Floraminne 2015

fm 2015

Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og litt med røter attende til 1800-talet. Då det er 70 år sidan siste krig, og fredsåret 1945, er det eit særleg fokus på det som skjedde her på kysten i siste fase av krigen. Mykje av det som skjedde akkurat her, hadde eit internasjonalt og storpolitisk perspektiv, truleg større enn det som til no er skrive inn i den norske krigshistoria. Fleire av artiklane i dette årsskriftet handlar om dei hemmelege agentane som stod bak dei illegale radiostasjonane i vårt distrikt. Med bakgrunn i denne aktiviteten har Flora Historielag teke initiativet til ein TV-serie om desse "Kystagentane". Målet er at denne kan bli realisert til 75-års jubileet for freden, i 2020.

Også dette Floraminne har leita fram både kjende og mindre kjende personar som har vore med på å fargelegge den lokale historia gjennom tida.  9 artikkelforfattarar har gjennom 30 artiklar over 96 sider, skrive om små og store hendingar som gjev oss nokre glimt frå lokalsamfunnet vårt, slik det eingong var. Det er dette samfunnet vi byggjer vidare på i notid og framtid. 

Prisen på Floraminne 2015 er kr 220,-