Velkommen til Flora Historielag si heimeside!

Heimesida skal vise fram kva historielaget er og kva laget steller med. Vi vonar at dette også kan gje idear og inspirasjon for dei som leitar etter informasjon om Florahistoria. Sit du på opplyningar som du gjerne vil dele med andre, så ta kontakt. Difor legg vi opp til at det skal vere lett å kome i kontakt med oss, også gjennom nettsida. Bruk gjerne dei kontakskjemaene som ligg på sida. Sjå også innom kallendaren vår,
ved å klikke på A K T U EL T. Der finn du historielaget sin aktivitet framover, og andre tillstellingar som historielaget samarbeider om.

Sjølv om nettsida er i stadig utvikling, så er ikkje alt oppdatert til ei kvar tid. Flora Historielag er ein frivillig organisasjon der all aktivitet blir drive på dugnad. Difor kan ting ta litt tid, særleg når andre oppgåver må prioriterast. Men viktige opplysningar blir prioritert. Vi satsar og særleg på presentasjonen av det lokalhistoriske stoffet vi arbeider med, mellom anna ei relativt fyldig omtale av årsskriftet "Floraminne", der historielaget i år kjem med det 17. hefte. Desse årsskrifta er ei "gullgruve" for dei som er interessert i byen og kommunen si historie. Vi satsar og breidt når det gjeld bildemateriale, og vil etter som vi får tid og høve bygge opp eit arkiv av gamle bilde. Etter kvart kan det også kome lokalhistoriske artiklar og kommentarar. I utgangspunktet er det på nettsida mindre krav til stoffet og bakgrunnsmaterialet enn det som blir trykt i publikasjoner, t.d. "Floraminne", men sjølvsagt set vi også her høge krav til at dei historiske kjeldene, mest mogleg fortel sanninga. Digitale media har i så måte visse fordelar framfor trykte hefter og bøker, på nettsida kan vi redigere og justere tekst etterkvart som kjeldene og dokumentasjon blir innhenta, med rom for til dømes kommentarfelt og diskusjonar. Difor vonar vi på sterkt engasjement frå personar som er godt inne i lokalhistoria, eller kanskje sjølve har vore nær på hendingane vi fortel om.

Vel møtt i eit lokalhistorisk fellesskap!

Vi har også oppretta ny Facebookside: Følg med på siste nytt. Her kan du også komme med tilbakemeldingar til Historielaget.