Floraminne 2017

fm 2017

 96 sider med lokalhistorisk dokumenta-sjon, portrett-intervju, bok-meldingar, bildestoff, m.m.

Floraminne 2017 følgjer tradisjonen med svært variert lokalhistorisk stoff frå både nær og litt fjern fortid. 29 artiklar fortel om liv og levemåte for folk i det området som i dag er Flora Kommune, men som fram til 1964 omfatta 4 mindre kommunar. Fokus er særleg på det siste hundreåret, 1900-talet. Men nokre artiklar går lenger attende i tida. Bjarte Sindre skriv om Stabben fyr som tok til å lyse for 150 år sidan, 1. oktober 1867. Edvin Helgheim skriv om restaurering av Kinnakyrkja som skal starte opp i 2018, omlag 900 år etter at bygginga av kyrkja kom i gang. Bjørg Mikalsen skriv om utbygginga av Florø hamn, som kom i gang sist på 1800-talet. Ho skriv og om levekåra til dei mange som fiska sild ved Kinn under dei rike sildeåra på 1850-talet. Odd Standal fortel om livet i Standalsvika og på Svortevikholmen på slutten av 1800 talet, og utover på 1900-talet, i eit portrett av Mads Gundersen Tyvold. som var fødd i 1851.

Frå siste hundreåret kan vi lese om utbygginga av telefonen i vårt distrikt. Ei utvikling frå talestasjonar og bodsending, til mobiltelefon i lomma, skrive av Asbjørn Rakvaag. Han jobba 42 år som teleingeniør i området. Harald J. Stavang har skrive om Arne Grov som på fleire måtar la grunnlaget for Flora Turlag sine mange populære fotturar i ein svært variert og storfelt natur, frå hav til bre. Vi finn og portrett av Jørund Utne Trovik, skrive av Bjarte Sindre, og av Camilla og Anfinn Kringlen, skrive av Britt Kringlen.

Også dette Floraminne har med fleire historier frå siste krig i Flora, der opp mot 700 tyske soldatar var stasjonert på Florelandet. På den tida budde omlag 2000 norske i same området. Rolf Magne Fredheim fortel om livet i Florø, sett gjennom barneauge, slik han opplevde det som 5-6 åring. Bjarte Sindre skriv om den illegale radiostasjonen "Erica", i Blåura ved Husefestvatnet. 

Index - 2017

  1. Bjarte Sindre: Stabben fyr – 150 år. Om bygginga av Stabben fyr og historia til fyret.
  2. Edvin Helgheim Ny restaurering av Kinnakyrkja: Kan vi lære av byggmeistrane frå 1100-talet? Om restaureringa av Kinnakyrkja og korleis den er planlagt gjennomført
  3. Bjørg Mikalsen: Fugleskjærene og Fugleskjærkaia: Kaia som møteplass – og betydning for Florø by. Som tittelen seier.
  4. Asbjørn Rakvaag: Tida utan mobiltelefonen i lomma. I Televerket si teneste i Florø, frå 1955 til 1994. Om Televerket i Florø/distriktet rundt frå 1955 til 1994.
  5. Odd Standal: Torggata 2 – Apnesethuset. Om verneverdige Torggata 2 og verksemder som har vore i huset.
  6. Bjørg Mikalsen: Hermetikkfabrikken i Hesteneset – vekst og fall. Som tittelen seier.
  7. Odd Standal: Gøymt, men ikkje gløymt: Bygdebadet i Stavang. Om eit offentleg bad i Stavang før bad blei vanleg heime hos folk.
  8. Bjarte Sindre: Jørund Utne Trovik. Portrett av Jørund Trovik.
  9. Harald Stavang: Arne Grov – og Vårherres idrettshallar. Portrett av Arne Grov og innsatsen hans for å gjere friluftslivet populært.
  10. Odd Standal: Mads Gundersen Thyvold – frå husmannskår i Standalsvika til handelsmann på Svortevikholmen. Historia til Mads Gundersen Thyvold.
  11. Bjarte Sindre: Norsk Speiderguttforbund i Florø. Om skipinga av norsk Speideguttforbund i Florø og historia framover.
  12. Bjarte Sindre:«SIS-stasjonen «Erica».Om etterretningsorganisasjonen Erica, agentane og hjelparane deira.
  13. Knut Kristiansen: Med livet som innsats. Funn av ei hornmine i Batalden.
  14. Rolf Magne Fredheim: Barndomsminner fra krigen. Som tittelen seier.
  15. Magnus Thingnæs: Sunnfjordskipperen som ble belønnet av Kong Oscar II. Om Lars Ask som var ein dyktig fiskar frå distriktet rundt århundreskiftet.
  16. Bjarte Sindre: Difteri-epidemien i Flora 1944/45. Som tittelen seier.
  17. Bjørg Mikalsen: Fra sildefisket ved Kinn i 1857: Skitt og fiske. Om sildefisket ved Kinn i 1850-åra, levekår og hygieniske tilhøve for fiskarane.
  18. Britt Kringlen: Anfinn og Camilla Kringlen. Om det legendariske søskenparet som dreiv konfeksjonsfbutikk i Florø.
  19. Oddvar Isene: «Skulen min» – Eit lokalhistorisk prosjekt om skulen. Som tittelen seier.
  20. Ukjent forfattar: Fra den tid jeg var omgangsskolelærer. Epistel frå 1867 om ein som som verka som omgangsskulelærar i distriktet.
  21. Odd Standal: Klipp frå Nordre Bergenhus Amtstidende 1917. Utval ved Odd Standal Som tittelen seier.
  22. Bjarte Sindre: Postkort. Storevatnet sett mot vest. Bilde frå ca 1914.
  23. Oddvar Isene: Flora Historielag i 2017: Eit aktivt lag – som formidlar av lokalhistoria. Om aktiviteten til historielaget i 2017.
  24. Målaren Hans Svanøe Av Eva Skomsø Svanøe. Kort tekst og måleri med motiv frå Svanøy.
  25. Gaute Losnegård: «Historia om Flora» i tre bind, er fullført. Om innhaldet i bind 3 av Historia om Flora.
  26. Edvin Helgheim : Med Asgeir frå Svanøy til Miklagard. Bokmelding av bind sju i serien «Odins smykke».
  27. Oddvar Isene: «Spor i blod, fanga av vikingar i Irland». Bokmelding av Ivar Fjeld si bok «Spor i blod».
  28. Eva Skomsø Svanø: Historien om Svanøy – Sunnfjords perle. Bokmeldng av «Historia om Svanøy- Sunnfjords perle.
  29. Bjarte Sindre: Postkort. Ytre Strandgata. Kort tekst og bilde frå ytre Strandgata 1925.


gmail adressen