Floraminner Index

Floraminne 2020

fm 2020

Floraminne 2020 er det 20. årsskriftet Flora Historielag har gjeve ut sidan historielaget vart stifta i 2001. Med totalt 128 sider er det også det største årsskrtiftet gjennom dei 20 åra. 15 skribentar har til saman laga 24 artiklar. Omslagsbildet er måla av Erling Eliassen (1917 - 2011), og viser deler av det gamle Trovikkvartalet som vart rive i 2021. Det gamle rådhuset til venstre. Bildet er utlånt av Sorøya og Tor-Gisle Gulbrandsen.                        Medlemmer i skriftstyre dette året var: Grethe Stavø, Odd Standal, Edvin Helgheim, Bjørg Mikalsen, Britt Berg Madsen og Oddvar Isene (leiar/redaktør)

Av innhaldet nemner vi: 

Grethe Stavø skriv ein lang artikkel om Trovikkvartalet, med mange historiske bilde. Kvartalet var vedteke rive året etter, og Floraminne nytta dette årsskriftet til å sjå tilbake på historia til desse bygningane som av mange florøfolk vart kalla "Florøsjela". "Husa som fortel byhistorie" er den talande undertittelen på artikkelen.

Trygve Nybø skriv om ein tur i Ytre Strandgata tilbake i 1951. Her fortel han om aktiviteten som var i denne gatestubben først på 1950-talet. 

Oddvar Isene skriv om urmakarfirmaet Johs. Moe, som held til i Strandgate i til saman 122 år. Berre to generasjonar stod bak drifta gjennom alle desse åra. 

Thor Asgeir Johannessen fortel om oppveksten sin i Strandgata og oppstarten av trykkerifaget og trykkeriaktiviteten i Florø. 

Innhaldsoversikt:

Index - 2020

 

  1. Grethe Stavø: Trovikkvartalet – Husa som fortel byhistorie. Om historia til Trovikkvartalet.
  2. Trygve Nybø: En tur i ytre Strandgata i 1951.Om aktivitet i Ytre Strandgata først på -50talet.
  3. Oddvar Isene: Med klokker i 122 år.Om urmakarfirmaet Johs. Moe.
  4. Thor Asgeir Johannessen: Bestefars barndom. Om oppvekst i Florø på  -40 og -50-talet.
  5. Beate Kjøsnes: Jubinal Angell-Jacobsen – Startet gullsmedbutikken i rådhuset. Om gullsmedfirmaet Angell- Jacobsen.
  6. Odd Standal: Patent-Olsen. Frå Tyvågen til Tønnekommisjonen. Om oppfinnaren Henrik Olai Olsen, også kalla patent-Olsen.
  7. Bjørg Mikalsen: Stor ståhei for ingenting. Fra Florø til Flora til Florøy og tilbake til Florø. Fram og tilbake om namnet på byen og kommunen.
  8. Odd Standal: Spanskesjuka i Kinn lægedistrikt. Som tittelen seier.
  9. Odd Standal: Om Arvid Birger Vasbotten. Portrett av nazisten Vasbotten som var innanriksminister i Quisling si regjering.
  10. Odd Standal: Andreas Hesjedal. Fall for fedrelandet 1945. Om eksplosjonen om bord på «Thekla» i 1945.
  11. Odd Standal: Eit avisordskifte om tyske gloser og konfirmasjon. Om haldninga til barn av norske jenter og tyske soldatar.
  12. Grethe Stavø: Agenten som blei stempla som angjevar. Historia om Jonlea Nordal. Om Jonlea Nordal frå Florø som fungerte som tilnærma dobbeltagent under krigen.
  13. Lea Rognaldsen Knapstad: MTB- grunnstøtinga ved Botnaneset i 1943. Historia om Hilmar og Jens. Om mtb-en som gjekk på land ved Botnaneset i 1943 og korleis det gjekk med Hilmar Hansen og Jens Buarøy som hadde vore mannskap om bord.
  14. Knut Kristiansen: Ein nittiåring ser tilbake – Livet under krigen – på Russøy i Batalden. Om oppvekst på Russøya under krigen.
  15. Ingeborg Magerøy og Harald Ibenholt. Kinnakyrkja er restaurert – Ei storhending i havgapet og kulturminnevernet om restureringa av Kinnakyrkja.
  16. Edvin Helgheim: kyrkjebyggjarane – Restaureringa av Kinn kyrkje. Om fagfolka som har stått for det handverksmessige restaureringsarbeidet.
  17. Torleif Reksten: Lektoriet i Kinnakyrkja. Som tittelen seier. Torleif Reksten: Orgela i Kinnakyrkja. Som tittelen seier.
  18. Hein B. Bjerck: Brannalarmen i Florø. Om brannsirena og det frivillige brannkorpset i Florø før.
  19. Oddvar Isene: Coop i Florø – i eige hus etter 75 år. Om historia  til Samvirkelaget i Florø.
  20. Gunvor Dagny Berge: Juditta i Trea – og åkleet ho vov. Frå ei tid med sjølvberging som levemåte. Om korleis eit åkle blei til i tidlegare tider.
  21. Jan Foss Iversen: En oppvekst i Florø 1945 – 1958. Barndomsminne frå oppvekst på Tua.
  22. Grethe Stavø: Lær byen din å kjenne. Gatenamn i Florø. Om Markegata, Hans Blomgata og Michael Sarsgate.
  23. Asbjørn Rakvaag: Historia om Televerket på Kinn. Linkstasjonen viktig for både telefon og TV. Som tittelen seier.
  24. Oddvar Isene: Flora Historielag i 2020: Fleire prosjekt fullførde i 2020 – Men Covid-19 la ein dempar på «feiringa». Om aktiviteten  Flora historielag i 2020.

Floraminne 2019

fm 2017

Floraminne 2019 er det 19. årsskriftet Flora Historielag har gjeve ut sidan historielaget vart stifta i 2001. Med totalt 96 sider ligg det også på eit gjennomsnitt av sidetalet dei sise åra. 14 skribentar har til saman laga 17 relativt lange artiklar. Omslagsbilde er måla av Kjartan Gødø, og har tittelen "Florøsjela".                                                                                                                     Medlemmer i skriftstyre dette året var: Grethe Stavø, Odd Standal, Edvin Helgheim, Bjørg Mikalsen, Britt Berg Madsen og Oddvar Isene (leiar/redaktør)

Av innhaldet nemner vi mellom anna:

Ein artikkel om vitskapsmannen og friluftsmenneske Reidar Nydal, som var frå Brandsøy. Som professor ved NTH, vart han internasjonalt kjend for si forsking på, og utviklinga av dateringsmetoden C14. - Og han bygde sin eigen havgåande kajakk. Artikkelen er skriven av Odd Standal, pensjonert lektor på Flora Vidaregåande skole, og medlem av skriftstyre.

Pensjonert lærar og medlem av skriftstyret, Grethe Stavø, har skrive om "Framande fuglar i Florø", ei forteljing om splinteparet Fredrikka og Adolf Olsen, og sonen Oluf, som kom til Florø ein gong på 1920-talet. Dei kom frå eit omflakkande og vanskeleg liv, med statleg forfølging og overgrep. Fredrikka hadde fødd 11 barn - berre Oluf hadde ho attende og med seg. Dei andre var tekne ifrå henne.

Journalist Harald J. Stavang skriv om "Skyssbåtmannen Nils Hovland" som i over eit halvt hundreår var skysskar for både doktor og prest, folk flest og dei som trong han mest. Alle sjøfarande og strandbuande frå Bulandet til Nordfjord, kjende Hovland og båtane hans. Det var ikkje vêr som hindra han når liv eller helse stod på spel.

Oddvar Isene, har intervjua drosjesjåfør Arthur Andersen som i 1968 hadde ein uvanleg drosjetur til det området i Havreneset som var regulert til flyplass. Ein flygar og ein overingeniør var passasjerar i drosjen. Dei skulle på synfaring - men ingen i kommunen visste om dette. Kan hende skapte denne drosjeturen lokalhistorie - I alle fall kom flyplassen på plass, i rekordfart berre tre år etter, men ikkje der den var tenkt og planlagt frå kommunen si side.

