Floraminne 2020

fm 2020Av innhaldet:

  • Trovikkvartalet - husa som fortel byhistorie / av Grethe Stavø.
  • En tur i ytre Strandgata i 1951 / av Trygve Nybø.
  • Med klokker i 122 år / av Oddvar Isene.
  • Bestefars barndom / av Thor Asgeir Johannessen,
  • Jubinal Angell-Jacobsen - startet gullsmedbutikken i rådhuset / av Beate Kjøsnes.
  • Patent-Olsen - frå Tyvågen til Tønnekommisjonen / av Odd Standal.
  • Stor ståhei for ingenting - Fra Flora til Flora til Florøy og tilbake til Florø / av Bjørg Mikalsen.
  • Spanskesjuka i Kinn lægedistrikt / av Odd Standal.
  • Om Arvid Birger Vassbotten / av Odd Standal.
  • Andreas Hesjedal fall for fedrelandet 1945 / av Odd Standal.
  • Eit avisordskifte om tyske gloser og konfirmasjon / av Odd Standal.
  • Agenten som blei stempla som angjevar - Historia om Jonlea Nordal / av Grethe Stavø.
  • MTB-grunnstøtinga ved Botnaneset i 1943. Historia om Hilmar og Jens / av Lea Rognaldsen Knapstad.
  • Ein nittiåring ser tilbake - Livet under krigen - på Russøy i Batalden / Knut Kristiansen.
  • Kinnakyrkja er restaurert - Ei storhending i havgapet og kulturmiinnevernet / av Ingeborg Magerøy og Harald Ibenholt.
  • Kyrkjebyggjarane - Restaurering av Kinn kyrkje / av Edvin Helgheim.
  • Lektoriet i Kinnakyrkja / av Torleif Reksten. - Orgela i Kinnakyrkja / av Torleif Reksten.
  • Brannalarmen i Florø / av Hein B. Bjerck. - Coop i Florø - i eige hus etter 75 år / av Oddvar Isene.
  • Juditta i Trea - og åkleet ho vov. Frå ei tid med sjølvberging som levemåte / av Gunvor Dagny Berge.
  • En oppvekst i Florø 1945-1958 / av Jan Foss Iversen.
  • Lær byen din å kjenne. Gatenamn i Florø / av Grethe Stavø.
  • Historia om Televerket på Kinn. Linkstastasjonen viktig både for telefon og TV / av Asbjørn Rakvaag.

Floraminne 2019

fm 2017

Floraminne 2019 er ute i handelen 15. november. Dette årsskriftet er 19. utgåva etter starten i 2001, og følgjer tradisjonen gjennom åra med variert lokalhistorisk stoff, og både nye og gamle historiske bilde. Innhaldet fordelar seg over 96 sider og 17 relativt lange artiklar. Eit skriftstyre på 6 personar og 8 andre skribentar har levert stoff. Omslagsbildet er måla av Kjartan Godø,og har tittelen "Florøsjela".

Av innhaldet nemner vi mellom anna:

Ein artikkel om vitskapsmannen og friluftsmenneske Reidar Nydal, som var frå Brandsøy. Som professor ved NTH, vart han internasjonalt kjend for si forsking på, og utviklinga av dateringsmetoden C14. - Og han bygde sin eigen havgåande kajakk. Artikkelen er skriven av Odd Standal, pensjonert lektor på Flora Vidaregåande skole, og medlem av skriftstyre.

Pensjonert lærar og medlem av skriftstyret, Grethe Stavø, har skrive om "Framande fuglar i Florø", ei forteljing om splinteparet Fredrikka og Adolf Olsen, og sonen Oluf, som kom til Florø ein gong på 1920-talet. Dei kom frå eit omflakkande og vanskeleg liv, med statleg forfølging og overgrep. Fredrikka hadde fødd 11 barn - berre Oluf hadde ho attende og med seg. Dei andre var tekne ifrå henne.

