Floraminne 2018

fm 2017

Floraminne 2018 er det 18. årsskriftet Flora Historielag har gjeve ut sidan historielaget vart stifta i 2001. 96 sider er det same som snittet dei siste åra.  11 skribentar har til saman laga totalt 23 artiklar. Omslagsbilde er måla av Harald Seim, ein gong på 1930-talet. Motivet er Naustholmen, også populært kalla "Postmeisterholmen", etter postmeister Trygve Losting Hammerstad som hadde kjøpt heile holmen. Bilde er utlånt av noverande eigar, Stig Nybø.        Medlemmer i skriftstyre dette året var: Bjarte sindre, Grethe Stavø, Odd Standal, Edvin Helgheim, Bjørg Mikalsen og Oddvar Isene (leiar/redaktør.

 Av innhaldet nemner vi mellom anna: 

Grethe Stavø skriv om Fiskarfagskulen i Florø som starta i 1921. Skulen hadde eit svært variert fagtilbod til både dei som skulle bli skipparar, maskinistar og stuertar. Også til jentene hadde skulen tilbod, der matstell og husflid stod i fokus.

Edvin Helgheim skriv om bildearkivet til fotograf Malvin N. Horne. Arkivet er digitalisert, og 25 000 bilde kan søkjast opp på nettet. Horne var kjent som fotografen på sildefeltet. Det er eit rikhaldig fotoarkiv han har etterlate seg, med mange hitoriske motiv frå daglegliv i Florø og distriktet, frå 1940- og særleg 50-talet.

Odd Standal skriv om gymnaset i Florø som fyller 50 år. 22. april 1968 flytta lærarar og elevar inn i det nybygde gymnasbygget på Nordalsmarka. Gymnaset hadde då i eit år, sidan oppstarten i Florø 1967, halde til i Ytre Fjordane kraftlag sine lokaler i Hesteneset.

Oddvar Isene skriv om bildekunstnaren Kjartan Godø, som har bak seg ein stor produksjon med stor spennvidde.Han er kjendt for sine fargerike bilde frå kystlandskapet, der naturen og havlyset er ein del av inspirasjonen. Motiva er mykje henta frå lokalmiljøet, og  Godø blir ofte omtala som "heimstadmålaren".

Innhaldoversikt                                                                                             

Index - 2018

  1. Grethe Stavø: Ein skule for fiskarar. Om etableringa av fiskarfagskulen i Florø, og historia til skulen.
  2. Edvin Helgheim: Fotografen på sildefeltet. 25 000 Horne-bilde på nett! Om fotograf Horne og samlinga av bilde som etterkvart blir søkbare på nett.
  3. Odd Standal: Gymnaset på Nordals-marka 50 år. Om etableringa av gymnas i Florø og historia framover i 50 år.
  4. Oddvar Isene: Bildekunstnaren Kjartan Godø. Portrett av Kjartan Godø.
  5. Egil Russøy: Han Isak i Breivika. Om Isak Bredvik sin innsats under 2. verdskrigen.
  6. Odd Standal: Frå den sivile krigshistoria – Eit møte i Bru skulestyre. Om Karl Hafsten, Ludvig Lihaug og tilhøvet mellom læraraksjonen og Quislingstyret.
  7. Odd Standal: Høydalane motormuseum. Mekanisering på land og sjø. Om mekanisering, maskiner og Helge Terøy si motorsamling.
  8. Bjørg Mikalsen: Leker og plikter på Tua i 1950-årene. Om oppvekst på Tua.
  9. Trygve Nybø: «Postmesterholmen». Om søndagsutflukter til Postmesterholmen.
  10. Grethe Stavø: Bydelen Evja. Om korleis Evja var før den blei gjenfylt.
  11. Grethe Stavø: Lær din by å kjenne – Gatenamn i Florø. Bakgrunnen for namna Nonskavegen, Claus Findesgate og EM Holevegen.
  12. Edvin Helgheim: Flymeldeposten på Storåsen. Om utsiktstårnet på Storåsen og kva funksjon det har hatt.
  13. Harald Stavang: Oskar Nærø – «Beviseleg sann opplysning». Portrett av den mangslungne Oskar Nærø.
  14. Bjarte Sindre: Postkort. Sildefiskernes Fabrikklag. Tekst og bilde av Sildoljefabrikkken i Gunhildvågen.
  15. Målfrid Ottesen: Fra mitt innholdsrike liv – Så kom krigen. Målfrid Ottesen fortel om barne- og ungdomsår i Florø.
  16. Turid Absalonsen Fimland: MissekonkurranseUtdrag frå «Fakkelen» frå 9. mai 1962, lagsavisa til Florø AUL.
  17. Oddvar Isene: Grensa for bykommunen Florø blir skilta. Planar for skilt langs vegen for gamle Florø by.
  18. Bjarte Sindre: Postkort. Skolegaden. Kort tekst og bilde fra Skolegaten/Hans Blomgate frå ca 1912.
  19. Odd Standal: Nordre Bergenhus Amtstidende – 1926. Er en lærer uangripelig? Lesarbrev frå Nordre Bergenhus Amtstidende 1926.
  20. Bjarte Sindre: Odd Batalden – en mann verd å minnast. Portrett av Odd Batalden og innsatsen hans under krigen.
  21. Signe Eimhjellen Mehl: Barndomsminne frå Florø på 20-talet. Som tittelen seier.
  22. Oddvar Isene: Flora Historielag – årsmelding. Om aktiviteten i Flora historielag i 2018



gmail adressen