Tidlegare rektor på Flora vidaregåande skole, og forfattar Bjarte Sindre har skrive om "Kinnesund fyr og Leonard Hess". Leonard Hess var einaste fyrvaktar i heile fyret si levetid, i 46 år. Han pensjonerte seg først i 1913, då han vart 75 år, og fyret vart lagt ned. Sjølve fyret vart demontert og sett opp på Bryggehågjen like nord for kaia på Kinn

Innhaldsoversikt: 

Index - 2019

  1. Odd Standal: Radioaktivt karbon og kajakk. Reidar Nydal – vitskapsmenneske og friluftsmann. Portrett av vitskapsmannen og friluftsmannen Reidar Nydal, kjent for arbeid med C-14 datering, og for padleekspedisjon Bergen-Ålesund.
  2. Grethe Stavø:  Framande fuglar i Florø. Fredrikka, Adolf Oluf Olsen. Om Fredrikka, Oluf og Adolf Olsen og korleis livet deira blei prega av myndighetens sin politikk ovanfor dei reisande.
  3. Karl Egil Johansen: Sildefiske og smitte. Var vårsildfisket ei viktig årsak til dei mange spedalske i Sunnfjord på 1800-talet?. Om samanhengen mellom spedalskhet, buforhold og hygieniske forhold under sildefisket.
  4. Bjarte Sindre: Kinnesund fyr. Leonard Hess. Om bygginga av fyret i Kinnasundet og den første fyrvaktaren Leonhard Hess.
  5. Magnus Helge Torvanger: Florø-gutar rømde til England med fiskebåt frå Novelandet. Knut Ulriksen frå Florø var skipper - Om ei flukt over Nordsjøen til Shetland under krigen.
  6. Harald J. Stavang: Skyssbåtmannen Nils Hovland. Portrett av Nils Hovland som dreiv båtskyss frå -30talet og fram til midt på -80talet.
  7. Oddvar Isene: Flyplassen i Florø – Vart den berga av Thor Solberg sitt omdømme?. Drosjesjåfør Arthur Andersen fortel ei historie om då ein skulle bestemmer plassering av flyplassen i Florø.
  8. Odd Standal: Gevinst nr. 23: Tvo sekkjer høy. Ei trekningsliste fortel historie – om ungdomslagsrørsla i Førdefjorden. Om ungdomslagsrørsla og ungdomslagsarbeid.
  9. Odd Standal: Thorbjørn Horten – Lærar og skulegründer. Som tittelen seier.
  10. Målfrid Ottesen: Året er 1945 – Glede og fred – Men også et «Annus horribilis» for mange. Om korleis «tyskertøsene» og familiane deira blei behandla etter  krigen, fortalt av søstra til ei av dei.
  11. Bjørg Mikalsen. Den store flukten. Om Nils Jørgen Fuglesang sin innsats under krigen, og den spektakulære flukta frå ein fangeleir i Polen.
  12. Grethe Stavø: Gatenamn i Florø. Om Magnus Thingnæsgate og Livius Smittgate.
  13. Egil Russøy: Om «Batalde-Lars». Om Lars Jansen Batalden som var bre-og tindeførar for William Slingsby og andre engelskmenn på slutten av 1800-talet.
  14. Alf Janssen Batalden: Fra mitt førerliv. Historier fra turar Lars Janssen Batalden hadde hatt, fortalt av han sjøl.
  15. Britt Berg Madsen: Sydamene i Florø etter krigen. Som tittelen seier
  16. Hein B. Bjerck Misforståelse om stålull. Humoristisk historie om stålull.
  17. Jan Foss Iversen En oppvekst i Florø 1945 – 1958. Som tittelen seier.
  18. Oddvar isene: «Det var en gang – – ». Bokomtale. Omtale av Herdis Dyvik si bok; «Det var en gang i en liten by ved havet».
  19. Oddvar Isene: Eit lag med fokus på fortida – inn i framtida. Flora Historielag i 2019. Aktiviteten i  Flora historielag 2019.
  20. Turid Absalonsen Fimland «På dans i Fram». Utdrag av AUF si lagsavis «Fakkelen» 1961.

Floraminne 2018

fm 2017

Floraminne 2018 er det 18. årsskriftet Flora Historielag har gjeve ut sidan historielaget vart stifta i 2001. 96 sider er det same som snittet dei siste åra.  11 skribentar har til saman laga totalt 23 artiklar. Omslagsbilde er måla av Harald Seim, ein gong på 1930-talet. Motivet er Naustholmen, også populært kalla "Postmeisterholmen", etter postmeister Trygve Losting Hammerstad som hadde kjøpt heile holmen. Bilde er utlånt av noverande eigar, Stig Nybø.        Medlemmer i skriftstyre dette året var: Bjarte sindre, Grethe Stavø, Odd Standal, Edvin Helgheim, Bjørg Mikalsen og Oddvar Isene (leiar/redaktør.

 Av innhaldet nemner vi mellom anna: 

Grethe Stavø skriv om Fiskarfagskulen i Florø som starta i 1921. Skulen hadde eit svært variert fagtilbod til både dei som skulle bli skipparar, maskinistar og stuertar. Også til jentene hadde skulen tilbod, der matstell og husflid stod i fokus.

Edvin Helgheim skriv om bildearkivet til fotograf Malvin N. Horne. Arkivet er digitalisert, og 25 000 bilde kan søkjast opp på nettet. Horne var kjent som fotografen på sildefeltet. Det er eit rikhaldig fotoarkiv han har etterlate seg, med mange hitoriske motiv frå daglegliv i Florø og distriktet, frå 1940- og særleg 50-talet.

Odd Standal skriv om gymnaset i Florø som fyller 50 år. 22. april 1968 flytta lærarar og elevar inn i det nybygde gymnasbygget på Nordalsmarka. Gymnaset hadde då i eit år, sidan oppstarten i Florø 1967, halde til i Ytre Fjordane kraftlag sine lokaler i Hesteneset.

Oddvar Isene skriv om bildekunstnaren Kjartan Godø, som har bak seg ein stor produksjon med stor spennvidde.Han er kjendt for sine fargerike bilde frå kystlandskapet, der naturen og havlyset er ein del av inspirasjonen. Motiva er mykje henta frå lokalmiljøet, og  Godø blir ofte omtala som "heimstadmålaren".

Innhaldoversikt                                                                                             

Index - 2018

  1. Grethe Stavø: Ein skule for fiskarar. Om etableringa av fiskarfagskulen i Florø, og historia til skulen.
  2. Edvin Helgheim: Fotografen på sildefeltet. 25 000 Horne-bilde på nett! Om fotograf Horne og samlinga av bilde som etterkvart blir søkbare på nett.
  3. Odd Standal: Gymnaset på Nordals-marka 50 år. Om etableringa av gymnas i Florø og historia framover i 50 år.
  4. Oddvar Isene: Bildekunstnaren Kjartan Godø. Portrett av Kjartan Godø.
  5. Egil Russøy: Han Isak i Breivika. Om Isak Bredvik sin innsats under 2. verdskrigen.
  6. Odd Standal: Frå den sivile krigshistoria – Eit møte i Bru skulestyre. Om Karl Hafsten, Ludvig Lihaug og tilhøvet mellom læraraksjonen og Quislingstyret.
  7. Odd Standal: Høydalane motormuseum. Mekanisering på land og sjø. Om mekanisering, maskiner og Helge Terøy si motorsamling.
  8. Bjørg Mikalsen: Leker og plikter på Tua i 1950-årene. Om oppvekst på Tua.
  9. Trygve Nybø: «Postmesterholmen». Om søndagsutflukter til Postmesterholmen.
  10. Grethe Stavø: Bydelen Evja. Om korleis Evja var før den blei gjenfylt.
  11. Grethe Stavø: Lær din by å kjenne – Gatenamn i Florø. Bakgrunnen for namna Nonskavegen, Claus Findesgate og EM Holevegen.
  12. Edvin Helgheim: Flymeldeposten på Storåsen. Om utsiktstårnet på Storåsen og kva funksjon det har hatt.
  13. Harald Stavang: Oskar Nærø – «Beviseleg sann opplysning». Portrett av den mangslungne Oskar Nærø.
  14. Bjarte Sindre: Postkort. Sildefiskernes Fabrikklag. Tekst og bilde av Sildoljefabrikkken i Gunhildvågen.
  15. Målfrid Ottesen: Fra mitt innholdsrike liv – Så kom krigen. Målfrid Ottesen fortel om barne- og ungdomsår i Florø.
  16. Turid Absalonsen Fimland: MissekonkurranseUtdrag frå «Fakkelen» frå 9. mai 1962, lagsavisa til Florø AUL.
  17. Oddvar Isene: Grensa for bykommunen Florø blir skilta. Planar for skilt langs vegen for gamle Florø by.
  18. Bjarte Sindre: Postkort. Skolegaden. Kort tekst og bilde fra Skolegaten/Hans Blomgate frå ca 1912.
  19. Odd Standal: Nordre Bergenhus Amtstidende – 1926. Er en lærer uangripelig? Lesarbrev frå Nordre Bergenhus Amtstidende 1926.
  20. Bjarte Sindre: Odd Batalden – en mann verd å minnast. Portrett av Odd Batalden og innsatsen hans under krigen.
  21. Signe Eimhjellen Mehl: Barndomsminne frå Florø på 20-talet. Som tittelen seier.
  22. Oddvar Isene: Flora Historielag – årsmelding. Om aktiviteten i Flora historielag i 2018



gmail adressen

Floraminne 2017

fm 2017

 96 sider med lokalhistorisk dokumenta-sjon, portrett-intervju, bok-meldingar, bildestoff, m.m.

Floraminne 2017 følgjer tradisjonen med svært variert lokalhistorisk stoff frå både nær og litt fjern fortid. 29 artiklar fortel om liv og levemåte for folk i det området som i dag er Flora Kommune, men som fram til 1964 omfatta 4 mindre kommunar. Fokus er særleg på det siste hundreåret, 1900-talet. Men nokre artiklar går lenger attende i tida. Bjarte Sindre skriv om Stabben fyr som tok til å lyse for 150 år sidan, 1. oktober 1867. Edvin Helgheim skriv om restaurering av Kinnakyrkja som skal starte opp i 2018, omlag 900 år etter at bygginga av kyrkja kom i gang. Bjørg Mikalsen skriv om utbygginga av Florø hamn, som kom i gang sist på 1800-talet. Ho skriv og om levekåra til dei mange som fiska sild ved Kinn under dei rike sildeåra på 1850-talet. Odd Standal fortel om livet i Standalsvika og på Svortevikholmen på slutten av 1800 talet, og utover på 1900-talet, i eit portrett av Mads Gundersen Tyvold. som var fødd i 1851.