Journalist Harald J. Stavang skriv om "Skyssbåtmannen Nils Hovland" som i over eit halvt hundreår var skysskar for både doktor og prest, folk flest og dei som trong han mest. Alle sjøfarande og strandbuande frå Bulandet til Nordfjord, kjende Hovland og båtane hans. Det var ikkje vêr som hindra han når liv eller helse stod på spel.

Redaktør for Floraminne, Oddvar Isene, har intervjua drosjesjåfør Arthur Andersen som i 1968 hadde ein uvanleg drosjetur til det området i Havreneset som var regulert til flyplass. Ein flygar og ein overingeniør var passasjerar i drosjen. Dei skulle på synfaring - men ingen i kommunen visste om dette. Kan hende skapte denne drosjeturen lokalhistorie - I alle fall kom flyplassen på plass, i rekordfart berre tre år etter, men ikkje der den var tenkt og planlagt frå kommunen si side.

Tidlegare rektor på Flora vidaregåande skole, og forfattar Bjarte Sindre har skrive om "Kinnesund fyr og Leonard Hess". Leonard Hess var einaste fyrvaktar i heile fyret si levetid, i 46 år. Han pensjonerte seg først i 1913, då han vart 75 år, og fyret vart lagt ned. Sjølve fyret vart demontert og sett opp på Bryggehågjen like nord for kaia på Kinn

                

 



Floraminne 2018

fm 2017

 96 sider med lokalhistorisk dokumentar, portrettintervju og bildestoff, m.m.

Floraminne 2018 følgjer også i år tradisjonen med variert lokalhistorisk stoff. 24 artiklar fortel om liv og levemåte for folk før oss, i både nær og fjern fortid. Fokus er særleg på det siste hundreåret, 1900-talet, der det framleis finns tidsvitne som lever idag, og kan fortelje om det dei sjølv opplevde.

 Av innhaldet nemner vi mellom anna: 

Grethe Stavø skriv om Fiskarfagskulen i Florø som starta i 1921. Skulen hadde eit svært variert fagtilbod til både dei som skulle bliskipparar, maskinistar og stuertar. Også til jentene hadde skulen tilbod, der matstell og husflid stod i fokus.

Edvin Helgheim skriv om bildearkivet til fotograf Malvin N. Horne. Arkivet er no digitalisert, og 25 000 bilde kan søkjast opp på nettet. Horne var kjent som fotografen på sildefeltet. Det er eit rikhaldig fotoarkiv han har etterlate seg, med mange hitoriske motiv frå daglegliv i Florø og distriktet, frå 1940- og særleg 50-talet.

Odd Standal skriv om gymnast i Florø som fyller 50 år. 22. april 1968 flytta lærarar og elevar inn i det nybygde gymnasbygget på Nordalsmarka. Gymnaset hadde då i eit år, sidan oppstarten i Florø 1967, halde til i Ytre Fjordane kraftlag sine lokaler i Hesteneset.

Oddvar Isene skriv om bildekunstnaren Kjartan Godø, som har bak seg ein stor produksjon med stor spennvidde.Han er kjendt for sine fargerike bilde frå kystlandskapet, der naturen og havlyset er ein del av inspirasjonen. Motiva er mykje henta frå lokalmiljøet, og  Godø blir ofte omtala som "heimstadmålaren". 

Har du bilde eller tips til stoff som kan vere aktuelt til framtidige Floraminne, så ta gjerne kontakt med ein i skriftstyret, eller på epost: EpostSendeSkjema

gmail adressen

Floraminne 2017

fm 2017

 96 sider med lokalhistorisk dokumenta-sjon, portrett-intervju, bok-meldingar, bildestoff, m.m.

