1945 Ludvik Botnen 17.mai

Floraminne med Ludvik Botnen sin tale 17. mai 1945

"Floraminne" har i år fleire artiklar om 2. verdskrig og freden i 1945. Mellom anna er det med eit kort utdrag av den tala Ludvik Botnen heldt 17. mai dette året. Vi legg ut heile tala her på heimesida, slik den stod i Firda Folkeblad. 24. mai 1945. Ludvik Botnen var redaktør i Firda Folkeblad frå 1934. Avisa vart stoppa i 1942, og første utgåva etter krigen kom ut 16. mai 1945.

Etter krigen var Ludvik Botnen  medlem av bystyret og ordførar i Florø kommune fleire periodar frå 1955, og seinare ordførar i Flora kommune 1976 - 1979. Han var stortingsrepresentant for Venstre i to periodar, frå 1961 til 1969, og sat 12 år i Venstre sitt landsstyre. I 1980 vart han tildelt kongens fortenestemedalje i gull.

Målet for kampen: Ei ny og betre tid

Tale for dagen 17. mai 1945

Dette er ein tale som var halden i Florø 17. mai. Det var ikkje meininga at talen skulle prentast, men då det er kome oppmoding om det, let eg den prenta likevel. (Ludv. Botnen)

" Det kan vere ei takknemmeleg oppgåve, men det er inga lett oppgåve å tale 17. mai i år. Det har vore sagt så mykje sant og godt, så mange vakre og varme ord desse dagane - av kjende menn som har stade fremst i kampen, heime og ute, at det vert vanskeleg å finne nye ord som folk kan tykkje mun i.
Så er vi og gripne av dei store hendingane, vi er så fylte av jubel og glede, det strøymer på oss, - men å finne ord for kjenslene sine i desse stunder, ja prøv det kven som vil.
Det er mest ufatteleg det heile. Det er som vi desse dagane har gått redde for at vi skulle vakne opp av ein vedunderleg draum. Og det er enno slik at vi held på å gløyme oss sume tider, og er i ferd med å liste oss bort til dei som vi visste hadde radio i ein kjellar, eller ute i skog og mark, og spør etter nytt. Det er som vi enno i ørske og av gamal skrekk, gløymer oss sjølve, og lurer på om det er gestapo i byn i dag.
Og så er det sant likevel.
Vi har gjennom lange og tunge år sett fram til at atter skulle maidagen renne over landet vårt. At vi skulle verte løyst får trælekår og vinne vår fridom på nytt.
No er det ikkje tvil lenger. - Denne store folkemengda, og endå større folkemengde kringom i by og bygd overalt i Norges land, vitnar om det, at det atter er 17. mai i eit fritt Noreg.
Og flaggstengene står ikkje lenger nakne. atter vaier flagget, vårt kjære norske flagg. " Fritt fløymer flagget med blåe kross i kvitt. Fritt ser du atter landet og kallar det for ditt"
Det er ikkje underleg at det er jubel og glede. det er ikkje underleg at 17. mai i dag er ein 17. mai som aldri før, jamvel om vi hadde ynskt meir sol over dagen.
For no veit vi det . Vi har ikkje alltid stade saman den 17. mai her i landet. Men "no veit vi kva er trældom, no veit vi kva er band"
Gud gjeve vi måtte leve etter den visdom vi no har fått gjennom dei lange og myrke år, slik at vi alltid held fridomsfana høgt i dette land!
Fedrane våre har lært oss den skikken å takke for det vi får. Dette skal vi også hugse i dag.  I takksemd går tankane våre til dei som stridde for oss. Fyrst og fremst til våre mektige allierte. Dei har vi sett vår lit til gjennom alle desse år. Dei trudde vi på, også den gongen det såg som myrkast ut. Ja ikkje ein gong et Dunkerque kunne ta trua frå det store fleirtalet her i landet. Og vi har i grunnen aldri våga å tenkje den tanken ut, at det skulle gå gale.

Men vi er byrge i dag for at litt av æra fall på nokre av nordmennene sjølve. På dei som drog ut og tok kampen opp. Fyrst og fremst kongen og hans rådgjevarar. Så dei mange som fylgde etter. Dei visste at dei våga livet, at dei kunne verte stelt mot muren dersom dei kom i klørne på Gestapo. men dei kunne ikkje sjå på dette trælelivet, og litt av eventyrhugen låg vel og i dei, dei tok sjansen og reiste, og melde seg til teneste der ute.

