Floraminne 2010

fm 2010

Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne berre for Floraminne. Tidsskriftet er derfor alt blitt eit samleobjekt. 

Floraminne 2010 ber også preg av at byen Florø hadde 150 års jubileum dette året. Byen og sentrum i Flora kommune har fått stor plass. Harald J. Stavang let oss bli kjende med Jens Helmers, mannen som gav grunn til byen, og tomter til dei som kom og ville busetje seg her. Kolbjørn Nybø skriv om Florø by og den første byplanen, og fortel om det praktiske arbeidet med å planlegge byen. Byplanleggar Birger Hielm måtte bestemme grunnforma på den nye byen. Kva for utfordringar sto han ovanfor då han skulle måle opp, legge kvartal og bestemme hushøgder? Kvifor let han Strandgata få ein knekk ved Trovikkvartalet?  Eit stykke interessant Florahistorie. Edvin helgheim fortel i tekst og bilde om sjølve jubileumsfeiringa, mellom anna der 1300 ungar var samla i den nye storhallen ved Idrettssenteret og Vidaregåande skule. På dei andre 96 sidene finn du mange glimt frå kvardagsliv og fest gjennom byen si 150 årige historie. 

Årsskriftet avsluttar med minneord om fiskarbonden, trubaduren og forfattaren Malvin Toft som døydde på seinsommaren dette året. 5 - 6 bøker hadde han gjeve ut på sine gamle dagar, etter at helsa skranta tidleg på 80-talet. Nokre av bøkene var han åleine om, andre var saman med andre forfattarar. Han vart 76 år. Minneordet er skrive av Harald J. Stavang. 

Omslagsbilde dette året er eit måleri av Amadeus Nielsen som laga ein god del skisser frå tida kring byetableringa. Motivet er utsikt vestover frå Helmersgarden. Vi ser bygningar langs stranda kring 1860. Nederst til høgre taket på Helmers si sjøbu, som i dag er Stenseth-bua.

Floraminne 2009

fm 2009Dette året kom den 9. utgåva av historielaget sitt årsskrift, igjen med eit unikt og variert innhald. Spennvidda er heilt frå dei rike sildeåra på 1860-talet til nyare tid, og Kinnaspelet sitt 25-årsjubileum. Mest er det likevel å lese om lokale hendingar frå første halvdel av 1900-talet, og særleg frå åra rett før og under 2. verdskrig. Vi kan lese om handelsskipet MS "Welheim" som i 1944 vart senka aust for Tansøya. Med bakgrunn i ei aprilspøk, planta av Flora Froskemannsklubb i 2007, får Alf Jansen kontakt med einaste attlevande matros frå "Welheim", Manfred Hassel. Hassel segla på tyske handelsskip under heile krigen, og skreiv dagbok om sine mange dramatsike opplevingar.

Harald J. Stavang skriv om det kaotiske tilbaketoget etter kampane i Norge våren 1940, om stølsliv i Klauene i gamle dagar, om sildefisket med fiskedampbåten "Havsulen", og om Middelskulen i Florø som starta i 1903.

Grethe Stavø fortel i ord og bilde frå Kinnaspelet si 25-årige historie, og Reidar Brandsberg skriv om Sildefisket vest om Florø på 1860-talet.  Heftet har og med fleire mindre artiklar om daglegliv og hendingar opp gjennom tida. Torleif Reksten skriv om Reksta skule, og om "Russeleiren" under krigen. Leif Stavøstrand foretel om "Varghytta" på Løkkebø. Bjarte Sindre skriv om Gartneriet Von, og om fotografen Steinkopf Wold frå Stavanger, som har laga fleire postkort med motiv frå Førdefjorden og Ytre Sunnfjord. Steinar Ytreland fortel om to store varemesser i Sunnfjord på 1930-tallet, den eine i Førde i 1930, og den andre i Florø i 1935. Dette var eit fellestiltak for heile Sunnfjord, og artikkelen er eit interessant historisk dokument som vitnar om godt samarbeid i regionen på den tida.

Framsidebilde er frå urpremieren til Kinnaspelet i 1985. Fotograf Frode Klokkernes.

 

 

 

Floraminne 2008

Gå til Floraminne 2008
Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk kalla opp etter seg den vesle byen Fosston i Minnesota.

Bjarte Sindre skriv om krigshelten Atle Svardal og dramatikken då han fall i kamp med tyske soldatar ovanfor Breivika 15. mars 1945. Jonsokbåla og konkurransen mellom Utiby’narane og Inniby’narane, er Florø-historie på det meir artige planet, fortalt av Bente Nygård i ei oppgåve i etnologi på Universitetet. Are Svardal fortel i personleg stil om hamna i Florø, mellom anna frå den til dels kaotiske sildetida på 50-talet. Den allsidige og fantasirike forretningsmannen Olav Sande er omtala på åtte-ni sider med diverse illustrasjonar, ført i pennen av Harald J. Stavang.

