Floraminne 2013

Gå til Floraminne 2013Artikkel av Kolbjørn Nesje Nybø om restaureringa av Horneeigendommen. Dette prjosjektet fekk Flora kommune sin byggjepris i 2013. To jubileum er markerte med eigne artiklar. Kyrkja i Eikefjord er 200 år, og det er i år 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. I den anledning er 2013 makert som ei nasjonalt språkår.Kven var dei første som kjempa for det nye skriftspråket i vår kommune? I artikkelen "Føregangsmenn i Flora" får du vite meir om dette. Andre meir uoffisielle jubileum blir og markerte. I år er det 100 år sidan Gjøringebø si smie blei etablert, og Bertil Gjøringebø er derfor årets namn i serien "Kjende Flora-folk". Bertil sitt liv er byhistorie i seg sjølv, med ein barndom i dei harde 30-åra, i det han opplevde som ein klassedelt by. Året før, i 1912, starta Frelssarmeen med jamleg møteverksemd i Florø, og i 1913 skaut aktiviteten fart. Eit slags jubilem det òg. Dette kan vi lese meir om i Bjarte Sindre sin interessante artikkel. Lokal krigshistorie blir vi nærare kjent med gjennom fleire tekstar. Kim Gunnar Jensen skriv om flyangrepet på Flore hamn i 1944. I artikkelen "43 månader i krigsfangenskap" får vi høyre om Aage Sandvik sin krigsinnsats og prisen han måtte ut med for denne som tysk krigsfange. Innvandrarar har Florø hatt mange av gjennom åra. Kanskje var det spanjolane som kom med den spanske borgarkrigen, den første gruppa innvandrarar som slo seg ned i Florø. I artikkelen "Spania, mitt Spania" skriv Merete H. Høidal om desse. Rammetekstane er i år frå 1956, det store sildeåret. Korleid dette prega byen og kommunen, er ei oppleving å lese om. Heldige er dei som fekk oppleve dette, og for dei vil rammetekstane vekke mange minne. Andre kan i årets Floraminne lese om dette eventyret som gjekk føre seg i Florø og på fiskefelta rundt. Dette er berre smakebitar frå årets Floraminne, vi trur mange vil finne noko av interesse.
Vi takker dei som har teke del med artiklar og bilde.

Har du bilde eller tips til stoff vi kan ha med, ta kontakt med ein i skriftstyret, eller på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

2013 - Index

  1. Kolbjørn Nesje Nybø: Restaureringa av Horne-eigedomen.Som namnet seier.
  2. Bjarte Sindre: Bru Skibsværft. Bilde og kort tekst om eit båtbyggeri på Svanøy.
  3. Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: Eikefjord kyrkje 200 år. Historia til Eikefjord kyrkje.
  4. Kim Gunnar Jensen:  I kryssilden. Britisk angrep oppå tyske marinefartøy på Florø hamn i 1944.
  5. Kim Gunnar Jensen: Brev fra en tysk soldat. Brev frå ein tysk soldat som var stasjonert i Florø.
  6. Magnus Helge Torvanger: 43 måneder i tysk fangenskap. Om Aage Sandvik sitt liv under krigen, som deltakar i kompani Linge, Shetlandstrafikken og opphald i tysk konsentrasjonsleir.
  7. Merete Husmo Høidal: Spania, mitt Spania. Om spanjolane som kom til Florø etter den spanske borgarkrigen.
  8. Harald Stavang: Kjende Florafolk: Bertel Gjøringbø. Portrett av Bertel Gjøringbø.
  9. Odd Standal: Føregangsmenn frå Flora. Om språkstrid og målsak i Florø/Kinn.
  10. Odd Standal: Ord på vandring – Kjippen, chip’en og kipa. Opphav til ord som «kjippen», «chip» og «kipa» andre avleiingar.
  11. Bjarte Sindre: Fotograf Anton Gjesvik. Bilde og kort tekst om Anton Gjelsvik.
  12. Bjarte Sindre: Skipinga av Frelsesarmeen. Som tittelen seier.
  13. Knut Magnussen: Drapet på Jesusbarnet. Frå ei juleavslutning på Florø Folkeskole.
  14. Bjarte Sindre: Sjukehuset i Florø. Historia til sjukehuset i Florø 1867 – 1933.
  15. Rune Bruflot: Byfolk på Vona. Om Vona som utfluktsmål for ungdom frå Florø.
  16. Bjarte Sindre: Ungdomar i skråninga ved Likkjeåsen. Bilde og kort tekst om Ludvig Bjerck, Oluf Bjerck sr, Johan Hagen og Fredrik Bauge.
  17. Odd Standal: Trolldom på Svarthumle. Om ei kvinne frå Stavang som i 1663 blei dømt for trolldom.
  18. Fridjof Urdal: Hard kur for sjøredsle – Segner og folketru på Seljestokken. Om korleis ein prøvde å kurere ein jølstring for sjøsjuke.
  19. Fridtjof Urdal: Dei underjordiske – Segner og folketru på Seljestokken. Om tru på dei underjordiske.
  20. Bjarte Sindre: Flyfoto av Florø. Som tittelen seier.
  21. Bjarte Sindre: Magnus Thingnæs – Florøpatriot og diktar. Som tittelen seier.
  22. Fridtjof Urdal: Mykje kunne vore annleis om det ikkje var slik det var. Om forholdet mellom Florø og resten av fylket frå starten av og framover.