Det var ein redaktør her på Vestlandet som skreiv i bladet sitt, då kongen og regjeringa den 7. juni 1940 reiste til England, at vi vonar dei snart må kome heim att og ta opp att arbeidet sitt her. Den tyske pressesjefen i Bergen var ikkje noko særleg begeistra for det ynsket, og det skulle vi no ikkje vente av han heller. men no kan vi i alle fall seie det høgt og tydeleg at det er dette ynsket vi har gått med alle, at både dei styrande og alle andre gode nordmenn som kjempa for vår sak, snarast skulle kome heim att. Og det er trua på at dette skulle skje, som har halde oss oppe.

Men også her heime hadde vi dei som  heldt fram med kampen. Deira innsats er så visst ikkje den minste. Dei arbeidde under dei vanskelegaste tilhøva og var kanskje utsette for den største fåre, desse heimefrontens menn. Med livet som innsats har dei skrive eit blad i norsk soge som aldri skal gløymast. Kven skulle kunde våge å tru at eit folk som vårt, eit folk som ættled etter ættled hadde levd i fred og ingen fåre, at dette folket hadde så mange verkelege menn, når det ein gong galdt.

Vi skal vete å heidre dei. Og vi skal vete å heidre dei rette, - Det var nok mange som vilde vere med i heimefronten dei siste vekene, folk som kanskje høvde betre til å sitje i "robåtar". Det er ikkje dei vi tenkjer på. - Men dei som midt for augo til tyskarane, eller i skog og fjell - stendig forfylgd av fienden - dreiv sin kamp, dei skal ha ein plass i hjarto våre for all framtid.

Tankane våre i denne stund går også til alle dei som i aprildagane 1940 drog ut til kamp. Dei måtte gje opp, men dermed skal ikkje deira innsats verte gløymd. Med små hjelpemidlar, men med eit djervt mot gjorde dei det dei kunde. Dei var iallfall villige til å stå vakt om fridomen, og nettopp dei skapte den kampånd som har vore med oss, og bore oss gjennom dei tunge år.

Både frå krigen her i landet, og frå kampen seinare , der ute, ligg der nordmenn att. Dei fekk ikkje sjå det frie Norge, dei fekk ikkje sjå maidagen renne på nytt over vårt kjære fedreland. Men utan deira innsats hadde heller aldri vi nått fridomen. Difor skal tankane våre gå til dei, vi veit at deira tankar til siste stund var hos oss.  - "Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen".

Det som har vore tyngst for oss i denne tida, er alle dei som kom i klørne på Gestapo, og hamna i konsentrasjonslæger  og tukthus , her i landet og i Tyskland. Og det som verre var, at så mange staute og gode nordmenn laut lata livet for desse bødlane, for di dei hadde ein einaste tanke: å ikkje gje opp kampen for Noreg.

Og enda fanst det dei her i landet som tala om den store kulturnasjonen som skulle berge Europa. Men over 95 % av det norske folket resonerte sunt, og finn utløysing for sine tankar i dette uprenta diktet, at:

 "-- dei som leid i lekkjer

skal sessast høgt i dag.

Og  fridoms martyrminne

skriv namn i sogelag.

Dei dømde diktaturet

med rettferds dyre blod.

Og det fekk bødlen sanna

han fatig herre stod".

 

Her er ikkje tid til å nemne alle dei område der gode nordmenn verka i denne tida. Men vi kunne ta dei i fleng; dei som heldt motet oppe med å bera radiomeldingane fram, dei som la ryggen til for å skaffe mat, dei som stod urokkelege når krava kom frå dei nye styremaktene - det er nok å nemne lærar- og prestestriden - dei som finansierte kampen o.s.b.

Her var gode krefter heime. Og av og til i denne tida har vi kunne forstå den kjende utlendingen som eingong sa til Fritjof Nansen:  "Eg misunner Dykk å ha eit slikt land å elske, og eg misunner Dykk å ha eit slikt folk til å elske det."

Vi skal ikkje skape disharmoni i vår vakre glede i dag, med å stogge for lenge ved dei som sveik. Det er folk som vi er ferdige med, og vi skal kome oss over dette syrgjelege kapitlet. Eg går atter til det ukjende diktet:

"I gleda grødest såri

frå dei som sveik so stygt.

Dei gløymest alt med åri

med folket byggjer trygt -

båd dei som smaug og smatt seg

i feige vinnings bås,

og dei som skreiv og batt seg

i hird og hakelås."

