Laget sitt føremål:

Flora Historielag sitt føremål er å fremje interesse og kunnskap om lokalhistorie og ættegransking i Flora kommune.

  • Laget skal likeeins vere ein pådrivar for at kulturminne skal bli tekne vare på i sitt opphavelege miljø.
  • Planen og målet er at laget kvart år gjev ut minst eitt hefte med lokalhistorisk stoff.
  • Vidare vil laget også arrangere møte, kurs og ekskursjonar, eller stå bak andre tiltak som tener føremålet.
  • Laget skal vere ein pådrivar for å få gitt ut lokalhistoriske bøker i Flora kommune, og skal likeeins arbeide for elektronisk publisering av lokalhistorisk stoff.