Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to permane, som dette året omslutta 80 sider med tekst og bilde.
Ei kort oppsummering av innhaldet:
“Batalden” av Trond Strømgren Ei historisk reise frå den tida folk busette seg på Batalden og fram til i dag. Om folkelivet, næringsgrunnlaget, fiske og fangst, båtbygging, forlis, utvandringa til Amerika og om livet på øya under krigen.
“Svanøy Gruber” av Eva S. Svanøe Historia om den etter måten stutte perioden det var gruvedrift på Svanøy. I tre korte peiodar mellom 1860 og 1920 vart der drive ut koparhaldig svovelkis på øya.
“Motorbåtstemnet” av Steinar Ytreland Frå den store internasjonale motorbåtregattaen i august 1913. Det var det største motorbåtstevnet som var avholdt i Skandinavia
“Brevhuset Uren” av Bjarte Sindre Om brevhuset i Uravika si korte historie frå 1909 til 1924.
“Krig” av Bjørn Faste Bjartmann Ei forteljing om då krigen kom til Florø våren 1940
“Då eg begynte i Losjen” av Bjørn Faste Bjartmann Historier frå livet i Florø under krigen.
“Fotballpioneren frå Kinn” av Rolf Orheim Historia om Albert Karlsen frå Kinn, som spelte på fleire fotballklubbar i England, og kom tilbake og vekte interessa for fotball i Florø
“Hjemreisen fra Amerika” av Anders S. Knapstad og Harald J. Stavang. Frå dagboka til Anders Knapstad, der han fortel om heimreisa til Norge i 1909, frå Stillehavskysten i Amerika.
“Friluftsliv i gamle Florø” av Harald J. Stavang Om turliv og hytteliv i fjellheimen nord og aust for Florø først på 1900-talet
“Bru kommune” av Harald J. Stavang Den 43-årige historia om Bru kommune, som vart utskilt frå Kinn i 1921 - ein kommune heilt utan eit kommunesenter, og der heile dagen gjekk med til kommunestyremøta