Floraminne 2017 følgjer tradisjonen med svært variert lokalhistorisk stoff frå både nær og litt fjern fortid. 29 artiklar fortel om liv og levemåte for folk i det området som i dag er Flora Kommune, men som fram til 1964 omfatta 4 mindre kommunar. Fokus er særleg på det siste hundreåret, 1900-talet. Men nokre artiklar går lenger attende i tida. Bjarte Sindre skriv om Stabben fyr som tok til å lyse for 150 år sidan, 1. oktober 1867. Edvin Helgheim skriv om restaurering av Kinnakyrkja som skal starte opp i 2018, omlag 900 år etter at bygginga av kyrkja kom i gang. Bjørg Mikalsen skriv om utbygginga av Florø hamn, som kom i gang sist på 1800-talet. Ho skriv og om levekåra til dei mange som fiska sild ved Kinn under dei rike sildeåra på 1850-talet. Odd Standal fortel om livet i Standalsvika og på Svortevikholmen på slutten av 1800 talet, og utover på 1900-talet, i eit portrett av Mads Gundersen Tyvold. som var fødd i 1851.

Frå siste hundreåret kan vi lese om utbygginga av telefonen i vårt distrikt. Ei utvikling frå talestasjonar og bodsending, til mobiltelefon i lomma, skrive av Asbjørn Rakvaag. Han jobba 42 år som teleingeniør i området. Harald J. Stavang har skrive om Arne Grov som på fleire måtar la grunnlaget for Flora Turlag sine mange populære fotturar i ein svært variert og storfelt natur, frå hav til bre. Vi finn og portrett av Jørund Utne Trovik, skrive av Bjarte Sindre, og av Camilla og Anfinn Kringlen, skrive av Britt Kringlen.

Også dette Floraminne har med fleire historier frå siste krig i Flora, der opp mot 700 tyske soldatar var stasjonert på Florelandet. På den tida budde omlag 2000 norske i same området. Rolf Magne Fredheim fortel om livet i Florø, sett gjennom barneauge, slik han opplevde det som 5-6 åring. Bjarte Sindre skriv om den illegale radiostasjonen "Erica", i Blåura ved Husefestvatnet.  

Har du bilde eller tips til stoff som kan vere aktuelt til neste Floraminne, som kjem i november 2018, ta gjerne kontakt med ein i skriftstyret, eller på epost: EpostSendeSkjema

gmail adressen

Floraminne 2016

fm 2016På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette  årsskriftet. 

"Vi  opplever at det er rikeleg historisk stoff å ause av i dette distriktet", skriv redaktør og skriftstyreleiar Oddvar Isene i føreordet.

"Floraminne" si oppgåve og målsetting er i utgangspunktet å dokumentere lokalhistoria  for ettertida. Kanskje like viktig som skriftleg kjeldemateriale, er det å snakke med dei eldste mellom oss , som enno kan fortelje om sitt kvardagsliv slik dei opplevde det, levande og enkelt. I dette Floraminne finn vi fleire portrettintervju  med eldre personar som fortel frå sine liv, sitt yrke, sin hobby og sitt samfunnsengasjement.  Dei var mest vanlege folk, men likevel har dei sett spor etter seg, på sin måte i lokalmiljøet..

Årsskriftet har og meir fagleg historisk stoff, slikt som kan dokumenterast gjennom relativt pålitelege kjelder. Bjarte Sindre skriv om kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø, og dei kommunale "Sundhedscommissionene" på 1800-talet. Han skriv og om illegale aviser under krigen, og om Frelsesarme-speidarane  i Florø. Harald J. Stavang skriv om det eldste huset som var i Florø, fram til det vart rive i 1960, og som skulle bli bymuseum. Hallgerd Frøyen skriv om "fletføringen" Andreas Vågane som døydde på Nybø Gard i 1912. "Fletføring", var ei fleire hundre år gamal "pensjonsordning" knytta til bondesamfunnet. Ordninga vart avskaffa så seint som i 1963. Kolbjørn Nesje Nybø skriv om Kinnakyrkja og sola - om forskning, tru og tvil, rundt segner og helgendyrking, som knyter seg til kyrkja på Kinn. Magnus Helge Torvanger skriv om Einar Seim, bonden og vismannen på Kinn, ein tenkjande steinarbeidar, som mellom anna samla ordtak og omsette koranen til nynorsk. Brynjar Svardal har omsett frå engesk ei forteljing frå sommaren1895 om laksefiskarar frå England, som vitja Svardalsvassdraget og fekk oppleve den norske naturen og bygdekulturen tett på. Dette for å nemne noko av det interessante stoffet, utanom portrettintervjua og bokmeldingane. Det er og gjeve stor plass til bildestoff i årsskriftet, både gamle og relativt nye bilde, som og er viktige informasjonsberarar - ofte meir enn mange ord.