Gaute Losnegård tek oss med attende til 1700-talet og det eldste skuleverket i Kinn prestegjeld, til dei borkebrødstider då det mellom folket rådde «Beklagelig Lamentation og Bedrøvelse», som det heitte i dåtida si språkdrakt. Grethe Stavø tek for seg fattigstellet i Florø i andre halvdel av 1800-talet, i artikkelen "At synke ned i fattigdom...". Det var i dei tider ein skilde mellom «verdige» og «uverdige fattige». Det å «falle andre til byrde» vart ikkje sett på med heilt blide auge. Ein såg helst at dei flytte frå byen og landet. Bjørn Faste Bjartmann skriv om far sin, Nils Liset, som var ein allsidig og dugande person, både som lærar, skulestyrar og musikar. 

Framsida til «Flora-minne» 2008 viser ytre Strandgata frå det som i dag er «Trovikbakken» og vestover.

Floraminne 2007

fm 2007"Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den neste tok føre seg "Inniby`n" frå gamle bygrensa, og i samband med Kinnaspelet vert det årevist gjennomført historiske vandringar", skriv skriftstyreleiar, Harald J. Stavang, i føreordet til den sjuande utgåva av Floraminne. Han fortel og at historielaget dette året har arrangert kurs i slektsgransking, med særlig vekt på å bruke internett som verkty. Han oppmodar elles lesarane om å leite fram gamle bilde, artiklar og anna stoff som kan høve i årsskriftet, for å gjere Floraminne endå meir variert, og då til større glede for både lesarane og dei som arbeider med å gje det ut. 

I dette årsskriftet finn vi 4 artiklar med tilbakeblikk på livet i Florø og distriktet, gjennom dei første 100 åra av byen si historie. I tillegg eit par sider med klipp frå Nordre Bergenhus Amtstidende, årgang 1902.

Are Svardal fortel om oppveksten i Florø og på Husefest i åra før og under krigen. Her får vi møte mange både kjende og meir ukjende menn og kvinner som har sett sitt preg på historia i byen. 

Jostein Midtbø fortel om Rakel i Vikå (Rakel Kalsvik) fødd i Nordalsfjorden i 1861, og gift med odelsguten Mathias Kalsvik i Eikefjord. Ho var ei av desse sterke kvinnene som ikkje gjekk av vegen for å ta eit tak når livet butta i mot. Berre 15 år fekk dei leve saman før ho vart enke. Då hadde ho fødd 9 born, og ingen av dei var rett vaksne då Mathias døydde. Trass i eigen skrøpelege fysikk og skarantande helse, greidde ho med sin indre styrke og gode kløkt å fostre opp alle dei ni borna, i tillegg til ein "fostergut" som familien tok til seg 2 år gamal.

Grethe Stavø skriv om Olaus Lind - den første magistraten i Florø. Han vart tilsett som lensmann og magistrat i 1861, då Florø vart ladested (by). Stillinga som magistrat kan samnliknast med både borgarmeister, rådmann og byfogd i ei og same stilling. Når han då i tillegg var lensmann, forstår vi at han var ein svært sentral person i Florø fram til århundreskiftet. Han døydde i 1902.

Nils Steinar Våge samanliknar Florø og Lillestrøm, to byar med røter i 1860-åra. Her finn vi mange interessante historiske opplysningar om begge byane. Men det er to byar med svært ulike utviklingstrekk, samstundes som ein og kan finne likskapar på nokre felt.

Framsidebilete viser lensmann Hatlem si hytte, som låg ved Storevatnet, nord for bekken som renn ned frå Litkjevatnet. Bustadhuset sitt hadde han i Hans Blomgata - dei hadde ikkje lang veg til hyttene sine, nokre av Florøborgarane på den tida.

 

 

Floraminne 2006

fm 2006

Denne utgåva er prega av Anders Moen sitt storarbeid med å finne fram kven som budde i Florø då byen var fem år gamal i 1865. Det var 346 personar, og alle er kartlagde med foreldre, eventuelle ektefeller og barn. I tillegg er sokneprest Hans J.Blom og familien hans tekne med, saman med fire andre hushaldningar som er registrerte i Florø.