Frå siste hundreåret kan vi lese om utbygginga av telefonen i vårt distrikt. Ei utvikling frå talestasjonar og bodsending, til mobiltelefon i lomma, skrive av Asbjørn Rakvaag. Han jobba 42 år som teleingeniør i området. Harald J. Stavang har skrive om Arne Grov som på fleire måtar la grunnlaget for Flora Turlag sine mange populære fotturar i ein svært variert og storfelt natur, frå hav til bre. Vi finn og portrett av Jørund Utne Trovik, skrive av Bjarte Sindre, og av Camilla og Anfinn Kringlen, skrive av Britt Kringlen.

Også dette Floraminne har med fleire historier frå siste krig i Flora, der opp mot 700 tyske soldatar var stasjonert på Florelandet. På den tida budde omlag 2000 norske i same området. Rolf Magne Fredheim fortel om livet i Florø, sett gjennom barneauge, slik han opplevde det som 5-6 åring. Bjarte Sindre skriv om den illegale radiostasjonen "Erica", i Blåura ved Husefestvatnet. 

Index - 2017

  1. Bjarte Sindre: Stabben fyr – 150 år. Om bygginga av Stabben fyr og historia til fyret.
  2. Edvin Helgheim Ny restaurering av Kinnakyrkja: Kan vi lære av byggmeistrane frå 1100-talet? Om restaureringa av Kinnakyrkja og korleis den er planlagt gjennomført
  3. Bjørg Mikalsen: Fugleskjærene og Fugleskjærkaia: Kaia som møteplass – og betydning for Florø by. Som tittelen seier.
  4. Asbjørn Rakvaag: Tida utan mobiltelefonen i lomma. I Televerket si teneste i Florø, frå 1955 til 1994. Om Televerket i Florø/distriktet rundt frå 1955 til 1994.
  5. Odd Standal: Torggata 2 – Apnesethuset. Om verneverdige Torggata 2 og verksemder som har vore i huset.
  6. Bjørg Mikalsen: Hermetikkfabrikken i Hesteneset – vekst og fall. Som tittelen seier.
  7. Odd Standal: Gøymt, men ikkje gløymt: Bygdebadet i Stavang. Om eit offentleg bad i Stavang før bad blei vanleg heime hos folk.
  8. Bjarte Sindre: Jørund Utne Trovik. Portrett av Jørund Trovik.
  9. Harald Stavang: Arne Grov – og Vårherres idrettshallar. Portrett av Arne Grov og innsatsen hans for å gjere friluftslivet populært.
  10. Odd Standal: Mads Gundersen Thyvold – frå husmannskår i Standalsvika til handelsmann på Svortevikholmen. Historia til Mads Gundersen Thyvold.
  11. Bjarte Sindre: Norsk Speiderguttforbund i Florø. Om skipinga av norsk Speideguttforbund i Florø og historia framover.
  12. Bjarte Sindre:«SIS-stasjonen «Erica».Om etterretningsorganisasjonen Erica, agentane og hjelparane deira.
  13. Knut Kristiansen: Med livet som innsats. Funn av ei hornmine i Batalden.
  14. Rolf Magne Fredheim: Barndomsminner fra krigen. Som tittelen seier.
  15. Magnus Thingnæs: Sunnfjordskipperen som ble belønnet av Kong Oscar II. Om Lars Ask som var ein dyktig fiskar frå distriktet rundt århundreskiftet.
  16. Bjarte Sindre: Difteri-epidemien i Flora 1944/45. Som tittelen seier.
  17. Bjørg Mikalsen: Fra sildefisket ved Kinn i 1857: Skitt og fiske. Om sildefisket ved Kinn i 1850-åra, levekår og hygieniske tilhøve for fiskarane.
  18. Britt Kringlen: Anfinn og Camilla Kringlen. Om det legendariske søskenparet som dreiv konfeksjonsfbutikk i Florø.
  19. Oddvar Isene: «Skulen min» – Eit lokalhistorisk prosjekt om skulen. Som tittelen seier.
  20. Ukjent forfattar: Fra den tid jeg var omgangsskolelærer. Epistel frå 1867 om ein som som verka som omgangsskulelærar i distriktet.
  21. Odd Standal: Klipp frå Nordre Bergenhus Amtstidende 1917. Utval ved Odd Standal Som tittelen seier.
  22. Bjarte Sindre: Postkort. Storevatnet sett mot vest. Bilde frå ca 1914.
  23. Oddvar Isene: Flora Historielag i 2017: Eit aktivt lag – som formidlar av lokalhistoria. Om aktiviteten til historielaget i 2017.
  24. Målaren Hans Svanøe Av Eva Skomsø Svanøe. Kort tekst og måleri med motiv frå Svanøy.
  25. Gaute Losnegård: «Historia om Flora» i tre bind, er fullført. Om innhaldet i bind 3 av Historia om Flora.
  26. Edvin Helgheim : Med Asgeir frå Svanøy til Miklagard. Bokmelding av bind sju i serien «Odins smykke».
  27. Oddvar Isene: «Spor i blod, fanga av vikingar i Irland». Bokmelding av Ivar Fjeld si bok «Spor i blod».
  28. Eva Skomsø Svanø: Historien om Svanøy – Sunnfjords perle. Bokmeldng av «Historia om Svanøy- Sunnfjords perle.
  29. Bjarte Sindre: Postkort. Ytre Strandgata. Kort tekst og bilde frå ytre Strandgata 1925.


gmail adressen

Floraminne 2016

fm 2016På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette  årsskriftet. 

"Vi  opplever at det er rikeleg historisk stoff å ause av i dette distriktet", skriv redaktør og skriftstyreleiar Oddvar Isene i føreordet.

"Floraminne" si oppgåve og målsetting er i utgangspunktet å dokumentere lokalhistoria  for ettertida. Kanskje like viktig som skriftleg kjeldemateriale, er det å snakke med dei eldste mellom oss , som enno kan fortelje om sitt kvardagsliv slik dei opplevde det, levande og enkelt. I dette Floraminne finn vi fleire portrettintervju  med eldre personar som fortel frå sine liv, sitt yrke, sin hobby og sitt samfunnsengasjement.  Dei var mest vanlege folk, men likevel har dei sett spor etter seg, på sin måte i lokalmiljøet..

Årsskriftet har og meir fagleg historisk stoff, slikt som kan dokumenterast gjennom relativt pålitelege kjelder. Bjarte Sindre skriv om kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø, og dei kommunale "Sundhedscommissionene" på 1800-talet. Han skriv og om illegale aviser under krigen, og om Frelsesarme-speidarane  i Florø. Harald J. Stavang skriv om det eldste huset som var i Florø, fram til det vart rive i 1960, og som skulle bli bymuseum. Hallgerd Frøyen skriv om "fletføringen" Andreas Vågane som døydde på Nybø Gard i 1912. "Fletføring", var ei fleire hundre år gamal "pensjonsordning" knytta til bondesamfunnet. Ordninga vart avskaffa så seint som i 1963. Kolbjørn Nesje Nybø skriv om Kinnakyrkja og sola - om forskning, tru og tvil, rundt segner og helgendyrking, som knyter seg til kyrkja på Kinn. Magnus Helge Torvanger skriv om Einar Seim, bonden og vismannen på Kinn, ein tenkjande steinarbeidar, som mellom anna samla ordtak og omsette koranen til nynorsk. Brynjar Svardal har omsett frå engesk ei forteljing frå sommaren1895 om laksefiskarar frå England, som vitja Svardalsvassdraget og fekk oppleve den norske naturen og bygdekulturen tett på. Dette for å nemne noko av det interessante stoffet, utanom portrettintervjua og bokmeldingane. Det er og gjeve stor plass til bildestoff i årsskriftet, både gamle og relativt nye bilde, som og er viktige informasjonsberarar - ofte meir enn mange ord.

