar" av Harald J. Stavang"Flora Historielag" av Harald J. Stavang"Posten i eldre dagar" av Steinar Ytreland"Då dei skaut den siste bjørnen her i markane, – slik ho besta fortalde det"av Fridtjov Urdal"Med robåt til Risøya i 1933" av Bjørn Faste Bjartman"Risøya" av Harald J. Stavang"Tre stiloppgåver" fortel om d...
  • Floraminne 2001
    "Gode lesar" av Harald J. Stavang. "Flora Historielag" av Harald J. Stavang. "Då bjørnen herja" av Jostein Midbø. “Litt om far” av Einar Seim og broeren Harald, og om eigne barne- og ungdomsår på Kinn Kjartan Seim. "Min barndoms Hesteneset leikar/fritidssyslar" av Turid Absalonsen Fimland. Christoffer L. Berg av Bjarte...