Leiar i skriftstyret, Jostein Midtbø, skriv i føreordet at detaljar ofte er interessante. Yrkeslista viser at byen på den tid hadde ein gardbrukar (Jens Helmers), ein jekteskipper, ein smed, ein ølbryggar, ein prest, ein rokar, ein sakførar, ein telegrafist, men heile 12 handelsmenn, for å nemne nokre av yrka som var etablerte i den nye byen. Han meiner at dette årsskriftet kort og godt er eit oppslagsverk som vil kome til nytte, ikkje minst for dei som ønskjer å leite etter slektsrøter mellom dei første borgarane i Florø. Han skriv og at historielaget dette året engasjerte seg ein del i arbeidet med å få sett i gang arbeid med eit større historieverk/bysoge i høve 150-årsjubileet i 2010.

Floraminne 2005

  • Gå til Floraminne 2005
    “Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905” av Bjørn Fjellheim
    “Då straumen kom til øyane i Kinn” av Turid Absalonsen Fimland
    “Tønneproduksjonen i Eikefjord” av Audun Hovland i samarbeid med Jostein Midtbø
    “lllegalt arbeid i Sogn og Fjordane 1940-45. Militær motstand. Englandsfart og skøytetrafikk” av Anne-Marie Lien Krossen
    "Dovne Florøianere på “Fjøsø” – øen med de mange fjøs" av Steinar Ytreland
    “Ole Olaisen Ohnstad og unionsoppløsningen” av Bjørn Faste Bjartmann
    “Årebrot og skogsdrift i Uradalen” av Harald J. Stavang.

Floraminne 2004

Gå til Floraminne 2004
“Fram gjennom byhistoria” av Alf Jansen og Kari-Ann Søreide
“Illegalt arbeid under krigen” av Bjørn Faste Bjartmann
“Den gløymde Florøavisa Søndfjord Avis” av Bjarte Sindre
“Einar Hoidal” av Eli Bolette Høydal Tyvold

Floraminne 2003

Gå til Floraminne 2003Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to permane, som dette året omslutta 80 sider med tekst og bilde.  

Ei kort oppsummering av innhaldet:

“Batalden” av Trond Strømgren  Ei historisk reise frå den tida folk busette seg på Batalden og fram til i dag. Om folkelivet, næringsgrunnlaget, fiske og fangst, båtbygging, forlis, utvandringa til Amerika og om livet på øya under krigen.

“Svanøy Gruber” av Eva S. Svanøe  Historia om den etter måten stutte perioden det var gruvedrift på Svanøy. I tre korte peiodar mellom 1860 og 1920 vart der drive ut koparhaldig svovelkis på øya.

“Motorbåtstemnet” av Steinar Ytreland  Frå den store internasjonale motorbåtregattaen i august 1913. Det var det største motorbåtstevnet som var avholdt i Skandinavia

“Brevhuset Uren” av Bjarte Sindre  Om brevhuset i Uravika si korte historie frå 1909 til 1924.  

“Krig” av Bjørn Faste Bjartmann  Ei forteljing om då krigen kom til Florø våren 1940

“Då eg begynte i Losjen” av Bjørn Faste Bjartmann  Historier frå livet i Florø under krigen.
“Fotballpioneren frå Kinn” av Rolf Orheim  Historia om Albert Karlsen frå Kinn, som spelte på fleire fotballklubbar i England, og kom tilbake og vekte interessa for fotball i Florø
“Hjemreisen fra Amerika” av Anders S. Knapstad og Harald J. Stavang. Frå dagboka til Anders Knapstad, der han fortel om heimreisa til Norge i 1909, frå Stillehavskysten i Amerika.
“Friluftsliv i gamle Florø” av Harald J. Stavang  Om turliv og hytteliv i fjellheimen nord og aust for Florø først på 1900-talet 

“Bru kommune” av Harald J. Stavang  Den 43-årige historia om Bru kommune, som vart utskilt frå Kinn i 1921 - ein kommune heilt utan eit kommunesenter, og der heile dagen gjekk med  til kommunestyremøta 

Floraminne 2002

Gå til Floraminne 2002
"Gode lesar" av Harald J. Stavang
"Flora Historielag" av Harald J. Stavang
"Posten i eldre dagar" av Steinar Ytreland
"Då dei skaut den siste bjørnen her i markane, – slik ho besta fortalde det"av Fridtjov Urdal
"Med robåt til Risøya i 1933" av Bjørn Faste Bjartman
"Risøya" av Harald J. Stavang
"Tre stiloppgåver" fortel om det å reise i byrjinga av 1900-talet av Bjørn Fjellheim
"Gryta hennar mor" av Turid Absalonsen Fimland
"Nytt skulehus og 17. maifeiring på Øyrabakken" av Jostein Midtbø
"Tre i Florø" – Florø treplantningsselskabs historie av Asbjørn Nybø