2016 - Index

  1. Harald J, Stavang: Evangerhuset. Om Evangerhuset som var tenkt å vere starten på eit bymuseum, men som blei rive rett før byjubileet i 1960.
  2. Bjarte Sindre: Kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø. Som tittelen seier.
  3. Bjarte Sindre: Florø Sundhetscommission. Om etableringa av helseråd i Florø då byen blei grunnlagt.
  4. Bjarte Sindre: Kinds Sundhedscommission. Om etableringa av helseråd i Kinn i 1831.
  5. Hallgerd Frøyen: Fletføringen på Nybø.
  6. Forklaring på begrepet fletføring som ei form for pensjon/umyndiggjering i det gamle bondesamfunnet når ein ikkje klarte å ta vare på seg sjøl.
  7. Magnus Helge Torvanger: Einar Seim på Kinn – bonde og vismann. Som tittelen seier.
  8. Anne Marie Baugstø-Hartvigsen Annanias Batalden – ein føregangsmann i vanføresaka.Om innsatsen til Annanias Batalden for vanføresaka.
  9. Odd Standal: Tradisjonsberaren Saxe Bjørkedal – Frå farty til fele.Om den mangfoldige Saxe Bjørkedal; skipsingeniør og felemakar.
  10. Bjarte Sindre: Anna Maria Skorpa. Portrett av Anna Maria Skorpa.
  11. Bjørg Mikalsen: Bjørg Jansen – et portrett. Portrett av Bjørg Jansen.
  12. Oddvar Isene: Magnhild Berg Rolness – nestor i målarmiljøet i Flora. Portrett av målaren/skulptøren Magnhild Berg Rolness.
  13. Iris Mikalsen: «Oldi» sin krig – andre verdskrig slik oldemor opplevde den. daglegliv under krigen slik Bjørg Jansen opplevde det.
  14. Bjarte Sindre: Kåre Knapstad – ein mann å minnast. Om Kåre Knapstad sitt liv med fokus på opplevingar under andre verdskrigen.
  15. Odd A. Standal: Barndomsminner fra krigen.Som tittelen seier.
  16. Bjarte Sindre: Illegale aviser under krigen. Som tittelen seier.
  17. Bjarte Sindre: Postkort. Parti fra Haukaavandet .Bilde og kort tekst frå Haukåvatnet.
  18. Britt Berg Madsen: Norddalsfjorden. Skulestil frå 1963 som Norddalsfjorden som feriestad.
  19. Brynjar Svardal: Sportsfiske i Svardal og på Vasset. Skildring av ei reise frå England til Svardal og Vasset i 1895 for å drive sportsfiske. Omsett av Brynjar Svardal.
  20. Bjarte Sindre: Postkort. Hovdenhuset. Bilde og ein kort tekst av Hovdenhuset i Livius Smittgata 6.
  21. Kolbjørn Nesje Nybø: Kinn kyrkje og sola. Teoriar om bygginga og  plasseringa av Kinnakyrkja.
  22. Odd Standal: Kjære Tomasine! Av Odd Standal. Om livsvilkår på ein vestlandsgard fortalt gjennom brev til Tomasine , gift Grov.
  23. Gaute Losnegård: «Historia om Flora, bind 2» er ferdig. Om innhaldet i bd 2 i Historia om Flora.
  24. Bjarte Sindre: FA-speidaren i Florø. Om Frelsesarme-speidaren i Florø.
  25. Bjarte Sindre: Postkort. Parti af Strandgaten. Kort tekst og bilde av Strandgata, ca 1922.
  26. Odd Standal: Nordre Bergenhus Amtstidende 1916. Avisnotisar frå Nordre Bergenshus Amtstidende frå 1916.
  27. Bjarte Sindre: Postkort. Parti fra Fuglø Batalden. Kort tekst og bilde fra Fugløya og huset der butikken var.
  28. Odd Standal: Småplukk frå Florø kommunestyre. Florø Elektricitetsværk – Ei vond sak for bystyret. Sak frå kommunestyret i 916 om straumforsyning mens det var dyrtid og straum enno var ei knapphetsvare.
  29. Bjarte Sindre: Postkort. Firda Frugtkonservering. Kort tekst og bilde frå saft/syltetøyfabrikken på hjørnet av Strandgata/Magnus Thingnæsgate.
  30. Oddvar Isene: Årsrapport for Flora Historielag 2016 – Stor aktivitet i Flora Historielag også i året 2016. Hiistorielaget sin aktivitet i  2016.
  31. Odd Standal: Flora formannskap og kommunestyre – Glimt frå 1916. Som tittelen seier.

Floraminne 2015

fm 2015

Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og litt med røter attende til 1800-talet. Då det er 70 år sidan siste krig, og fredsåret 1945, er det eit særleg fokus på det som skjedde her på kysten i siste fase av krigen. Mykje av det som skjedde akkurat her, hadde eit internasjonalt og storpolitisk perspektiv, truleg større enn det som til no er skrive inn i den norske krigshistoria. Fleire av artiklane i dette årsskriftet handlar om dei hemmelege agentane som stod bak dei illegale radiostasjonane i vårt distrikt. Med bakgrunn i denne aktiviteten har Flora Historielag teke initiativet til ein TV-serie om desse "Kystagentane". Målet er at denne kan bli realisert til 75-års jubileet for freden, i 2020.

Også dette Floraminne har leita fram både kjende og mindre kjende personar som har vore med på å fargelegge den lokale historia gjennom tida.  9 artikkelforfattarar har gjennom 30 artiklar over 96 sider, skrive om små og store hendingar som gjev oss nokre glimt frå lokalsamfunnet vårt, slik det eingong var. Det er dette samfunnet vi byggjer vidare på i notid og framtid. 

2015 - Index

  1. Bjarte Sindre: dagleglivet i Florø under krigen. Som tittelen seier.
  2. Reidar Brandsberg: Aksjonen mot radiostasjonen «Roska». Aksjonen mot radiostasjonen Roska i mars 1945, då Atle Svardal blei drepen og Fredrik Persen tatt til fange.
  3. Bjarte Sindre: SIS-agentane i Flora. Om etterretningsagentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen.
  4. Bjarte Sindre: Blåspeidarane i Florø. Historia om blåspeidarane i Florø.
  5. Harald Stavang: Skudalen og Skudalsfjøra – slik det ein gong var. Som tittelen seier.
  6. Hans Jacob Sunde: Handelsstaden «Tjenna». Om handelsstaden Tjenna, etablert i Rognaldsvåg i 1883.
  7. Torleif Reksten: kyrkjestova ved Kinnakyrkja. Om det vesle raude huset ved Kinnakyrkja. Flytta fleire ganger og tidlegare bustadhus for fiskarbonden, seinare kjøpt av kommunen og brukt av Kinnakyrkja og Kinnaspelet.
  8. Odd Standal: Konfirmasjon på Svanøy i 1821. Som tittelen seier.
  9. Odd Standal: Rennords Rute – til Eikefjord 1821. Om reisa presten Rennord gjorde frå Florø til Eikefjord for å halde preike.
  10. Karen Sindre: Tor Grønevik. Portrett av Tor Grønnevik; kunstnar og politikar i Bru kommune.
  11. Oddvar Isene: Sigrid «Kikka» Mayer Olsen. Portrett av tekstilkunstnaren Sigrid Mayer Olsen.
  12. Harald Stavang: Helsesøster Oddlaug Kvammen. Portrett av helsesøster Oddlaug Kvammen.
  13. Bjarte sindre: Øvre Standal. Bilde og kort tekst frå Øvre Standal 1909.
  14. Bjarte Sindre: Nedre Standal. Bilde og kort tekst frå Nedre Standal 1910.
  15. Bjarte Sindre: Parti fra Svanø i Søndfjord. Bilde og kort tekst frå Svanøy 1915.
  16. Bjarte Sindre: Brandsøy Planteskule. Bilde og kort tekst frå Brandsøy planteskule 1910. Gamle Florø Av Bjarte Sindre. Bilde og kort tekst frå Florø 1911.
  17. Odd Standal: Stavenes og Stavøy – Stong og Stongasund – men kvar er staven og stonga? Om stadnamn med forstaving stav- i ytre Sunfjord.
  18. Gaute Losnegård: Frå brevsamlinga til familien Grønevik. Brevsamling frå familien Grønnevik som budde i Grønevika og seinare i Ausevika.
  19. Rolf Sunde/Øyvind Kleiven:  Om salting av sild først på 1950-talet. Rolf Hammer Sunde fortel om sildesalting i Florø.
  20. Odd Standal: Eit forsøk på naving i 1930? Fattigstyret sitt svar på ein ung, sterkt synshemma gut sin søknad om støtte.
  21. Odd Standal: Frå Firda Folkeblad 1945. Som tittelen seier
  22. Ludvig Botnen Målet for kampen: Ei ny og betre tid. Utdrag av tale for dagen, 17. mai 1945. Utdrag av talen som Ludvig Botnen heldt 17.mai 1945.
  23. Oddvar Isene: Markering av åtaket på «Roska» – 70 år etter. Korleis angrepet på Roska blei markert 70 år etter.

Floraminne 2014

fm 2014

På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjekk føre seg i Sunnfjord. Odd Standal skriv om då Flora kommune vart til ved kommunesmanslåinga i 1964. Det er 80 år sidan første byggesteget ved Florø folkeskole (Florø barneskole) vart teke i bruk. Reidun Byrkjeland som var elev ved skulen frå 1956 til 1963, og seinare lærar i 40 år ved same skule, fortel frå opplevingar ho har hatt gjennom åra. Ho går også gjennom heile skulen si 80-årige historie relativt detaljert. Eit klassebilde for kvart tiår, representerar alle elevane som har gått på skulen.

"Hermetikken" har endeleg fått sin artikkel i Floraminne. På det meste hadde 150 menneske arbeidet sitt her, i ei tid då folketalet var berre 1000 i kommunen. Rundt 40 000 øskjer sardiner pr. dag kunne bli produserte på fabrikken i Havreneset. Dette var under 1. verdskrigen, og trongen for hermetikk til skyttargravene i Europa var enorm. Det er Harald J. Stavang som har grave i denne historia.

Elles kan vi lese om kjende folk frå kommunen, og finne stoff om hus og verksemder som er borte.

Omslagsbilde er eit måleri av Harald Seim, med motiv frå Storevatnet. Bildet er truleg måla under, eller rett etter andre verdskrig.

