Floraminne 2011

fm 2011

Det store jubileumsåret 2010 (byen 150 år), skapte stor interesse for lokalhistoria til kommunen. Å få kjennskap til røtene våre var i vinden som aldri før, det viser mellom anna den veksande interessa for slektsgransking. Floraminne 2011 freistar å følgje opp denne interessa, med mykje kulturhistorisk stoff; frå Kinn lengst i vest ved havet, til Grønnevika inst i fjorden. Sjølvsagt er kommunesenteret, Florø by, også rikeleg med.

Harald J. Stavang tek oss med på ei reise langs Nordalsfjorden, der han skildrar kulturlandskapet og folkelivet gjennom tidene. Bjarte Sindre fortel om restaureringa av Kinnakyrkja i 1911-12, ei kulturhistorisk storhending i kommunen. Reidar Brandsberg skriv om handelen i Florø by gjennom 150 år. I ein ny artikkelserie, Florafolk gjennom tidene, skriv Leif Stavøstrand om kjøpmannen Gustav Stavøstrand, ein av dei driftige foretningsmennene i Florø først på 1900-talet. Fleire andre artiklar omhandlar kjende og mindre kjende kvinner og menn som har gjort ein innsats på eit eller anna område i Flora. Edvin Helgheim skriv om Haldor Halvorsen, rimsmeden i Fram, Torleif Reksten skriv om Hans Edvard Andersen, gardbrukar, lærar og klokkar, som starta kurstad på Reksta, og Bjarte Sindre skriv om krigshelten Dagfinn Ulriksen. Sigvart Grønevik minnast oppveksten i Grønevik rundt førre hundreårsskiftet, der han fortel om slekta si, liv og virke ved fjorden på den tida. Andre artiklar omhandlar kulturminne og historiske tidsbilde. Grethe Stavø tek oss med til handels- og gjestgjevarstaden i Furesundet som brann ned til grunnen i september 2010. Turid Absalonsen Fimland fortel om "Saltlageret" i Hesteneset, som brann ned i 1961. Kim Gunnar Jensen fortel om krigshandlingar i Florø dei første krigsåra. Knut Magnussen fortel om stevnemøte med pølse og dans på 60-talet. Odd standal skriv om gløymde graver frå bronsealderen, og "Dytting" - tidleg vassdragsregulering. Bjørn Faste Bjartmann stiller spørsmålet: "Kor e det blitt av Gadden og Evja?"

Nytt av året er ein gjennomgåande spalte på dei fleste sidene i heftet, med små notisar frå Firda Folkeblad gjennom årgangen 1936, med lokale hendingar og stoff frå inn- og utland.  

Heftet avsluttar med minneord om Bjørn Hegranes som døde 19. oktober 2011. Framsidebildet på dette Floraminne er måla av han i 1950, og viser eit kjent innslag i bybildet på den tida: Frelsesarmeen har teke oppstilling der ankeret ved sparebanken ligg i dag, og har eit friluftsmøte.

 

 

2011 - Index

  1. Harald J. Stavang: Landskapet og gardane langs Nordalsfjorden. Som tittelen seier.
  2. Bjarte Sindre: Restaureringa av Kinnakyrkja 1911–12. Som tittelen seier.
  3. Edvin Helgheim: Haldor Halvorsen – rimsmeden i Fram. Om Haldor Halvorsen som dikta mykje av underhaldninga som var i Fram; revyviser (ein del er gjengitt).
  4. Sigvart Grønsvik: Minne frå oppvekst i Grønevik rundt førre hundreårsskiftet. Om livet på eit småbruk i Grønevika, der tre generasjonar budde saman og far var borte store delar av året på fiske.
  5. Grethe Stavø: Furesundet gjestgjevar- og handelstad. Som tittelen seier.
  6. Torleif Reksten kursted – Kinnesund. Om kurstaden på Reksta, driven av naurlegen Hans Edvard Andersen.
  7. Bjarte Sindre: Krigshelten Dagfinn Ulriksen. Om motstandsmannen Dagfinn Ulriksen og motstandsarbeidet han deltok i verdskrig2.
  8. Odd Standal: Dytting – tidleg vassdragsregulering. Om ein måte å regulere vassdrag på i tidlegare tider.
  9. Knut Magnussen: Stevnemøte med pølse og dans. Om å be med seg ei jente på FSK-fest når ein er lilleguttspelar.
  10. Kim Gunnar Jensen: Senk tyske skip i Florø! Det britiske angrepet på tyske båtar på havna i Florø i 1942.
  11. Leif Stavøstrand: Florafolk gjennom tidene – Gustav Stavøstrand. Om den driftige Gustav Stavøstrand.
  12. Odd Standal: Gløymde graver? Om gravrøysa Skjeljevikrøysa.
  13. Reidar Brandsberg: Handel i Florø i 150 år. Om familien Hjørnevik og handelen dei dreiv.
  14. Turid Absalonsen Fimland: Saltlageret. Om bua i Hesteneset som blei kalla Saltlageret.
  15. Bjørn Faste Bjartmann Kor e’det blitt av Gadden og Evja? Kart over Gadden og Evja og beskrivelse av området.