Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

Floraminne 2007

fm 2007"Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den neste tok føre seg "Inniby`n" frå gamle bygrensa, og i samband med Kinnaspelet vert det årevist gjennomført historiske vandringar", skriv skriftstyreleiar, Harald J. Stavang, i føreordet til den sjuande utgåva av Floraminne. Han fortel og at historielaget dette året har arrangert kurs i slektsgransking, med særlig vekt på å bruke internett som verkty. Han oppmodar elles lesarane om å leite fram gamle bilde, artiklar og anna stoff som kan høve i årsskriftet, for å gjere Floraminne endå meir variert, og då til større glede for både lesarane og dei som arbeider med å gje det ut. 

I dette årsskriftet finn vi 4 artiklar med tilbakeblikk på livet i Florø og distriktet, gjennom dei første 100 åra av byen si historie. I tillegg eit par sider med klipp frå Nordre Bergenhus Amtstidende, årgang 1902.

Are Svardal fortel om oppveksten i Florø og på Husefest i åra før og under krigen. Her får vi møte mange både kjende og meir ukjende menn og kvinner som har sett sitt preg på historia i byen. 

Jostein Midtbø fortel om Rakel i Vikå (Rakel Kalsvik) fødd i Nordalsfjorden i 1861, og gift med odelsguten Mathias Kalsvik i Eikefjord. Ho var ei av desse sterke kvinnene som ikkje gjekk av vegen for å ta eit tak når livet butta i mot. Berre 15 år fekk dei leve saman før ho vart enke. Då hadde ho fødd 9 born, og ingen av dei var rett vaksne då Mathias døydde. Trass i eigen skrøpelege fysikk og skarantande helse, greidde ho med sin indre styrke og gode kløkt å fostre opp alle dei ni borna, i tillegg til ein "fostergut" som familien tok til seg 2 år gamal.

Grethe Stavø skriv om Olaus Lind - den første magistraten i Florø. Han vart tilsett som lensmann og magistrat i 1861, då Florø vart ladested (by). Stillinga som magistrat kan samnliknast med både borgarmeister, rådmann og byfogd i ei og same stilling. Når han då i tillegg var lensmann, forstår vi at han var ein svært sentral person i Florø fram til århundreskiftet. Han døydde i 1902.

Nils Steinar Våge samanliknar Florø og Lillestrøm, to byar med røter i 1860-åra. Her finn vi mange interessante historiske opplysningar om begge byane. Men det er to byar med svært ulike utviklingstrekk, samstundes som ein og kan finne likskapar på nokre felt.

Framsidebilete viser lensmann Hatlem si hytte, som låg ved Storevatnet, nord for bekken som renn ned frå Litkjevatnet. Bustadhuset sitt hadde han i Hans Blomgata - dei hadde ikkje lang veg til hyttene sine, nokre av Florøborgarane på den tida.