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

2014 - Index

  1. Gaute Losnegård:Sunnfjord og 1814. Om korleis det representative demokratiet blir organisert i Sunnfjord i 1814, med spesielt fokus på haugianarane på Svanøy.
  2. Bjarte Sinde: Anders Hove – Haugianaren. Om haugianaren Anders Hove.
  3. Edvin Helgheim: Magnus Thingnæs – lokalhistorikar og lokalpatriot. Som tittelen seier.
  4. Odd Standal: Bru kommune – «ein av dei mest vanskapte kommunar vi har» Om danninga av Bru kommune i 1923 og utviklinga fram til Scheikomiteen.
  5. Odd Standal: Flora 50 år. Om danning av Flora kommune i 1964. folkeliv/daglegliv/lokalmiljø. Bjarte Sindre: A. Hegranes Gartneri. Bilde av Hegranes gartneri og ein kort tekst om gartneriet før det blei til «Von».
  6. Reidunn Byrkjeland: Florø Folkeskole / Florø Barneskole 80 år. Etableringa av Florø folkeskole, bygging av den noverande skulen og utviklinga framover.
  7. Rune Bruflot: Leik på Storevatnet. oppvekst i Florø på -30 og -40 talet.
  8. Bjarte Sindre: Florø Møbel og trevarefabrikk. Bilde og kort tekst av Brende sin møbelfabrikk.
  9. Anita Øygard: Reksten felleseige – frå beiteregulering til sildesalteri. Om utmarka som bøndene på Reksta eige i fellesskap.
  10. Grethe Stavø: Kjende Florafolk: Laura Sundal Skorpen. Portrett av Laura Sundal Skorpen.
  11. Kim Gunnar Jensen: Marinens nederlag i Florø. Om tre båtar; Snøgg, Troll og ubåten B6 som skal gå over til England i mai 1940.
  12. Oddvar Isene: «Bebbien» på bua – ein del av byen si historie. Portrett av Sigbjørn «Bebbien» Stenseth.
  13. Bjarte Sindre: Gullsmed J. Angell-Jacobsen. Bilde og kort tekst om gullsmed Angell-Jacobsen.
  14. Eldbjørg Stegane Engebø og Idar Stegane: Ungar på sjukehus hausten 1945 – minne ved to av dei. Barndomsminne om eit opphald på Florø sjukehus  i 1945.
  15. Bjarte Sindre: Distriktslege Tobias M. Gedde-Dahl. Portrett av  distriktslegen Gedde-Dahl.
  16. Bjarte Sindre. Thor Solberg – Sjukehustransport med fly. Bilde og kort tekst om korleis Thor Solberg dreiv sjukehustransport med fly.
  17. Knut Magnussen: «Og så kom helgenen fram». Om då fjernsynet kom til Florø.
  18. Harald Stavang: Hermetikken. Om hermetikkfabrikken i Hesteneset.
  19. Torleif Reksten: Kinn – Informasjonsskilt og merking av turstiar. Som tittelen seier.
  20. Øyvind Kleiven Ættegransking i Flora Historielag. Om arbeidet med slektsgransking i Flora historielag.

Floraminne 2013

Gå til Floraminne 2013Artikkel av Kolbjørn Nesje Nybø om restaureringa av Horneeigendommen. Dette prjosjektet fekk Flora kommune sin byggjepris i 2013. To jubileum er markerte med eigne artiklar. Kyrkja i Eikefjord er 200 år, og det er i år 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. I den anledning er 2013 makert som ei nasjonalt språkår.Kven var dei første som kjempa for det nye skriftspråket i vår kommune? I artikkelen "Føregangsmenn i Flora" får du vite meir om dette. Andre meir uoffisielle jubileum blir og markerte. I år er det 100 år sidan Gjøringebø si smie blei etablert, og Bertil Gjøringebø er derfor årets namn i serien "Kjende Flora-folk". Bertil sitt liv er byhistorie i seg sjølv, med ein barndom i dei harde 30-åra, i det han opplevde som ein klassedelt by. Året før, i 1912, starta Frelssarmeen med jamleg møteverksemd i Florø, og i 1913 skaut aktiviteten fart. Eit slags jubilem det òg. Dette kan vi lese meir om i Bjarte Sindre sin interessante artikkel. Lokal krigshistorie blir vi nærare kjent med gjennom fleire tekstar. Kim Gunnar Jensen skriv om flyangrepet på Flore hamn i 1944. I artikkelen "43 månader i krigsfangenskap" får vi høyre om Aage Sandvik sin krigsinnsats og prisen han måtte ut med for denne som tysk krigsfange. Innvandrarar har Florø hatt mange av gjennom åra. Kanskje var det spanjolane som kom med den spanske borgarkrigen, den første gruppa innvandrarar som slo seg ned i Florø. I artikkelen "Spania, mitt Spania" skriv Merete H. Høidal om desse. Rammetekstane er i år frå 1956, det store sildeåret. Korleid dette prega byen og kommunen, er ei oppleving å lese om. Heldige er dei som fekk oppleve dette, og for dei vil rammetekstane vekke mange minne. Andre kan i årets Floraminne lese om dette eventyret som gjekk føre seg i Florø og på fiskefelta rundt. Dette er berre smakebitar frå årets Floraminne, vi trur mange vil finne noko av interesse.
Vi takker dei som har teke del med artiklar og bilde.

Har du bilde eller tips til stoff vi kan ha med, ta kontakt med ein i skriftstyret, eller på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

2013 - Index

  1. Kolbjørn Nesje Nybø: Restaureringa av Horne-eigedomen.Som namnet seier.
  2. Bjarte Sindre: Bru Skibsværft. Bilde og kort tekst om eit båtbyggeri på Svanøy.
  3. Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: Eikefjord kyrkje 200 år. Historia til Eikefjord kyrkje.
  4. Kim Gunnar Jensen:  I kryssilden. Britisk angrep oppå tyske marinefartøy på Florø hamn i 1944.
  5. Kim Gunnar Jensen: Brev fra en tysk soldat. Brev frå ein tysk soldat som var stasjonert i Florø.
  6. Magnus Helge Torvanger: 43 måneder i tysk fangenskap. Om Aage Sandvik sitt liv under krigen, som deltakar i kompani Linge, Shetlandstrafikken og opphald i tysk konsentrasjonsleir.
  7. Merete Husmo Høidal: Spania, mitt Spania. Om spanjolane som kom til Florø etter den spanske borgarkrigen.
  8. Harald Stavang: Kjende Florafolk: Bertel Gjøringbø. Portrett av Bertel Gjøringbø.
  9. Odd Standal: Føregangsmenn frå Flora. Om språkstrid og målsak i Florø/Kinn.
  10. Odd Standal: Ord på vandring – Kjippen, chip’en og kipa. Opphav til ord som «kjippen», «chip» og «kipa» andre avleiingar.
  11. Bjarte Sindre: Fotograf Anton Gjesvik. Bilde og kort tekst om Anton Gjelsvik.
  12. Bjarte Sindre: Skipinga av Frelsesarmeen. Som tittelen seier.
  13. Knut Magnussen: Drapet på Jesusbarnet. Frå ei juleavslutning på Florø Folkeskole.
  14. Bjarte Sindre: Sjukehuset i Florø. Historia til sjukehuset i Florø 1867 – 1933.
  15. Rune Bruflot: Byfolk på Vona. Om Vona som utfluktsmål for ungdom frå Florø.
  16. Bjarte Sindre: Ungdomar i skråninga ved Likkjeåsen. Bilde og kort tekst om Ludvig Bjerck, Oluf Bjerck sr, Johan Hagen og Fredrik Bauge.
  17. Odd Standal: Trolldom på Svarthumle. Om ei kvinne frå Stavang som i 1663 blei dømt for trolldom.
  18. Fridjof Urdal: Hard kur for sjøredsle – Segner og folketru på Seljestokken. Om korleis ein prøvde å kurere ein jølstring for sjøsjuke.
  19. Fridtjof Urdal: Dei underjordiske – Segner og folketru på Seljestokken. Om tru på dei underjordiske.
  20. Bjarte Sindre: Flyfoto av Florø. Som tittelen seier.
  21. Bjarte Sindre: Magnus Thingnæs – Florøpatriot og diktar. Som tittelen seier.
  22. Fridtjof Urdal: Mykje kunne vore annleis om det ikkje var slik det var. Om forholdet mellom Florø og resten av fylket frå starten av og framover.

Floraminne 2012

fm 2012Den 12. utgåva av Floraminnet er blitt eit rikhaldig historisk dokument om livet i Flora i forrige hundreåret. Heftet inneheld heile 16 artiklar med forteljingar og historiske glimt frå først på 1900-talet til etter 2. verdskrig. Fleire artiklar handlar om hendingar og tilhøve under krigen. I artikkelen "Operation Brandy" har Kim Gunnar Jensen skrive om senkinga av det tyske lasteskipet D/S Optima på Flora hamn i 1943, og følgjene dette fekk, eksempelvis kva som skjedde etter at MTB 631 gjekk på grunn under dette angrepet. Bildematerialet er unikt, fleire bilde er frå tyske privatpersonar eller arkiv, og har ikkje vore publiserte før.

Du vil finne fleire artiklar om korleis det var å vere barn og ungdom i Flora utover på 1900-talet. Bjarne Sunde skriv om det å ver barn først i hundreåret, då det var berre fire gater i Florø. Markegata vart kalla Mellomgata, og Hans Blomgata, "den øverste gata". Bjørg Nesje Nybø fortel om oppvekst på Nybø rundt 1920, og Knut Magnussen fortel om ungdommelege geriljaåtak på heimevernet på Lindmarka.

Også dette året får vi lese om kjende Florafolk; Ruth Liset blir presentert. Ein serie som blir vidareført er rammetakstane frå eit bestemt år, i form av notisar frå Firda Folkeblad. Året er 1947, 2. etterkrigsåret, prega av rasjonering og mangel på alt. Rettsoppgjeret opptek mange. 

For å sikre seg kunnskap om tidlegare tider, har Flora Historielag intervjua eldre personar i kommunen. Dette som ein del av eit tidsvitne-prosjekt. Dette året vart Harald Halvorsen presentert som den første i Floraminne. Han var lege i kommunen gjennom 34 år. 