Det er likevel ein ting vi ikkje kan ha samvet til å gå forbi , i 17. mai-talen i år; Det er sagt at no har vi lært, og at vi vil gå styrkt ut av denne krisa. Sjølv om over 95 % av folket hadde den rette innstillinga i hovudspørsmåla kampen stod om, og sjølv om vi har sett innsats og prestasjonar av einskildmenn, som vi aldri har drøymt om, så skal vi likevel ikkje vere så sikre på det. På mange område har moralen svikta, svikta så sterkt at det kan gå generasjonar før vi kan byggje oppatt det heile.

Eg vågar likevel å trøyste meg med at det kan ikkje berre skuldast på låk folkekarakter. Det må vere dette at krigen er noko vondt, noko unaturleg. Den skapar ikkje berre menn, den skapar og snyltarar og veike karakterar.  Og det må i alle fall på festdagen i dag vere vår von, at krigen haldast vekke for framtida, så kan også det norske samfunnet reisast att.  Å ta kampen opp mot alt det vonde frå krigens tid, det må vere ei av våre store oppgåver no.

Den festrus vi lever i i dag, den kan ikkje vare. Vi går atter mot den grå kvardagen. Det er då det spørst om vi har lært noko. Det krevst eit stort arbeid for å reise landet att. Det kan sjå ut som det vert lagt tunge byrder på oss. Men det skal gå, det skal gå dersom vi i den grå kvardagen tek med oss den fedrelandskjærleik vi ber i hjarto våre i dag. Då vert ikkje oppgåvene tunge byrder, dert vert kjære plikter. Lat oss hugsa, og ta med oss, dei orda som Øksnevad nyleg siterte etter den engelske kongen: "Det var ein liten gut som bar ein annan gut opp ein stor bakke. Det der er ei tung byrd, var det ein som sa. Det er ikkje noko tung byrd, sa guten, det er bror min".

Det er ikkje noko tung byrd, det er bror min. Under det mottoet måtte vi kunne makte oppgåvene våre.

Lat oss hugse ein ting når vi no går til arbeid. Vi ynskjer å gjere opp. Vi ynskjer ikkje at ugjerningane skal stå ustraffa.  - Kjære folk! Lat ikkje dette vere den samlande tanke i dag. Lat oss ikkje gjere noko som vi vilde fordømme hos andre. Lat oss ikkje gjere noko som ein gong i framtida kan føre oss opp i elende på nytt. Lat oss fyrst og fremst stå fast og leve slik at det viser i gjerning at no er det slutt på den vonde tida. Lat oss prøve å vise at det no stig fram ei ånd, eit samfunn som byggjer på rettferd og humanitet. Går vi ikkje inn for dette, ja då har vi tapt av syne det vi kjempa for. No skal kvar einskild av oss i byggjande arbeid i fredens tid, vise om vi kan gjere ære på dette fagre landet vårt.

Når jubelen over freden vart så veldig her i Noreg, så er det ikkje minst av den grunn at landet vårt vart spara for det sistestore oppgjerdet. Det vi har gått gjennom desse 5 åra, vilde sikkert vere for inkje å rekne, samanlikna med å få eit oppgjerd mellom stormaktene innan landegrensene. Då vilde vi ha sett landet ruinert, slik som vi før har sett eit stykke Noreg - vårt nordlegaste fylke - brent og herja. Også  i takksemd for at dette ikkje hende, skal vi gå til arbeid med god vilje. Arbeid og samarbeid. Det vonar eg i alle fall vi har lært i denne tida, at vi kan stå meir samde. Vi ynskjer ikkje einsretting, og førar-systemet vil for alle tider minne oss nordmenn om trælesinnet. Men måtte vi i alle fall stå samde når det gjeld dei store spørsmål! Eg tviler ikkje på at vi skal greie det materielle atterreisingsarbeidet . Måtte vi og greie atterreisingsarbeidet åndeleg sett!

Det var så symbolsk den fyrste meldinga som kom frå Oslo etter kapitulasjonen: "Det var slutt på blendinga." -  Eg vonar vi kan legge meir i denne meldinga. At det i og med freden og fridomen også er slutt på all åndeleg myrklegging, og at vi aldri meir skal blenda for ljoset i vårt kjære fedreland!

Skal vi våge å gå framtida i møte med så ljose voner og med så sterk tru? Det vågar vi ikkje å svare på i dag. Men kan vi gjere det, ja då kan vi også med heil hug syngje det verset av fedrelandssalmen som vi har sløyfa i desse åra under okkupasjonen:  "No er det i Noreg atter dag, -----"