Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

Floraminne 2019

fm 2017

Floraminne 2019 er ute i handelen 15. november. Dette årsskriftet er 19. utgåva etter starten i 2001, og følgjer tradisjonen gjennom åra med variert lokalhistorisk stoff, og både nye og gamle historiske bilde. Innhaldet fordelar seg over 96 sider og 17 relativt lange artiklar. Eit skriftstyre på 6 personar og 8 andre skribentar har levert stoff. Omslagsbildet er måla av Kjartan Godø,og har tittelen "Florøsjela".

Av innhaldet nemner vi mellom anna:

Ein artikkel om vitskapsmannen og friluftsmenneske Reidar Nydal, som var frå Brandsøy. Som professor ved NTH, vart han internasjonalt kjend for si forsking på, og utviklinga av dateringsmetoden C14. - Og han bygde sin eigen havgåande kajakk. Artikkelen er skriven av Odd Standal, pensjonert lektor på Flora Vidaregåande skole, og medlem av skriftstyre.

Pensjonert lærar og medlem av skriftstyret, Grethe Stavø, har skrive om "Framande fuglar i Florø", ei forteljing om splinteparet Fredrikka og Adolf Olsen, og sonen Oluf, som kom til Florø ein gong på 1920-talet. Dei kom frå eit omflakkande og vanskeleg liv, med statleg forfølging og overgrep. Fredrikka hadde fødd 11 barn - berre Oluf hadde ho attende og med seg. Dei andre var tekne ifrå henne.

Journalist Harald J. Stavang skriv om "Skyssbåtmannen Nils Hovland" som i over eit halvt hundreår var skysskar for både doktor og prest, folk flest og dei som trong han mest. Alle sjøfarande og strandbuande frå Bulandet til Nordfjord, kjende Hovland og båtane hans. Det var ikkje vêr som hindra han når liv eller helse stod på spel.

Redaktør for Floraminne, Oddvar Isene, har intervjua drosjesjåfør Arthur Andersen som i 1968 hadde ein uvanleg drosjetur til det området i Havreneset som var regulert til flyplass. Ein flygar og ein overingeniør var passasjerar i drosjen. Dei skulle på synfaring - men ingen i kommunen visste om dette. Kan hende skapte denne drosjeturen lokalhistorie - I alle fall kom flyplassen på plass, i rekordfart berre tre år etter, men ikkje der den var tenkt og planlagt frå kommunen si side.

Tidlegare rektor på Flora vidaregåande skole, og forfattar Bjarte Sindre har skrive om "Kinnesund fyr og Leonard Hess". Leonard Hess var einaste fyrvaktar i heile fyret si levetid, i 46 år. Han pensjonerte seg først i 1913, då han vart 75 år, og fyret vart lagt ned. Sjølve fyret vart demontert og sett opp på Bryggehågjen like nord for kaia på Kinn.