2012 - Index

  1. Jan Roar Hatlem: FSK 150 år. Om oppstarten og dei første åra. Som tittelen seier.
  2. Kim Gunnar Jensen: Operasjon Brandy. Om MTB-angrepet på Florø hamn. Senkinga av «Optima»
  3. Grethe Stavø: Kjende florafolk – Ruth Liset. Portrett av Ruth Liset.
  4. Grethe Stavø: Florø Dramatiske Klubb. Om amatørteaterklubben som laga mange matinear og teaterframsyningar i «Fram».
  5. Bjarne Sunde: Florø i gamle dager sett med barneøyne. oppvekst i Florø i gamla dagar.
  6. Bjørg Nesje Nybø: Ungdomsaktivitetar i Florø 1919 – 1920. Som namnet seier.
  7. Knut Magnussen: Gerilja og heimevern. Leik med spengstoff og militære effektar etter.
  8. Bjørn Faste Bjartmann:Bilturen fra Sandane til Florø. Kort tekst om korleis det var å reise frå Sandane til Florø i 1945.
  9. Edvin Helgheim: Nordre Bergenhus amt verdt ein fest. Om etableringa av nordre Bergenhus Amt og fylket si 250års-feiring.
  10. Odd A. Standal: Illegalt arbeid under krigen. Om Inga og Mads H.Standal sitt illegale arbeid under krigen.
  11. Odd A.Standal: En nervepirrende opplevelse. Eit illegalt oppdrag under krigen utført av Mads A. Standal.
  12. Odd Standal: «No får du pinadø hoppe!» Minne frå 34 års legeteneste i Florø.Harald Halvorsen fortel frå distrikslegetenesta si.
  13. Brynjar Svardal: Kvinna i berghola på Rimma. Om ei kvinne som måtte rømme under krigen og leve i skjul i ei berghole.
  14. Jostein Midtbø: Vasskraft – kverner – korn. Om korleis ein brukte vasskraft til å male korn i gamla dagar.
  15. Fridtjof Urdal: Postmannen Martin Holmen og ruta hans. Om Martin Holmen som dreiv postrute/,mjølkekrute og passasjerute mellom Seljestokken og Florø.
  16. Malvin Toft: Orkan-minne. Om fire store orkanar.

Floraminne 2011

fm 2011

Det store jubileumsåret 2010 (byen 150 år), skapte stor interesse for lokalhistoria til kommunen. Å få kjennskap til røtene våre var i vinden som aldri før, det viser mellom anna den veksande interessa for slektsgransking. Floraminne 2011 freistar å følgje opp denne interessa, med mykje kulturhistorisk stoff; frå Kinn lengst i vest ved havet, til Grønnevika inst i fjorden. Sjølvsagt er kommunesenteret, Florø by, også rikeleg med.

Harald J. Stavang tek oss med på ei reise langs Nordalsfjorden, der han skildrar kulturlandskapet og folkelivet gjennom tidene. Bjarte Sindre fortel om restaureringa av Kinnakyrkja i 1911-12, ei kulturhistorisk storhending i kommunen. Reidar Brandsberg skriv om handelen i Florø by gjennom 150 år. I ein ny artikkelserie, Florafolk gjennom tidene, skriv Leif Stavøstrand om kjøpmannen Gustav Stavøstrand, ein av dei driftige foretningsmennene i Florø først på 1900-talet. Fleire andre artiklar omhandlar kjende og mindre kjende kvinner og menn som har gjort ein innsats på eit eller anna område i Flora. Edvin Helgheim skriv om Haldor Halvorsen, rimsmeden i Fram, Torleif Reksten skriv om Hans Edvard Andersen, gardbrukar, lærar og klokkar, som starta kurstad på Reksta, og Bjarte Sindre skriv om krigshelten Dagfinn Ulriksen. Sigvart Grønevik minnast oppveksten i Grønevik rundt førre hundreårsskiftet, der han fortel om slekta si, liv og virke ved fjorden på den tida. Andre artiklar omhandlar kulturminne og historiske tidsbilde. Grethe Stavø tek oss med til handels- og gjestgjevarstaden i Furesundet som brann ned til grunnen i september 2010. Turid Absalonsen Fimland fortel om "Saltlageret" i Hesteneset, som brann ned i 1961. Kim Gunnar Jensen fortel om krigshandlingar i Florø dei første krigsåra. Knut Magnussen fortel om stevnemøte med pølse og dans på 60-talet. Odd standal skriv om gløymde graver frå bronsealderen, og "Dytting" - tidleg vassdragsregulering. Bjørn Faste Bjartmann stiller spørsmålet: "Kor e det blitt av Gadden og Evja?"

Nytt av året er ein gjennomgåande spalte på dei fleste sidene i heftet, med små notisar frå Firda Folkeblad gjennom årgangen 1936, med lokale hendingar og stoff frå inn- og utland.  

Heftet avsluttar med minneord om Bjørn Hegranes som døde 19. oktober 2011. Framsidebildet på dette Floraminne er måla av han i 1950, og viser eit kjent innslag i bybildet på den tida: Frelsesarmeen har teke oppstilling der ankeret ved sparebanken ligg i dag, og har eit friluftsmøte.

 

 

2011 - Index

  1. Harald J. Stavang: Landskapet og gardane langs Nordalsfjorden. Som tittelen seier.
  2. Bjarte Sindre: Restaureringa av Kinnakyrkja 1911–12. Som tittelen seier.
  3. Edvin Helgheim: Haldor Halvorsen – rimsmeden i Fram. Om Haldor Halvorsen som dikta mykje av underhaldninga som var i Fram; revyviser (ein del er gjengitt).
  4. Sigvart Grønsvik: Minne frå oppvekst i Grønevik rundt førre hundreårsskiftet. Om livet på eit småbruk i Grønevika, der tre generasjonar budde saman og far var borte store delar av året på fiske.
  5. Grethe Stavø: Furesundet gjestgjevar- og handelstad. Som tittelen seier.
  6. Torleif Reksten kursted – Kinnesund. Om kurstaden på Reksta, driven av naurlegen Hans Edvard Andersen.
  7. Bjarte Sindre: Krigshelten Dagfinn Ulriksen. Om motstandsmannen Dagfinn Ulriksen og motstandsarbeidet han deltok i verdskrig2.
  8. Odd Standal: Dytting – tidleg vassdragsregulering. Om ein måte å regulere vassdrag på i tidlegare tider.
  9. Knut Magnussen: Stevnemøte med pølse og dans. Om å be med seg ei jente på FSK-fest når ein er lilleguttspelar.
  10. Kim Gunnar Jensen: Senk tyske skip i Florø! Det britiske angrepet på tyske båtar på havna i Florø i 1942.
  11. Leif Stavøstrand: Florafolk gjennom tidene – Gustav Stavøstrand. Om den driftige Gustav Stavøstrand.
  12. Odd Standal: Gløymde graver? Om gravrøysa Skjeljevikrøysa.
  13. Reidar Brandsberg: Handel i Florø i 150 år. Om familien Hjørnevik og handelen dei dreiv.
  14. Turid Absalonsen Fimland: Saltlageret. Om bua i Hesteneset som blei kalla Saltlageret.
  15. Bjørn Faste Bjartmann Kor e’det blitt av Gadden og Evja? Kart over Gadden og Evja og beskrivelse av området.

 

Floraminne 2010

fm 2010

Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne berre for Floraminne. Tidsskriftet er derfor alt blitt eit samleobjekt. 

Floraminne 2010 ber også preg av at byen Florø hadde 150 års jubileum dette året. Byen og sentrum i Flora kommune har fått stor plass. Harald J. Stavang let oss bli kjende med Jens Helmers, mannen som gav grunn til byen, og tomter til dei som kom og ville busetje seg her. Kolbjørn Nybø skriv om Florø by og den første byplanen, og fortel om det praktiske arbeidet med å planlegge byen. Byplanleggar Birger Hielm måtte bestemme grunnforma på den nye byen. Kva for utfordringar sto han ovanfor då han skulle måle opp, legge kvartal og bestemme hushøgder? Kvifor let han Strandgata få ein knekk ved Trovikkvartalet?  Eit stykke interessant Florahistorie. Edvin helgheim fortel i tekst og bilde om sjølve jubileumsfeiringa, mellom anna der 1300 ungar var samla i den nye storhallen ved Idrettssenteret og Vidaregåande skule. På dei andre 96 sidene finn du mange glimt frå kvardagsliv og fest gjennom byen si 150 årige historie. 

Årsskriftet avsluttar med minneord om fiskarbonden, trubaduren og forfattaren Malvin Toft som døydde på seinsommaren dette året. 5 - 6 bøker hadde han gjeve ut på sine gamle dagar, etter at helsa skranta tidleg på 80-talet. Nokre av bøkene var han åleine om, andre var saman med andre forfattarar. Han vart 76 år. Minneordet er skrive av Harald J. Stavang. 

Omslagsbilde dette året er eit måleri av Amadeus Nielsen som laga ein god del skisser frå tida kring byetableringa. Motivet er utsikt vestover frå Helmersgarden. Vi ser bygningar langs stranda kring 1860. Nederst til høgre taket på Helmers si sjøbu, som i dag er Stenseth-bua.