Prisen på Floraminne 2016 er kr 225,-

 

2016 - Index

  1. Harald J, Stavang: Evangerhuset. Om Evangerhuset som var tenkt å vere starten på eit bymuseum, men som blei rive rett før byjubileet i 1960. lokalmiljø. Bjarte Sindre: Kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø. Som tittelen seier. /sjukdom/helse/
  2. Bjarte Sindre: Florø Sundhetscommission. Om etableringa av helseråd i Florø då byen blei grunnlagt. /sjukdom/helse/. Bjarte Sindre: Kinds Sundhedscommission. Om etableringa av helseråd i Kinn i 1831. /sjukdom/helse/
  3. Hallgerd Frøyen: Fletføringen på Nybø.
  4. Forklaring på begrepet fletføring som ei form for pensjon/umyndiggjering i det gamle bondesamfunnet når ein ikkje klarte å ta vare på seg sjøl. /arbeid/Levekår/
  5. Magnus Helge Torvanger: Einar Seim på Kinn – bonde og vismann. Som tittelen seier. /kjende folk/folkeliv/
  6. Anne Marie Baugstø-Hartvigsen Annanias Batalden – ein føregangsmann i vanføresaka.Om innsatsen til Annanias Batalden for vanføresaka. /kjende folk/sjukdom/helse/
  7. Odd Standal: Tradisjonsberaren Saxe Bjørkedal – Frå farty til fele.Om den mangfoldige Saxe Bjørkedal; skipsingeniør og felemakar. /kjende folk/samferdsle/
  8. Bjarte Sindre: Anna Maria Skorpa. Portrett av Anna Maria Skorpa. /kjende folk/
  9. Bjørg Mikalsen: Bjørg Jansen – et portrett. Portrett av Bjørg Jansen. /kjende folk/daglegliv/oppvekst/
  10. Oddvar Isene: Magnhild Berg Rolness – nestor i målarmiljøet i Flora. Portrett av målaren/skulptøren Magnhild Berg Rolness. /kjende folk/lokalmiljø/Kunst/
  11. Iris Mikalsen: «Oldi» sin krig – verdskrig2 slik oldemor opplevde den. daglegliv under krigen slik Bjørg Jansen opplevde det. /verdskrig2/daglegliv/
  12. Bjarte Sindre: Kåre Knapstad – ein mann å minnast. Om Kåre Knapstad sitt liv med fokus på opplevingar under 2.verdskrigen. /verdskrig2/kjende folk/
  13. Odd A. Standal: Barndomsminner fra krigen.Som tittelen seier. /verdskrig2/
  14. Bjarte Sindre: Illegale aviser under krigen. Som tittelen seier. /verdskrig2/
  15. Bjarte Sindre: Postkort. Parti fra Haukaavandet .Bilde og kort tekst frå Haukåvatnet. /lokalmiljø/
  16. Britt Berg Madsen: Norddalsfjorden. Skulestil frå 1963 som Norddalsfjorden som feriestad. /lokalmiljø/folkeliv/fritid/
  17. Brynjar Svardal: Sportsfiske i Svardal og på Vasset. Skildring av ei reise frå England til Svardal og Vasset i 1895 for å drive sportsfiske. Omsett av Brynjar Svardal. /folkeliv/samferdsle/lokalmiljø/
  18. Bjarte Sindre: Postkort. Hovdenhuset. Bilde og ein kort tekst av Hovdenhuset i Livius Smittgata 6. /lokalmiljø/
  19. Kolbjørn Nesje Nybø: Kinn kyrkje og sola. Teoriar om bygginga og  plasseringa av Kinnakyrkja. /kyrkje/
  20. Odd Standal: Kjære Tomasine! Av Odd Standal. Om livsvilkår på ein vestlandsgard fortalt gjennom brev til Tomasine , gift Grov. /daglegliv/lokalmiljø/
  21. Gaute Losnegård: «Historia om Flora, bind 2» er ferdig. Om innhaldet i bd 2 i Historia om Flora. /folkeliv/lokallitteratur/
  22. Bjarte Sindre: FA-speidaren i Florø. Om Frelsesarme-speidaren i Florø. /fest/fritid/lokalmiljø/oppvekst/
  23. Bjarte Sindre: Postkort. Parti af Strandgaten. Kort tekst og bilde av Strandgata, ca 1922. /lokalmiljø/
  24. Odd Standal: Nordre Bergenhus Amtstidende 1916. Avisnotisar frå Nordre Bergenshus Amtstidende frå 1916. /daglegliv/lokalmiljø/
  25. Bjarte Sindre: Postkort. Parti fra Fuglø Batalden. Kort tekst og bilde fra Fugløya og huset der butikken var. lokalmiljø/arbeid/levekår
  26. Odd Standal: Småplukk frå Florø kommunestyre. Florø Elektricitetsværk – Ei vond sak for bystyret. Sak frå kommunestyret i 916 om straumforsyning mens det var dyrtid og straum enno var ei knapphetsvare. /arbeid/levekår/lokalmiljø/
  27. Bjarte Sindre: Postkort. Firda Frugtkonservering. Kort tekst og bilde frå saft/syltetøyfabrikken på hjørnet av Strandgata/Magnus Thingnæsgate. /arbeid/levekår/lokalmiljø/
  28. Oddvar Isene: Årsrapport for Flora Historielag 2016 – Stor aktivitet i Flora Historielag også i året 2016. Hiistorielaget sin aktivitet i  2016. /lokalmiljø/folkeliv/
  29. Odd Standal: Flora formannskap og kommunestyre – Glimt frå 1916. Som tittelen seier. /folkeliv/politikk/

