Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

Floraminne 2012

fm 2012Den 12. utgåva av Floraminnet er blitt eit rikhaldig historisk dokument om livet i Flora i forrige hundreåret. Heftet inneheld heile 16 artiklar med forteljingar og historiske glimt frå først på 1900-talet til etter 2. verdskrig. Fleire artiklar handlar om hendingar og tilhøve under krigen. I artikkelen "Operation Brandy" har Kim Gunnar Jensen skrive om senkinga av det tyske lasteskipet D/S Optima på Flora hamn i 1943, og følgjene dette fekk, eksempelvis kva som skjedde etter at MTB 631 gjekk på grunn under dette angrepet. Bildematerialet er unikt, fleire bilde er frå tyske privatpersonar eller arkiv, og har ikkje vore publiserte før.

Du vil finne fleire artiklar om korleis det var å vere barn og ungdom i Flora utover på 1900-talet. Bjarne Sunde skriv om det å ver barn først i hundreåret, då det var berre fire gater i Florø. Markegata vart kalla Mellomgata, og Hans Blomgata, "den øverste gata". Bjørg Nesje Nybø fortel om oppvekst på Nybø rundt 1920, og Knut Magnussen fortel om ungdommelege geriljaåtak på heimevernet på Lindmarka.

Også dette året får vi lese om kjende Florafolk; Ruth Liset blir presentert. Ein serie som blir vidareført er rammetakstane frå eit bestemt år, i form av notisar frå Firda Folkeblad. Året er 1947, 2. etterkrigsåret, prega av rasjonering og mangel på alt. Rettsoppgjeret opptek mange. 

For å sikre seg kunnskap om tidlegare tider, har Flora Historielag intervjua eldre personar i kommunen. Dette som ein del av eit tidsvitne-prosjekt. Dette året vart Harald Halvorsen presentert som den første i Floraminne. Han var lege i kommunen gjennom 34 år.