Floraminne 2015

fm 2015

Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og litt med røter attende til 1800-talet. Då det er 70 år sidan siste krig, og fredsåret 1945, er det eit særleg fokus på det som skjedde her på kysten i siste fase av krigen. Mykje av det som skjedde akkurat her, hadde eit internasjonalt og storpolitisk perspektiv, truleg større enn det som til no er skrive inn i den norske krigshistoria. Fleire av artiklane i dette årsskriftet handlar om dei hemmelege agentane som stod bak dei illegale radiostasjonane i vårt distrikt. Med bakgrunn i denne aktiviteten har Flora Historielag teke initiativet til ein TV-serie om desse "Kystagentane". Målet er at denne kan bli realisert til 75-års jubileet for freden, i 2020.

Også dette Floraminne har leita fram både kjende og mindre kjende personar som har vore med på å fargelegge den lokale historia gjennom tida.  9 artikkelforfattarar har gjennom 30 artiklar over 96 sider, skrive om små og store hendingar som gjev oss nokre glimt frå lokalsamfunnet vårt, slik det eingong var. Det er dette samfunnet vi byggjer vidare på i notid og framtid. 

2015 - Index

  1. Bjarte Sindre: dagleglivet i Florø under krigen. Som tittelen seier.
  2. Reidar Brandsberg: Aksjonen mot radiostasjonen «Roska». Aksjonen mot radiostasjonen Roska i mars 1945, då Atle Svardal blei drepen og Fredrik Persen tatt til fange.
  3. Bjarte Sindre: SIS-agentane i Flora. Om etterretningsagentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen.
  4. Bjarte Sindre: Blåspeidarane i Florø. Historia om blåspeidarane i Florø.
  5. Harald Stavang: Skudalen og Skudalsfjøra – slik det ein gong var. Som tittelen seier.
  6. Hans Jacob Sunde: Handelsstaden «Tjenna». Om handelsstaden Tjenna, etablert i Rognaldsvåg i 1883.
  7. Torleif Reksten: kyrkjestova ved Kinnakyrkja. Om det vesle raude huset ved Kinnakyrkja. Flytta fleire ganger og tidlegare bustadhus for fiskarbonden, seinare kjøpt av kommunen og brukt av Kinnakyrkja og Kinnaspelet.
  8. Odd Standal: Konfirmasjon på Svanøy i 1821. Som tittelen seier.
  9. Odd Standal: Rennords Rute – til Eikefjord 1821. Om reisa presten Rennord gjorde frå Florø til Eikefjord for å halde preike.
  10. Karen Sindre: Tor Grønevik. Portrett av Tor Grønnevik; kunstnar og politikar i Bru kommune.
  11. Oddvar Isene: Sigrid «Kikka» Mayer Olsen. Portrett av tekstilkunstnaren Sigrid Mayer Olsen.
  12. Harald Stavang: Helsesøster Oddlaug Kvammen. Portrett av helsesøster Oddlaug Kvammen.
  13. Bjarte sindre: Øvre Standal. Bilde og kort tekst frå Øvre Standal 1909.
  14. Bjarte Sindre: Nedre Standal. Bilde og kort tekst frå Nedre Standal 1910.
  15. Bjarte Sindre: Parti fra Svanø i Søndfjord. Bilde og kort tekst frå Svanøy 1915.
  16. Bjarte Sindre: Brandsøy Planteskule. Bilde og kort tekst frå Brandsøy planteskule 1910. Gamle Florø Av Bjarte Sindre. Bilde og kort tekst frå Florø 1911.
  17. Odd Standal: Stavenes og Stavøy – Stong og Stongasund – men kvar er staven og stonga? Om stadnamn med forstaving stav- i ytre Sunfjord.
  18. Gaute Losnegård: Frå brevsamlinga til familien Grønevik. Brevsamling frå familien Grønnevik som budde i Grønevika og seinare i Ausevika.
  19. Rolf Sunde/Øyvind Kleiven:  Om salting av sild først på 1950-talet. Rolf Hammer Sunde fortel om sildesalting i Florø.
  20. Odd Standal: Eit forsøk på naving i 1930? Fattigstyret sitt svar på ein ung, sterkt synshemma gut sin søknad om støtte.
  21. Odd Standal: Frå Firda Folkeblad 1945. Som tittelen seier
  22. Ludvig Botnen Målet for kampen: Ei ny og betre tid. Utdrag av tale for dagen, 17. mai 1945. Utdrag av talen som Ludvig Botnen heldt 17.mai 1945.
  23. Oddvar Isene: Markering av åtaket på «Roska» – 70 år etter. Korleis angrepet på Roska blei markert 70 år etter.