Kinn

Om Øya Kinn

Øya Kinn, lengst vest i Flora, har ei lang og spanande historie, omspunne av myter og sagn, men også historiske fakta. Her har levd menneske frå tidleg steinalder. I dag er det under 5 fastbuande att. Men middelalderkyrkja står der og vitnar om andre tider.
Lengst vest i havet i Flora kommune, ein halvtimes båtreise frå Florø, ligg øya Kinn, berre 2,5 kvadratkilometer stor. Ho er fjellkledd, med Kinnafjellet som høgste toppen på 315 meter. Sørvest på øya ligg den vidgjetne Kinnaklova, 221 meter, eit viktig siglingsmerke gjennom uminnelege tider. Mykje tyder på at det har budd menneske på Kinn frå tidleg steinalder. Øya skal være mellom dei første landområda i Norge som vart busette etter siste istid. Fleire store hellarar, uthola av havbølgjene, er lett tilgjengelege på øya. Desse har vore husly for både dyr og menneske gjennom tusenåra. Mange hustufter, røyser og steinkransar viser at menneske har ferdast på øya i eldre tider. Fleire strukturar er frå førhistorisk tid, men det er vanskeleg å fastslå nøyaktig når dei første menneska kom til Kinn.

Frå vikingtid og tidleg mellomalder knyter det seg fleire legender til Kinn. Funn av beinrestar på Selja, gav næring til forteljinga om "heilage menn som kviler på Selja og Kinn". I eit historisk lys kan dei heilage menn vere keltiske munkar frå Irland og Skottland. Helgendyrking var viktig under kristninga av Vestlandet, og Seljumannamesse 8. juli vart ei kristen høgtid alt på 1000-talet. Men rundt 1100 utvikla det seg ei legende i det geistlege miljøet rundt bispesetet og klosteret på Selja, Sunnivalegenda, som som vart nedskriven på slutten av 1100-talet. I denne legenda er det og fortalt om at ein del av følgjet til Sunniva kom i land på Kinn. Tre prinsesser hadde rømt frå giftarmål med heidenske hovdingar på Irland, Sunniva, Borni og Ingeborg. "I båtar utan segl og årar" let dei tre prinsessene seg drive over havet, og lova Gud at der dei kom i land skulle dei bygge ei kyrkje. Slik er Bornilegenda knytt til kyrkja på Kinn, medan Sunnivalegenda er knytt til klosteret på Selje. Den tredje prinsessa, Ingeborg, er i ein av legendeversjonane knytt til Utvær i Solund, der det vart bygd ei kyrkje som i 1717 vart riven og flytta lenger inn på øyane i Solund.

I nyare tid er Kinn mest kjend for rike fiskeri, særleg dei store sildeåra rundt 1850-60 då fleire tusen menneske søkte dit under vintersildefisket. "Dra til Kinn og bli rik" var eit ordtak den gongen. Men det blei brått slutt på silda i 1870, og dette brå tilbakeslaget førde til hungersnaud på Kinn og øyane omkring. Heldigvis kom ny oppgang i fiskeria mot slutten av hundreåert, og  berga livsgrunnlaget. På 1900-talet slo vintersildefisket til igjen i fleire periodar, og det kom nytt liv i nokre av sildesalteria på Kinn rundt 1920. Men etterkvart vart båtane større og sildefangstane blei landa til meir sentrale mottakarapparat. Vanskelege hamneforhold for større båtar var med på å flytte fiskeriaktiviteten lenger inn i fjorden, og øya vart etterkvart mest avfolka.

I dag er det Kinnaspelet som lokkar flest menneske til Kinn. Ei kort junihelg kvart år dei siste 29 åra, har mellom 2000 - 4000 menneske drege til Kinn for å oppleve Kinnaspelet "Songen ved det store djup". Den storfelte naturen, nærleiken til storhavet, den gamle steinkyrkja med si løyndomsfulle historie, sagn og myter som kviler over øya, er med på å danne eit bakteppe og ei ramme rundt denne teateropplevinga. Dette er med på å gjere reisa til Kinn til ei oppleving du sjeldan finn maken til. Slik sett kan det gamle ordtaket "Dra til Kinn og bli rik" få ei ny meining: Ei rik natur- og kulturoppleving. 

Lånt fra Kinnaspelet.no; Oddvar Isene
 
 {googleMaps lat=61.56296 long=4.76461 zoom=14 width=100% height=480 kml=http://www.florahistorielag.no/images/gmap/kinn_gaatur.kml}