Floraminne 2008

Gå til Floraminne 2008
Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk kalla opp etter seg den vesle byen Fosston i Minnesota.

Bjarte Sindre skriv om krigshelten Atle Svardal og dramatikken då han fall i kamp med tyske soldatar ovanfor Breivika 15. mars 1945. Jonsokbåla og konkurransen mellom Utiby’narane og Inniby’narane, er Florø-historie på det meir artige planet, fortalt av Bente Nygård i ei oppgåve i etnologi på Universitetet. Are Svardal fortel i personleg stil om hamna i Florø, mellom anna frå den til dels kaotiske sildetida på 50-talet. Den allsidige og fantasirike forretningsmannen Olav Sande er omtala på åtte-ni sider med diverse illustrasjonar, ført i pennen av Harald J. Stavang.

Gaute Losnegård tek oss med attende til 1700-talet og det eldste skuleverket i Kinn prestegjeld, til dei borkebrødstider då det mellom folket rådde «Beklagelig Lamentation og Bedrøvelse», som det heitte i dåtida si språkdrakt. Grethe Stavø tek for seg fattigstellet i Florø i andre halvdel av 1800-talet, i artikkelen "At synke ned i fattigdom...". Det var i dei tider ein skilde mellom «verdige» og «uverdige fattige». Det å «falle andre til byrde» vart ikkje sett på med heilt blide auge. Ein såg helst at dei flytte frå byen og landet. Bjørn Faste Bjartmann skriv om far sin, Nils Liset, som var ein allsidig og dugande person, både som lærar, skulestyrar og musikar. 

Framsida til «Flora-minne» 2008 viser ytre Strandgata frå det som i dag er «Trovikbakken» og vestover.

 

 

 

 

2008 - Index

  1. Bjarte Sindre:  Atle Svardal – Krigshelten som fall i kamp for norsk fridom. Om motstandsmannen Atle Svardal.
  2. Bente Nygård:  Inn i by’n og ut i by’n – St. Hans-feiring i Florø i gamle dagar. St.Hans feiring i Florø før; innibyn og utibyn.
  3. Harald J. Stavang:  Olav Sande – ein allsidig forretningsmann. Portrett av den driftige forretningsmannen Olav Sande.
  4. Gaute Losnegård:  Eldste skuleverket i Kinn prestegjeld. Om skulefundasen og utarbeiding av retningslinjer fo skulevesenet i Kinn rundt 1740.
  5. Grethe Stavø:  At synke ned i Fattigdom. – Fattigstellet i Florø by 1863–1900 . Om fattigvesenet i Florø fram til ca 1900.
  6. Are Svardal : En historie om Flora Havn – og mere til arbeid/levekår. Om aktivitet på Florø hamn frå ca 1950 og framover.
  7. Harald Jarl Runde: Louis Foss – Sunnfjordingen som fekk ein heil by kalla opp etter seg. Om ein sunnfjording som gjorde karriere i Amerika på 1870-talet.
  8. Bjørn Faste Bjartmann: Om min far, Nils Liset. Portrett av Nils Liset, kjent lærar i Florø.