 

 

2010 - Index

  1. Harald J. Stavang:  Levemåte i Flora og Sunnfjord gjennom hundreår. Levemåten i distriktet vårt i gammal tid, frå vikingtida og framover.
  2. Harald J. Stavang:  Før byen vart til. Korleis såg det ut i Florø rett før det blei by?
  3. Kolbjørn Nybø: Florø by og den første byplanen. Om reguleringsplanen som Florø blei lagt etter.
  4. Trond Strømgren: På havet med plank og bananar. Fiskebåtar og skipsreiarar i Florø og området rundt. Om fraktebåtar og reiarar som har vore i Flora kommune.
  5. Grethe Stavø: Minnesmerket over Thor Solberg. Kort tekst om minnesmerket over Thor Solberg.
  6. Bjarte Sindre Flygarhelten Thor Solberg. Som tittelen seier.
  7. Reidar Brandsberg:  Tor-Nils-hytta. Kvardagsliv og dramatikk i Storåsen i gamle dagar. Om liv og røre i Storåsen i gamle dagar.
  8. Grethe Stavø:  Russeleiren minnelund opna. Som tittelen seier.
  9. Leif Stavøstrand  Senkinga av «Welheim». Om senkinga av tyske «Weldheim» ved Trefotskjæret i 1944.
  10. Bjarte Sindre: Om Folkebladet for Sogn og Fjordane. Kort tekst om pressa i Florø under krigen.
  11. Jostein Midtbø: Ferdslevegar. Gamle ferdslevegar i Nordalsfjordområdet.
  12. Magnus Helge Torvanger:  Verftet og byen. Om Ankerløkken.
  13. Edvin Helgheim:  Eit år å minnast. Om Florø sitt 150-års jubileum.
  14. Harald J. Stavang:  Forfattaren Malvin Toft har gått bort. Minneord over Malvin Toft.

Floraminne 2009

fm 2009Dette året kom den 9. utgåva av historielaget sitt årsskrift, igjen med eit unikt og variert innhald. Spennvidda er heilt frå dei rike sildeåra på 1860-talet til nyare tid, og Kinnaspelet sitt 25-årsjubileum. Mest er det likevel å lese om lokale hendingar frå første halvdel av 1900-talet, og særleg frå åra rett før og under 2. verdskrig. Vi kan lese om handelsskipet MS "Welheim" som i 1944 vart senka aust for Tansøya. Med bakgrunn i ei aprilspøk, planta av Flora Froskemannsklubb i 2007, får Alf Jansen kontakt med einaste attlevande matros frå "Welheim", Manfred Hassel. Hassel segla på tyske handelsskip under heile krigen, og skreiv dagbok om sine mange dramatsike opplevingar.

Harald J. Stavang skriv om det kaotiske tilbaketoget etter kampane i Norge våren 1940, om stølsliv i Klauene i gamle dagar, om sildefisket med fiskedampbåten "Havsulen", og om Middelskulen i Florø som starta i 1903.

Grethe Stavø fortel i ord og bilde frå Kinnaspelet si 25-årige historie, og Reidar Brandsberg skriv om Sildefisket vest om Florø på 1860-talet.  Heftet har og med fleire mindre artiklar om daglegliv og hendingar opp gjennom tida. Torleif Reksten skriv om Reksta skule, og om "Russeleiren" under krigen. Leif Stavøstrand foretel om "Varghytta" på Løkkebø. Bjarte Sindre skriv om Gartneriet Von, og om fotografen Steinkopf Wold frå Stavanger, som har laga fleire postkort med motiv frå Førdefjorden og Ytre Sunnfjord. Steinar Ytreland fortel om to store varemesser i Sunnfjord på 1930-tallet, den eine i Førde i 1930, og den andre i Florø i 1935. Dette var eit fellestiltak for heile Sunnfjord, og artikkelen er eit interessant historisk dokument som vitnar om godt samarbeid i regionen på den tida.

Framsidebilde er frå urpremieren til Kinnaspelet i 1985. Fotograf Frode Klokkernes.

 

 

 

 

2009 - Index

  1. Alf Jansen:  Eit litt anna eventyr. Om  Weldheim, som blei senka under verdskrig2 (1944) utanfor Tansøysundet og ein aprilspøk knytt til dette.
  2. Harald J. Stavang:  Eit kaotisk tilbaketog våren 1940. Tilbaketoget etter kampaner i Gudbrandsdalen i 1940.
  3. Harald J. Stavang Litt om middelskulen i Florø. Skulehistorie frå då realskulen heitte middelsskulen.
  4. Harald J. Stavang:  Litt om stølsliv i Klauene. Gardsdrift; arbeidet på stølen.
  5. Harald J. Stavang:  Brevet heim til Ingrid. Brev frå Simon Malkenes som var på sildefiske på Mørekysten til dattera Ingrid.
  6. Torleif Reksten:  Reksta skule. Frå då det var skule på sørsida på Reksta.
  7. Torleif Reksten: ¸Minneplaketten ved «Russeleiren». Forarbeidet til plaketten som er sett opp ved russarleiren.
  8. Grethe Stavø:  Kinnaspel i 25 år. Historia til Kinnaspelet ved 25års jubileet.
  9. Bjarte Sindre:  Utsyn frå Kvellestad – Steinkopf Wold. Litt om fotografen Steinkopf Wold som også fargela for hand bilda han tok.
  10. Øyvind Haram:  Maritime knivar og eggjeverktøy. Om verktøy; knivar brukt på fiske.
  11. Reidar Brandsberg:  Sildefisket på 1860 talet. Som tilttelen seier.
  12. Leif Stavøstrand Litt om «Varghytta» på Løkkebø. Kort tekst om sportsklubben si hytte på Løkkebø.
  13. Bjarte Sindre: Gartneriet VON. Kort tekst om etableringa av gartneriet «VON».
  14. Steinar Ytreland:  Sunnfjord Varemesse – i Førde 1930 og Florø 1935. Som tittelen seier.

Floraminne 2008

Gå til Floraminne 2008
Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk kalla opp etter seg den vesle byen Fosston i Minnesota.

Bjarte Sindre skriv om krigshelten Atle Svardal og dramatikken då han fall i kamp med tyske soldatar ovanfor Breivika 15. mars 1945. Jonsokbåla og konkurransen mellom Utiby’narane og Inniby’narane, er Florø-historie på det meir artige planet, fortalt av Bente Nygård i ei oppgåve i etnologi på Universitetet. Are Svardal fortel i personleg stil om hamna i Florø, mellom anna frå den til dels kaotiske sildetida på 50-talet. Den allsidige og fantasirike forretningsmannen Olav Sande er omtala på åtte-ni sider med diverse illustrasjonar, ført i pennen av Harald J. Stavang.

Gaute Losnegård tek oss med attende til 1700-talet og det eldste skuleverket i Kinn prestegjeld, til dei borkebrødstider då det mellom folket rådde «Beklagelig Lamentation og Bedrøvelse», som det heitte i dåtida si språkdrakt. Grethe Stavø tek for seg fattigstellet i Florø i andre halvdel av 1800-talet, i artikkelen "At synke ned i fattigdom...". Det var i dei tider ein skilde mellom «verdige» og «uverdige fattige». Det å «falle andre til byrde» vart ikkje sett på med heilt blide auge. Ein såg helst at dei flytte frå byen og landet. Bjørn Faste Bjartmann skriv om far sin, Nils Liset, som var ein allsidig og dugande person, både som lærar, skulestyrar og musikar. 

Framsida til «Flora-minne» 2008 viser ytre Strandgata frå det som i dag er «Trovikbakken» og vestover.

 

 

 

 

2008 - Index

  1. Bjarte Sindre:  Atle Svardal – Krigshelten som fall i kamp for norsk fridom. Om motstandsmannen Atle Svardal.
  2. Bente Nygård:  Inn i by’n og ut i by’n – St. Hans-feiring i Florø i gamle dagar. St.Hans feiring i Florø før; innibyn og utibyn.
  3. Harald J. Stavang:  Olav Sande – ein allsidig forretningsmann. Portrett av den driftige forretningsmannen Olav Sande.
  4. Gaute Losnegård:  Eldste skuleverket i Kinn prestegjeld. Om skulefundasen og utarbeiding av retningslinjer fo skulevesenet i Kinn rundt 1740.
  5. Grethe Stavø:  At synke ned i Fattigdom. – Fattigstellet i Florø by 1863–1900 . Om fattigvesenet i Florø fram til ca 1900.
  6. Are Svardal : En historie om Flora Havn – og mere til arbeid/levekår. Om aktivitet på Florø hamn frå ca 1950 og framover.
  7. Harald Jarl Runde: Louis Foss – Sunnfjordingen som fekk ein heil by kalla opp etter seg. Om ein sunnfjording som gjorde karriere i Amerika på 1870-talet.
  8. Bjørn Faste Bjartmann: Om min far, Nils Liset. Portrett av Nils Liset, kjent lærar i Florø.

Floraminne 2007

fm 2007"Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den neste tok føre seg "Inniby`n" frå gamle bygrensa, og i samband med Kinnaspelet vert det årevist gjennomført historiske vandringar", skriv skriftstyreleiar, Harald J. Stavang, i føreordet til den sjuande utgåva av Floraminne. Han fortel og at historielaget dette året har arrangert kurs i slektsgransking, med særlig vekt på å bruke internett som verkty. Han oppmodar elles lesarane om å leite fram gamle bilde, artiklar og anna stoff som kan høve i årsskriftet, for å gjere Floraminne endå meir variert, og då til større glede for både lesarane og dei som arbeider med å gje det ut. 