Floraminne 2015

fm 2015

Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og litt med røter attende til 1800-talet. Då det er 70 år sidan siste krig, og fredsåret 1945, er det eit særleg fokus på det som skjedde her på kysten i siste fase av krigen. Mykje av det som skjedde akkurat her, hadde eit internasjonalt og storpolitisk perspektiv, truleg større enn det som til no er skrive inn i den norske krigshistoria. Fleire av artiklane i dette årsskriftet handlar om dei hemmelege agentane som stod bak dei illegale radiostasjonane i vårt distrikt. Med bakgrunn i denne aktiviteten har Flora Historielag teke initiativet til ein TV-serie om desse "Kystagentane". Målet er at denne kan bli realisert til 75-års jubileet for freden, i 2020.

Også dette Floraminne har leita fram både kjende og mindre kjende personar som har vore med på å fargelegge den lokale historia gjennom tida.  9 artikkelforfattarar har gjennom 30 artiklar over 96 sider, skrive om små og store hendingar som gjev oss nokre glimt frå lokalsamfunnet vårt, slik det eingong var. Det er dette samfunnet vi byggjer vidare på i notid og framtid. 

Prisen på Floraminne 2015 er kr 220,-

 

 

 

 

 

2015 - Index

  1. Bjarte Sindre: dagleglivet i Florø under krigen. Som tittelen seier. /verdskrig2/
  2. Reidar Brandsberg: Aksjonen mot radiostasjonen «Roska». Aksjonen mot radiostasjonen Roska i mars 1945, då Atle Svardal blei drepen og Fredrik Persen tatt til fange. /verdskrig2/kjende folk/
  3. Bjarte Sindre: SIS-agentane i Flora. Om etterretningsagentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. /kjende folk/verdskrig2/
  4. Bjarte Sindre: Blåspeidarane i Florø. Historia om blåspeidarane i Florø. /oppvekst/fest/fritid/
  5. Harald Stavang: Skudalen og Skudalsfjøra – slik det ein gong var. Som tittelen seier. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  6. Hans Jacob Sunde: Handelsstaden «Tjenna». Om handelsstaden Tjenna, etablert i Rognaldsvåg i 1883. /arbeid/levekår/
  7. Torleif Reksten: kyrkjestova ved Kinnakyrkja. Om det vesle raude huset ved Kinnakyrkja. Flytta fleire ganger og tidlegare bustadhus for fiskarbonden, seinare kjøpt av kommunen og brukt av Kinnakyrkja og Kinnaspelet. /kyrkje/
  8. Odd Standal: Konfirmasjon på Svanøy i 1821. Som tittelen seier. /oppvekst/
  9. Odd Standal: Rennords Rute – til Eikefjord 1821. Om reisa presten Rennord gjorde frå Florø til Eikefjord for å halde preike. /samferdsle/kommunikasjon/
  10. Karen Sindre: Tor Grønevik. Portrett av Tor Grønnevik; kunstnar og politikar i Bru kommune. /kjende folk/
