Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

Floraminne 2016

fm 2016På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette  årsskriftet. 

"Vi  opplever at det er rikeleg historisk stoff å ause av i dette distriktet", skriv redaktør og skriftstyreleiar Oddvar Isene i føreordet.

"Floraminne" si oppgåve og målsetting er i utgangspunktet å dokumentere lokalhistoria  for ettertida. Kanskje like viktig som skriftleg kjeldemateriale, er det å snakke med dei eldste mellom oss , som enno kan fortelje om sitt kvardagsliv slik dei opplevde det, levande og enkelt. I dette Floraminne finn vi fleire portrettintervju  med eldre personar som fortel frå sine liv, sitt yrke, sin hobby og sitt samfunnsengasjement.  Dei var mest vanlege folk, men likevel har dei sett spor etter seg, på sin måte i lokalmiljøet..

Årsskriftet har og meir fagleg historisk stoff, slikt som kan dokumenterast gjennom relativt pålitelege kjelder. Bjarte Sindre skriv om kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø, og dei kommunale "Sundhedscommissionene" på 1800-talet. Han skriv og om illegale aviser under krigen, og om Frelsesarme-speidarane  i Florø. Harald J. Stavang skriv om det eldste huset som var i Florø, fram til det vart rive i 1960, og som skulle bli bymuseum. Hallgerd Frøyen skriv om "fletføringen" Andreas Vågane som døydde på Nybø Gard i 1912. "Fletføring", var ei fleire hundre år gamal "pensjonsordning" knytta til bondesamfunnet. Ordninga vart avskaffa så seint som i 1963. Kolbjørn Nesje Nybø skriv om Kinnakyrkja og sola - om forskning, tru og tvil, rundt segner og helgendyrking, som knyter seg til kyrkja på Kinn. Magnus Helge Torvanger skriv om Einar Seim, bonden og vismannen på Kinn, ein tenkjande steinarbeidar, som mellom anna samla ordtak og omsette koranen til nynorsk. Brynjar Svardal har omsett frå engesk ei forteljing frå sommaren1895 om laksefiskarar frå England, som vitja Svardalsvassdraget og fekk oppleve den norske naturen og bygdekulturen tett på. Dette for å nemne noko av det interessante stoffet, utanom portrettintervjua og bokmeldingane. Det er og gjeve stor plass til bildestoff i årsskriftet, både gamle og relativt nye bilde, som og er viktige informasjonsberarar - ofte meir enn mange ord.

Prisen på Floraminne 2016 er kr 225,-