fm 2014

På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjekk føre seg i Sunnfjord. Odd Standal skriv om då Flora kommune vart til ved kommunesmanslåinga i 1964. Det er 80 år sidan første byggesteget ved Florø folkeskole (Florø barneskole) vart teke i bruk. Reidun Byrkjeland som var elev ved skulen frå 1956 til 1963, og seinare lærar i 40 år ved same skule, fortel frå opplevingar ho har hatt gjennom åra. Ho går også gjennom heile skulen si 80-årige historie relativt detaljert. Eit klassebilde for kvart tiår, representerar alle elevane som har gått på skulen.

"Hermetikken" har endeleg fått sin artikkel i Floraminne. På det meste hadde 150 menneske arbeidet sitt her, i ei tid då folketalet var berre 1000 i kommunen. Rundt 40 000 øskjer sardiner pr. dag kunne bli produserte på fabrikken i Havreneset. Dette var under 1. verdskrigen, og trongen for hermetikk til skyttargravene i Europa var enorm. Det er Harald J. Stavang som har grave i denne historia.

Elles kan vi lese om kjende folk frå kommunen, og finne stoff om hus og verksemder som er borte.

Omslagsbilde er eit måleri av Harald Seim, med motiv frå Storevatnet. Bildet er truleg måla under, eller rett etter 2. verdskrig.