  11. Oddvar Isene: Sigrid «Kikka» Mayer Olsen. Portrett av tekstilkunstnaren Sigrid Mayer Olsen. /kjende folk/
  12. Harald Stavang: Helsesøster Oddlaug Kvammen. Portrett av helsesøster Oddlaug Kvammen. /kjende folk/sjukdom/helse/
  13. Bjarte sindre: Øvre Standal. Bilde og kort tekst frå Øvre Standal 1909. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  14. Bjarte Sindre: Nedre Standal. Bilde og kort tekst frå Nedre Standal 1910. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  15. Bjarte Sindre: Parti fra Svanø i Søndfjord. Bilde og kort tekst frå Svanøy 1915. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  16. Bjarte Sindre: Brandsøy Planteskule. Bilde og kort tekst frå Brandsøy planteskule 1910. Gamle Florø Av Bjarte Sindre. Bilde og kort tekst frå Florø 1911. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  17. Odd Standal: Stavenes og Stavøy – Stong og Stongasund – men kvar er staven og stonga? Om stadnamn med forstaving stav- i ytre Sunfjord. /folkeliv/dagegliv/lokalmiljø/
  18. Gaute Losnegård: Frå brevsamlinga til familien Grønevik. Brevsamling frå familien Grønnevik som budde i Grønevika og seinare i Ausevika. /folkeliv/dagegliv/lokalmiljø/
  19. Rolf Sunde/Øyvind Kleiven:  Om salting av sild først på 1950-talet. Rolf Hammer Sunde fortel om sildesalting i Florø. /arbeid/levekår/
  20. Odd Standal: Eit forsøk på naving i 1930? Fattigstyret sitt svar på ein ung, sterkt synshemma gut sin søknad om støtte. /oppvekst/sjukdom/helse/
  21. Odd Standal: Frå Firda Folkeblad 1945. Som tittelen seier. /verdskrig2/
  22. Ludvig Botnen Målet for kampen: Ei ny og betre tid. Utdrag av tale for dagen, 17. mai 1945. Utdrag av talen som Ludvig Botnen heldt 17.mai 1945. /verdskrig2/
  23. Oddvar Isene: Markering av åtaket på «Roska» – 70 år etter. Korleis angrepet på Roska blei markert 70 år etter. /verdskrig2/

Floraminne 2014

fm 2014

På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjekk føre seg i Sunnfjord. Odd Standal skriv om då Flora kommune vart til ved kommunesmanslåinga i 1964. Det er 80 år sidan første byggesteget ved Florø folkeskole (Florø barneskole) vart teke i bruk. Reidun Byrkjeland som var elev ved skulen frå 1956 til 1963, og seinare lærar i 40 år ved same skule, fortel frå opplevingar ho har hatt gjennom åra. Ho går også gjennom heile skulen si 80-årige historie relativt detaljert. Eit klassebilde for kvart tiår, representerar alle elevane som har gått på skulen.

