Årsrapport: 2015

Eit uvanleg aktivt år i Flora Historielag

Flora Historielag sitt første styremøtet i  januar hadde oppe to viktige saker som kom til å prege deler av aktiviteten gjennom året 2015.  Den eine var restaureringa av det raude huset ved kyrkja på Kinn, som i saksdokumenta har fått namnet "Kyrkjestova". Tidleg på året i 2014 gjekk det rykte om at dette huset kanskje måtte rivast, for å bygge eit nytt og funksjonelt hus til bruk for den kyrkjelege aktiviteten.  Det vart hevda at huset var i så dårleg stand at det vart for dyrt å reparere,  om ein skulle få til eit tenleg hus til kyrkja sine behov. Og pengar hadde soknerådet alt for lite av. Historielaget  tok kontakt med soknerådet, og tilbaud å hjelpe til med finansieringa, ved å starte ein innsamlingsaksjon. Vilkåret var at huset kunne takast vare på og restaurerast mest mogleg slik det hadde vore då det vart flytta dit frå Nærøya. Torleif Reksten vart engasjert som prosjektleiar for innsamlingsaksjonen, og utover hausten 2014 og etterjulsvinteren, tok pengane til å kome inn. Kva som skjedde vidare med huset står å lese om i Floraminne som kjem ut om ca. 3 veker. Men mellom anna viste det seg at huset var i langt betre stand enn det ein hadde frykta.

Den andre saka på møtet i januar var å få lage ei bok med forteljingar frå Florø, forfatta av Firda-journalist Knut Magnussen, der han fortel  frå oppveksten sin i byen. Forteljingane hadde kvar for seg stått på trykk i Firda, og det var no svært interessant å kunne samle dei i ei bok. Det vart tidleg klart at dette ville bli ei bok med morosame glimt og eit skrått blikk på bylivet i Florø gjennom deler av 1950- 60-åra. Grethe Stavø vart engasjert som redaktør og leiar av prosjektet.

12. mars arrangerte Flora Historielag ein Krigsminnekveld på Kystmuseet. Mellom anna vart det vist ein video som historielaget hadde produsert, om radiostasjonen Roska. 115 interesserte møtte opp på arrangementet, og det vart seld over 90 DVD-ar med videoen som var vist. Dette vart på ein måte starten på eit større prosjekt som historielaget la grunnlaget for i 2015. I mai gjorde styret vedtak om å starte eit forprosjekt til ein TV-serie om motstandsarbeidet på kysten av Sogn og Fjordane under krigen. Her kunne Roskasendaren og fleire av agentane som deltok i motstandsrørsla, bli sentrale aktørar. Petter Rosenlund, manusforfattaren bak serien "Kampen om tungtvatnet", vart kontakta, og så langt har han gjeve ei positiv tilbakemelding.  Historielaget ser føre seg ein lang prosess, der målet er å ha ein TV-serie klar til 75 års jubileet for freden, i 2020, men det kan fort ta endå lengre tid.

7. august arrangerte Flora Historielag, i samarbeid med Botnane og Årebrot Grendalag, ein tur til Skogaskor, staden der Roskasendaren låg under krigen. Turen var ei 70-årsmarkering av åtaket på sendaren, der motstandsmannen, løytnant Atle Svardal vart skoten den 13. mars 1945. Det kjem meir om denne minnemarkeringa i Floraminne for 2015. Til saman var det over 90 personar som tok turen opp til Skogaskor denne dagen. Skogaskor er namnet Isak Breivik nytta på denne staden. Med på turen var også Petter Rosenlund, for å gjere seg kjend med området og det som skjedde der.

Flora Historielag har no planlagt eit arrangement for medlemmane i laget og sponsorane til prosjektet, på Kystmuseet 10. desember. Der vil manusforfattaren Petter Rosenlund orientere nærmare om filmprosjektet, som  har fått arbeidstittelen "Kystagentane".

Utover desse sakene, har historielaget m.a. engasjert seg i historisk vandring på Kinn, under Kinnaspelet , der historikar og forfattar Bjarte Sindre, tok fleire turar rundt på sørsida av øya mellom Kinnakyrkja og kaia. Historielaget var og medarrangør, saman med Flora Krigshistorielag, 
for ei vandring mellom bunkersar og krigsminner i Storåsen.

Historielaget har også tatt del i møte vedkomande planer for kulturminne i kommunen, og engasjert seg i debatten om stadnamn og vegnamn. To frå laget sit i nemnda som arbeider med neste bind av Florahistoria, som Selja Forlag skal gje ut i 2016. Forfattar er som sist Gaute Losnegård.  

Ei av hovudoppgåvene til laget er å gje ut det lokalhistoriske årsskriftet "Floraminne". Her blir det kvart år vald eit skriftstyre som får ansvar for å samle inn, skrive og redigere, aktuelt lokalhistorisk stoff frå Flora kommune og distriktet. Dette har historielaget gjort kvart år sidan det vart skipa i 2001. Det er 15. årgang som no kjem ut i månadskiftet.

Flora Historielag har 180 medlemmer  som fram til utgangen av oktober har betalt kontingenten for 2015. Årskontingenten inkluderer et eksemplar av Floraminne.