Floraminne 2016

fm 2016På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette  årsskriftet. 

"Vi  opplever at det er rikeleg historisk stoff å ause av i dette distriktet", skriv redaktør og skriftstyreleiar Oddvar Isene i føreordet.

"Floraminne" si oppgåve og målsetting er i utgangspunktet å dokumentere lokalhistoria  for ettertida. Kanskje like viktig som skriftleg kjeldemateriale, er det å snakke med dei eldste mellom oss , som enno kan fortelje om sitt kvardagsliv slik dei opplevde det, levande og enkelt. I dette Floraminne finn vi fleire portrettintervju  med eldre personar som fortel frå sine liv, sitt yrke, sin hobby og sitt samfunnsengasjement.  Dei var mest vanlege folk, men likevel har dei sett spor etter seg, på sin måte i lokalmiljøet..

Årsskriftet har og meir fagleg historisk stoff, slikt som kan dokumenterast gjennom relativt pålitelege kjelder. Bjarte Sindre skriv om kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø, og dei kommunale "Sundhedscommissionene" på 1800-talet. Han skriv og om illegale aviser under krigen, og om Frelsesarme-speidarane  i Florø. Harald J. Stavang skriv om det eldste huset som var i Florø, fram til det vart rive i 1960, og som skulle bli bymuseum. Hallgerd Frøyen skriv om "fletføringen" Andreas Vågane som døydde på Nybø Gard i 1912. "Fletføring", var ei fleire hundre år gamal "pensjonsordning" knytta til bondesamfunnet. Ordninga vart avskaffa så seint som i 1963. Kolbjørn Nesje Nybø skriv om Kinnakyrkja og sola - om forskning, tru og tvil, rundt segner og helgendyrking, som knyter seg til kyrkja på Kinn. Magnus Helge Torvanger skriv om Einar Seim, bonden og vismannen på Kinn, ein tenkjande steinarbeidar, som mellom anna samla ordtak og omsette koranen til nynorsk. Brynjar Svardal har omsett frå engesk ei forteljing frå sommaren1895 om laksefiskarar frå England, som vitja Svardalsvassdraget og fekk oppleve den norske naturen og bygdekulturen tett på. Dette for å nemne noko av det interessante stoffet, utanom portrettintervjua og bokmeldingane. Det er og gjeve stor plass til bildestoff i årsskriftet, både gamle og relativt nye bilde, som og er viktige informasjonsberarar - ofte meir enn mange ord.

2016 - Index

  1. Harald J, Stavang: Evangerhuset. Om Evangerhuset som var tenkt å vere starten på eit bymuseum, men som blei rive rett før byjubileet i 1960.
  2. Bjarte Sindre: Kampen mot spedalsksjuka i Kinn og Florø. Som tittelen seier.
  3. Bjarte Sindre: Florø Sundhetscommission. Om etableringa av helseråd i Florø då byen blei grunnlagt.
  4. Bjarte Sindre: Kinds Sundhedscommission. Om etableringa av helseråd i Kinn i 1831.
  5. Hallgerd Frøyen: Fletføringen på Nybø.
  6. Forklaring på begrepet fletføring som ei form for pensjon/umyndiggjering i det gamle bondesamfunnet når ein ikkje klarte å ta vare på seg sjøl.
  7. Magnus Helge Torvanger: Einar Seim på Kinn – bonde og vismann. Som tittelen seier.
  8. Anne Marie Baugstø-Hartvigsen Annanias Batalden – ein føregangsmann i vanføresaka.Om innsatsen til Annanias Batalden for vanføresaka.
  9. Odd Standal: Tradisjonsberaren Saxe Bjørkedal – Frå farty til fele.Om den mangfoldige Saxe Bjørkedal; skipsingeniør og felemakar.
  10. Bjarte Sindre: Anna Maria Skorpa. Portrett av Anna Maria Skorpa.
  11. Bjørg Mikalsen: Bjørg Jansen – et portrett. Portrett av Bjørg Jansen.
  12. Oddvar Isene: Magnhild Berg Rolness – nestor i målarmiljøet i Flora. Portrett av målaren/skulptøren Magnhild Berg Rolness.
  13. Iris Mikalsen: «Oldi» sin krig – andre verdskrig slik oldemor opplevde den. daglegliv under krigen slik Bjørg Jansen opplevde det.
  14. Bjarte Sindre: Kåre Knapstad – ein mann å minnast. Om Kåre Knapstad sitt liv med fokus på opplevingar under andre verdskrigen.
  15. Odd A. Standal: Barndomsminner fra krigen.Som tittelen seier.
  16. Bjarte Sindre: Illegale aviser under krigen. Som tittelen seier.
  17. Bjarte Sindre: Postkort. Parti fra Haukaavandet .Bilde og kort tekst frå Haukåvatnet.
  18. Britt Berg Madsen: Norddalsfjorden. Skulestil frå 1963 som Norddalsfjorden som feriestad.
  19. Brynjar Svardal: Sportsfiske i Svardal og på Vasset. Skildring av ei reise frå England til Svardal og Vasset i 1895 for å drive sportsfiske. Omsett av Brynjar Svardal.
  20. Bjarte Sindre: Postkort. Hovdenhuset. Bilde og ein kort tekst av Hovdenhuset i Livius Smittgata 6.
  21. Kolbjørn Nesje Nybø: Kinn kyrkje og sola. Teoriar om bygginga og  plasseringa av Kinnakyrkja.
  22. Odd Standal: Kjære Tomasine! Av Odd Standal. Om livsvilkår på ein vestlandsgard fortalt gjennom brev til Tomasine , gift Grov.
  23. Gaute Losnegård: «Historia om Flora, bind 2» er ferdig. Om innhaldet i bd 2 i Historia om Flora.
  24. Bjarte Sindre: FA-speidaren i Florø. Om Frelsesarme-speidaren i Florø.
  25. Bjarte Sindre: Postkort. Parti af Strandgaten. Kort tekst og bilde av Strandgata, ca 1922.
  26. Odd Standal: Nordre Bergenhus Amtstidende 1916. Avisnotisar frå Nordre Bergenshus Amtstidende frå 1916.
  27. Bjarte Sindre: Postkort. Parti fra Fuglø Batalden. Kort tekst og bilde fra Fugløya og huset der butikken var.
  28. Odd Standal: Småplukk frå Florø kommunestyre. Florø Elektricitetsværk – Ei vond sak for bystyret. Sak frå kommunestyret i 916 om straumforsyning mens det var dyrtid og straum enno var ei knapphetsvare.
  29. Bjarte Sindre: Postkort. Firda Frugtkonservering. Kort tekst og bilde frå saft/syltetøyfabrikken på hjørnet av Strandgata/Magnus Thingnæsgate.
  30. Oddvar Isene: Årsrapport for Flora Historielag 2016 – Stor aktivitet i Flora Historielag også i året 2016. Hiistorielaget sin aktivitet i  2016.
  31. Odd Standal: Flora formannskap og kommunestyre – Glimt frå 1916. Som tittelen seier.