Floraminne 2014

fm 2014

På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjekk føre seg i Sunnfjord. Odd Standal skriv om då Flora kommune vart til ved kommunesmanslåinga i 1964. Det er 80 år sidan første byggesteget ved Florø folkeskole (Florø barneskole) vart teke i bruk. Reidun Byrkjeland som var elev ved skulen frå 1956 til 1963, og seinare lærar i 40 år ved same skule, fortel frå opplevingar ho har hatt gjennom åra. Ho går også gjennom heile skulen si 80-årige historie relativt detaljert. Eit klassebilde for kvart tiår, representerar alle elevane som har gått på skulen.

"Hermetikken" har endeleg fått sin artikkel i Floraminne. På det meste hadde 150 menneske arbeidet sitt her, i ei tid då folketalet var berre 1000 i kommunen. Rundt 40 000 øskjer sardiner pr. dag kunne bli produserte på fabrikken i Havreneset. Dette var under 1. verdskrigen, og trongen for hermetikk til skyttargravene i Europa var enorm. Det er Harald J. Stavang som har grave i denne historia.

Elles kan vi lese om kjende folk frå kommunen, og finne stoff om hus og verksemder som er borte.

Omslagsbilde er eit måleri av Harald Seim, med motiv frå Storevatnet. Bildet er truleg måla under, eller rett etter 2. verdskrig.

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

2014 - Index

  1. Gaute Losnegård:Sunnfjord og 1814. Om korleis det representative demokratiet blir organisert i Sunnfjord i 1814, med spesielt fokus på haugianarane på Svanøy. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  2. Bjarte Sinde: Anders Hove – Haugianaren. Om haugianaren Anders Hove. /kjende folk/
  3. Edvin Helgheim: Magnus Thingnæs – lokalhistorikar og lokalpatriot. Som tittelen seier. /kjende folk/
  4. Odd Standal: Bru kommune – «ein av dei mest vanskapte kommunar vi har» Om danninga av Bru kommune i 1923 og utviklinga fram til Scheikomiteen. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  5. Odd Standal: Flora 50 år. Om danning av Flora kommune i 1964. folkeliv/daglegliv/lokalmiljø. Bjarte Sindre: A. Hegranes Gartneri. Bilde av Hegranes gartneri og ein kort tekst om gartneriet før det blei til «Von». /arbeid/levekår/
  6. Reidunn Byrkjeland: Florø Folkeskole / Florø Barneskole 80 år. Etableringa av Florø folkeskole, bygging av den noverande skulen og utviklinga framover. /oppvekst/
  7. Rune Bruflot: Leik på Storevatnet. oppvekst i Florø på -30 og -40 talet. /oppvekst/
  8. Bjarte Sindre: Florø Møbel og trevarefabrikk. Bilde og kort tekst av Brende sin møbelfabrikk. /arbeid/levekår/
  9. Anita Øygard: Reksten felleseige – frå beiteregulering til sildesalteri. Om utmarka som bøndene på Reksta eige i fellesskap. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  10. Grethe Stavø: Kjende Florafolk: Laura Sundal Skorpen. Portrett av Laura Sundal Skorpen. /kjende folk/
  11. Kim Gunnar Jensen: Marinens nederlag i Florø. Om tre båtar; Snøgg, Troll og ubåten B6 som skal gå over til England i mai 1940. /verdskrig2/
  12. Oddvar Isene: «Bebbien» på bua – ein del av byen si historie. Portrett av Sigbjørn «Bebbien» Stenseth. /kjende folk/folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  13. Bjarte Sindre: Gullsmed J. Angell-Jacobsen. Bilde og kort tekst om gullsmed Angell-Jacobsen. /arbeid/kjende folk/
  14. Eldbjørg Stegane Engebø og Idar Stegane: Ungar på sjukehus hausten 1945 – minne ved to av dei. Barndomsminne om eit opphald på Florø sjukehus  i 1945. /sjukdom/helse/
  15. Bjarte Sindre: Distriktslege Tobias M. Gedde-Dahl. Portrett av  distriktslegen Gedde-Dahl. sjukdom/helse/kjende folk.
  16. Bjarte Sindre. Thor Solberg – Sjukehustransport med fly. Bilde og kort tekst om korleis Thor Solberg dreiv sjukehustransport med fly. /kjende folk/samferdsle/kommunikasjon/
  17. Knut Magnussen: «Og så kom helgenen fram». Om då fjernsynet kom til Florø. /folkeliv/daglegliv/lokalmiljø/
  18. Harald Stavang: Hermetikken. Om hermetikkfabrikken i Hesteneset. /arbeid/levekår/
  19. Torleif Reksten: Kinn – Informasjonsskilt og merking av turstiar. Som tittelen seier. /samferdsle/kommunikasjon/fest/fritid/
  20. Øyvind Kleiven Ættegransking i Flora Historielag. Om arbeidet med slektsgransking i Flora historielag. /fest/fritid/