fm 2010

Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne berre for Floraminne. Tidsskriftet er derfor alt blitt eit samleobjekt. 

Floraminne 2010 ber også preg av at byen Florø hadde 150 års jubileum dette året. Byen og sentrum i Flora kommune har fått stor plass. Harald J. Stavang let oss bli kjende med Jens Helmers, mannen som gav grunn til byen, og tomter til dei som kom og ville busetje seg her. Kolbjørn Nybø skriv om Florø by og den første byplanen, og fortel om det praktiske arbeidet med å planlegge byen. Byplanleggar Birger Hielm måtte bestemme grunnforma på den nye byen. Kva for utfordringar sto han ovanfor då han skulle måle opp, legge kvartal og bestemme hushøgder? Kvifor let han Strandgata få ein knekk ved Trovikkvartalet?  Eit stykke interessant Florahistorie. Edvin helgheim fortel i tekst og bilde om sjølve jubileumsfeiringa, mellom anna der 1300 ungar var samla i den nye storhallen ved Idrettssenteret og Vidaregåande skule. På dei andre 96 sidene finn du mange glimt frå kvardagsliv og fest gjennom byen si 150 årige historie. 

Årsskriftet avsluttar med minneord om fiskarbonden, trubaduren og forfattaren Malvin Toft som døydde på seinsommaren dette året. 5 - 6 bøker hadde han gjeve ut på sine gamle dagar, etter at helsa skranta tidleg på 80-talet. Nokre av bøkene var han åleine om, andre var saman med andre forfattarar. Han vart 76 år. Minneordet er skrive av Harald J. Stavang. 

Omslagsbilde dette året er eit måleri av Amadeus Nielsen som laga ein god del skisser frå tida kring byetableringa. Motivet er utsikt vestover frå Helmersgarden. Vi ser bygningar langs stranda kring 1860. Nederst til høgre taket på Helmers si sjøbu, som i dag er Stenseth-bua.