Aktivitet Flora Historielag 2016

Aktivitet for året: 2016

Sjølv om dei sakene historielaget jobbar med gjennom året, ikkje alle er så synlege ute mellom medlemmene og i lokalmiljøet elles, så kan styret i laget også i år sjå attende på stor aktivitet.

Ei av dei store sakene er forarbeidet med TV-serien om "Kystagentane", som var omtala i fjor, og no er kome nokre steg vidare. Manusforfattar Petter Rosenlund, kjend som manusforfattar av TV-serien "kampen om tungtvannet", har fått kr 100 000 frå Norsk filminstitutt og arbeider no vidare på utvikling av manuset til "Kystagentane". Johan Moen frå firmaet Northwestwood er inne i prosjektet som førebels produsent, og har søkt Vestnorsk Filmsenter om stønad til vidare framdrift av prosjektet. Det tek tid å lage TV-serie. Det er mykje som skal på plass, og vi ønskjer å knyte til oss dyktige fagfolk, og helst få med utanlandske produksjonsmiljø, kombinert med norske fagmiljø. Då må ein få samla inn mykje midlar, og bruke tid på å bygge relasjonar og interesse for prosjektet vårt. Etter eit år med arbeid er vi framleis positive, og håpar og trur at vi skal klare å få realisert "Kystagentane" innan år 2025.

Elles nemner vi kort nokre av dei andre sakene som laget har engasjert seg i.

Opprustinga av "Kyrkjestova", det gamle raude huset ved Kinnakyrkja, er no fullført. Dette har vore eit samarbeid med Kinn sokneråd og Kinnaspelet, der Flora Historielag i hovudsak har teke del i arbeidet med innsamling av midlar. Den store dugnadsinnsatsen med opprustinga, er i hovudsak Soknerådet og Kinnaspelet som står bak. Huset blir no eit viktig supplement til kyrkja m.a. i samband med gudstenester, bryllaup, pilegrimsvandring og omvisningar av turistgrupper.

  • 29.februar hadde laget årsmøte, med 14 frammøtte. Styresamansetninga i år er omlag som i fjor. (Sjå under knappen Styret i Flora Historielag)
  • 14 april arrangerte historielaget historiekveld på Hjørnevikhagen. Dei som står bak nylanseringa av Elisabeth Welhaven si bok "Staden & stranden", Annette Friis og mannen, frå Bergen, presenterte boka. Bjarte Sindre kåserte om Welhaven-familien.
  • 27 mai var laget på synfaring oppe i Husefestura, for å relokalisere staden der den illegale radiostasjonen "Erica" låg under krigen. Med på turen var Tomas og Eirik Svardal, Bjarte Sindre, Otto Ullevålseter og Reidar Brandsberg. Det var ein flott tur i krevjande terreng, med ur og til dels store steinblokker.
  • 31. mai var historielaget med på lansering av boka om Einar Seim, i lag med Flora kommune og Selja Forlag.
  • 18.juni, under Kinnaspelet deltok styreleiar i møte med Riksantikvaren på Kinn, der ein mellom anna drøfta vedlikehald av Kinnakyrkja og bruk av det historiske miljøet på Kinn.
  • Ut over hausten var det fleire arrangement der historielagt står ansvarleg, eller har medansvar.
  • 20. oktober kom Florahistoria, bind 2. Flora historielag var medarrangør på boksleppet, saman med Selja Forlag og Flora kommune.
  • Haustmøtet blir 17. november på Kystmuseet. Bjarte Sindre vil kåsere om 1860-1945, som er perioden Florahistoria bind 2 handlar om. Torkjell Djupedal og Gaute Losnegård blir og med og presenterar Florahistoria bind 2. Forfattar Jan H. Landro presenterar si nye bok: "Bernt Tunold - vestlandsmålar i grønt og grått". Sal av "Floraminne 2016".
  • Foredrag av Frank Årebrot 26.november kl. 16.00 - 17.00  på Flora Samfunnshus. Friske sleivspark og skarpe analyser, mellom anna av kvifor USA har vorte så rart. Arrangør Flora Historielag i samarbeid Svanøy Folkeakademi. Arrangementet skulle eigentleg gått på Blomsterhagen, men er no flytta til Flora Samfunnshus.