"Hermetikken" har endeleg fått sin artikkel i Floraminne. På det meste hadde 150 menneske arbeidet sitt her, i ei tid då folketalet var berre 1000 i kommunen. Rundt 40 000 øskjer sardiner pr. dag kunne bli produserte på fabrikken i Havreneset. Dette var under 1. verdskrigen, og trongen for hermetikk til skyttargravene i Europa var enorm. Det er Harald J. Stavang som har grave i denne historia.

Elles kan vi lese om kjende folk frå kommunen, og finne stoff om hus og verksemder som er borte.

Omslagsbilde er eit måleri av Harald Seim, med motiv frå Storevatnet. Bildet er truleg måla under, eller rett etter 2. verdskrig.

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

2014 - Index

  1. Gaute Losnegård:Sunnfjord og 1814. Om korleis det representative demokratiet blir organisert i Sunnfjord i 1814, med spesielt fokus på haugianarane på Svanøy. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  2. Bjarte Sinde: Anders Hove – Haugianaren. Om haugianaren Anders Hove. /kjende folk/
  3. Edvin Helgheim: Magnus Thingnæs – lokalhistorikar og lokalpatriot. Som tittelen seier. /kjende folk/
  4. Odd Standal: Bru kommune – «ein av dei mest vanskapte kommunar vi har» Om danninga av Bru kommune i 1923 og utviklinga fram til Scheikomiteen. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  5. Odd Standal: Flora 50 år. Om danning av Flora kommune i 1964. folkeliv/daglegliv/lokalmiljø. Bjarte Sindre: A. Hegranes Gartneri. Bilde av Hegranes gartneri og ein kort tekst om gartneriet før det blei til «Von». /arbeid/levekår/
  6. Reidunn Byrkjeland: Florø Folkeskole / Florø Barneskole 80 år. Etableringa av Florø folkeskole, bygging av den noverande skulen og utviklinga framover. /oppvekst/
  7. Rune Bruflot: Leik på Storevatnet. oppvekst i Florø på -30 og -40 talet. /oppvekst/
  8. Bjarte Sindre: Florø Møbel og trevarefabrikk. Bilde og kort tekst av Brende sin møbelfabrikk. /arbeid/levekår/
  9. Anita Øygard: Reksten felleseige – frå beiteregulering til sildesalteri. Om utmarka som bøndene på Reksta eige i fellesskap. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  10. Grethe Stavø: Kjende Florafolk: Laura Sundal Skorpen. Portrett av Laura Sundal Skorpen. /kjende folk/
  11. Kim Gunnar Jensen: Marinens nederlag i Florø. Om tre båtar; Snøgg, Troll og ubåten B6 som skal gå over til England i mai 1940. /verdskrig2/
  12. Oddvar Isene: «Bebbien» på bua – ein del av byen si historie. Portrett av Sigbjørn «Bebbien» Stenseth. /kjende folk/folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  13. Bjarte Sindre: Gullsmed J. Angell-Jacobsen. Bilde og kort tekst om gullsmed Angell-Jacobsen. /arbeid/kjende folk/
  14. Eldbjørg Stegane Engebø og Idar Stegane: Ungar på sjukehus hausten 1945 – minne ved to av dei. Barndomsminne om eit opphald på Florø sjukehus  i 1945. /sjukdom/helse/
  15. Bjarte Sindre: Distriktslege Tobias M. Gedde-Dahl. Portrett av  distriktslegen Gedde-Dahl. sjukdom/helse/kjende folk.
  16. Bjarte Sindre. Thor Solberg – Sjukehustransport med fly. Bilde og kort tekst om korleis Thor Solberg dreiv sjukehustransport med fly. /kjende folk/samferdsle/kommunikasjon/
  17. Knut Magnussen: «Og så kom helgenen fram». Om då fjernsynet kom til Florø. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  18. Harald Stavang: Hermetikken. Om hermetikkfabrikken i Hesteneset. /arbeid/levekår/
  19. Torleif Reksten: Kinn – Informasjonsskilt og merking av turstiar. Som tittelen seier. /samferdsle/kommunikasjon/fest/fritid/
  20. Øyvind Kleiven Ættegransking i Flora Historielag. Om arbeidet med slektsgransking i Flora historielag. /fest/fritid/