I dette årsskriftet finn vi 4 artiklar med tilbakeblikk på livet i Florø og distriktet, gjennom dei første 100 åra av byen si historie. I tillegg eit par sider med klipp frå Nordre Bergenhus Amtstidende, årgang 1902.

Are Svardal fortel om oppveksten i Florø og på Husefest i åra før og under krigen. Her får vi møte mange både kjende og meir ukjende menn og kvinner som har sett sitt preg på historia i byen. 

Jostein Midtbø fortel om Rakel i Vikå (Rakel Kalsvik) fødd i Nordalsfjorden i 1861, og gift med odelsguten Mathias Kalsvik i Eikefjord. Ho var ei av desse sterke kvinnene som ikkje gjekk av vegen for å ta eit tak når livet butta i mot. Berre 15 år fekk dei leve saman før ho vart enke. Då hadde ho fødd 9 born, og ingen av dei var rett vaksne då Mathias døydde. Trass i eigen skrøpelege fysikk og skarantande helse, greidde ho med sin indre styrke og gode kløkt å fostre opp alle dei ni borna, i tillegg til ein "fostergut" som familien tok til seg 2 år gamal.

Grethe Stavø skriv om Olaus Lind - den første magistraten i Florø. Han vart tilsett som lensmann og magistrat i 1861, då Florø vart ladested (by). Stillinga som magistrat kan samnliknast med både borgarmeister, rådmann og byfogd i ei og same stilling. Når han då i tillegg var lensmann, forstår vi at han var ein svært sentral person i Florø fram til århundreskiftet. Han døydde i 1902.

Nils Steinar Våge samanliknar Florø og Lillestrøm, to byar med røter i 1860-åra. Her finn vi mange interessante historiske opplysningar om begge byane. Men det er to byar med svært ulike utviklingstrekk, samstundes som ein og kan finne likskapar på nokre felt.

Framsidebilete viser lensmann Hatlem si hytte, som låg ved Storevatnet, nord for bekken som renn ned frå Litkjevatnet. Bustadhuset sitt hadde han i Hans Blomgata - dei hadde ikkje lang veg til hyttene sine, nokre av Florøborgarane på den tida.

2007 - Index

  1. Are Svardal : Min barndom i Florø og på Husefest. Oppvekst i Florø og på Husefest rundt 1930.
  2. Jostein Midtbø: Rakel i Vikå – ei sterk kvinne. Portrett av Rakel Kalsvik.
  3. Grethe Stavø:  Olaus Lind – den første magistraten i Florø . Om Olaus Lind som var magistrat i Florø.
  4. Nils Steinar Våge:  Florø og Lillestrøm – To byar med røter i 1860-åra.. Om to byar som vaks fram i Noreg på samme tid, likskap og ulikskap. Smått og stort frå Nordre. Bergenhus Amtstidende 
  5. Notisar  frå Nordre Bergenshus Amtstidende 1902.

 

 

Floraminne 2006

fm 2006

Denne utgåva er prega av Anders Moen sitt storarbeid med å finne fram kven som budde i Florø då byen var fem år gamal i 1865. Det var 346 personar, og alle er kartlagde med foreldre, eventuelle ektefeller og barn. I tillegg er sokneprest Hans J.Blom og familien hans tekne med, saman med fire andre hushaldningar som er registrerte i Florø.

Leiar i skriftstyret, Jostein Midtbø, skriv i føreordet at detaljar ofte er interessante. Yrkeslista viser at byen på den tid hadde ein gardbrukar (Jens Helmers), ein jekteskipper, ein smed, ein ølbryggar, ein prest, ein rokar, ein sakførar, ein telegrafist, men heile 12 handelsmenn, for å nemne nokre av yrka som var etablerte i den nye byen. Han meiner at dette årsskriftet kort og godt er eit oppslagsverk som vil kome til nytte, ikkje minst for dei som ønskjer å leite etter slektsrøter mellom dei første borgarane i Florø. Han skriv og at historielaget dette året engasjerte seg ein del i arbeidet med å få sett i gang arbeid med eit større historieverk/bysoge i høve 150-årsjubileet i 2010.

2006 - Index

  1. Anders J. Moen:  Folk i Florø 1865, hvem var de og hvor de kom de kom fra.
  2. Anders J. Moen: Oversikt  over alle som budde i Florø i 1865. Alle familiar som budde i Florø i 1865, gruppert etter familie og med namnet-index.
  3. Anton Holm : Ungdomsarbeid i Standal og Svortevik. Ungdomslagsarbeid i Standal/Svortevik rundt 1920/1930.
  4. Bjørn Faste Bjartmann:  Hvorfor heter det Florelandet? Teoriar om namnet Florø/Flora/Florelandet.

Floraminne 2005

Gå til Floraminne 2005

 

2005 - Index

  1. Bjørn Fjellheim: Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905.  Om korleis unionsoppløysinga og hendingar rundt denne påverka livet i Kinn og Florø.
  2. Turid Absalonsen Fimland: Då straumen kom til øyane i Kinn. Kåseri med tilbakeblikk på korleis det gjekk føre seg då øyane i Kinn fekk straum.
  3. Audun Hovland og Jostein Midtbø: Tønneproduksjonen i Eikefjord. Om tønneproduksjonen i Eikefjord.
  4. Anne Marie Lien Krossen: Illegalt arbeid i Sogn og Fjordane 1940-1945. Om englandsfart, skøytetrafikk og militær motstand under krigen. Utdrag av ei hovudoppgåve.
  5. Steinar Ytreland: Dovne flørøianere på «Fjøsø»-øen med de mange fjøs. Utdag av O.W.Fasting si skildring av Florø rundt hundreårskiftet.

 

Floraminne 2004

Gå til Floraminne 2004

2004 - Index

  1. Alf Jansen og Kari-Ann Søreide: «Fram» gjennom historia. Om forsamlingslokalet. Florø si storstove: «Fram».
  2. Bjørn Faste Bjartmann: Illegalt arbeid under verdskrig2. Om illegalt arbeid i Florø under andre verdskrig.
  3. Bjarte Sindre: Den gløymde Florøavisa Søndfjords Avis og 1905. Om Søndfjords Avis si haldning i unionsspørsmålet.
  4. Eli Bolette Høydal Tyvold: Einar Hoidal kjende folk. Om norsk-amerikanaren Einar Hoidal. som gjorde politiske karriere i USA.

Floraminne 2003

Gå til Floraminne 2003Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to permane, som dette året omslutta 80 sider med tekst og bilde.  

2003 - Index

  1. Trond Strømgren: Om Batalden .Om levemåten i Batalden frå tidleg busetting til
  2. Eva Skomsøe Svanøe: Svanø gruber. Om gruvedrifta på Svanøy.
  3. Steinar Ytreland: Motorbåtstevnet i Florø 1913 Om eit båtstemne i Florø i 1913
  4. Bjarte Sindre: Brevhuset Uren Om eit posthus/brevhus i Uravika.
  5. Bjørn Faste Bjartmann: Andre verdskrig i Florø sett med barneauge
  6. Rolf Orheim :Fotballpioneren frå Kinn. Fotballhistorie i Florø.
  7. Anders S. Knapstad og Harald J. Stavang: Hjemreisen fra Amerika Ei heimreise frå Amerika i 1909.
  8. Harald J. Stavang: Friluftsliv i gamle Florø Om utfluktsmål og friluftsliv i gamle Florø.
  9. Harald J. Stavang: Bru kommune Om Bru kommune.

Floraminne 2002

Gå til Floraminne 2002

2002 - Index

  1. Steinar Ytreland: Posten i eldre dagar. Om posten i Florø frå 1860 til 1940.
  2. Fridjof Urdal: Då dei skaut den siste bjørnen her i markane- slik ho besta fortalde det. Om bjørnejakt på Årebrot.
  3. Bjørn Faste Bjartmann: Med robåt til Risøya i 1933. Om søndagsutflukt med robåt.
  4. Harald J. Stavang: Risøya. Om korleis ei øy som høyrde til eit småbruk blei brukt.
  5. Bjørn Fjellheim: Tre stiloppgåver fortel om det å reise i byrjinga av 1900-talet. Om å reise i gamle dagar.
  6. Turid Absalonsen Fimland: Gryta henna mor. Om klesvask før vaskemaskina si tid.
  7. Jostein Midtbø: Nytt skulehus og 17.mai feiring på Øyrabakken. Bilde og ein kort tekst om 17.mai feiring i Norddalsfjorden.
  8. Asbjørn Nybø: Florø Treplantingselskabs historie. Om treplantinga på Florelandet.

Floraminne 2001

Gå til Floraminne 2001

 Floraminne 2001 - Index

  1. Jostein Midtbø: Då bjørnen herja. Om møte med bjørn og om bjørnejakt i Norddalsfjorden.
  2. Seim Litt om far; Einar Seim og broren Harald, kjende folk og om eigne barne-og ungdomsår på Kinn. Om Einar Seim og Harald Seim.
  3. Turid Absalonsen Fimland: Min barndoms Hesteneset. Leikar og fritid i Hesteneset.
  4. Bjarte Sindre: Christoffer Berg. Biografi om fotograf Berg.
  5. Bjørn Faste Bjartmann: Jacob Bruflot sin gård. 1900. Om oppvekstvilkår på Florø gård på 30-talet.
  6. Anders Tyvold og Eli Bolette Høydal Tyvold: Klyngetunet i Øvre Standal. Om klyngetun.