Florø i 160 år - Frå sild til olje

Av Oddvar Isene

Byen blir til

I 1860 låg det berre to gardsbruk og nokre få hus, med omlag 75 menneske, på det området som vart til byen Florø. Stadvalet hadde ikkje vore sjølvsagt. Også Flokenes og Sauesund i Askvoll var aktuelle stadar for ein ny by mellom Bergen og Ålesund. Flokenes hadde den gongen betre lokalisering med tanke på kommunikasjon innover i fjordane.

Men presten Hans J. Blom (Sokneprest i Kinn 1854 -1862) hadde ei svært viktig rolle. Han leia kommisjonen (Utnemnd i statsråd i 1858) for å greie ut lokalisering av ein kjøpstad i Sunnfjord/Nordfjord. Han var også stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane i 1859 til 1862, og hadde i tillegg ei nøkkelstilling i lovgjevingsarbeidet for sildefiskeria.

Nettopp nærleiken til det rike sildefisket i havområda rundt Kinn, var ei hovudårsak til Florø sin kandidatur. Sildefisket rundt Kinn hadde ein topp rundt 1860, og i 1859 var omlag 13 000 menneske stuva saman på øyane vest om Florø. Fastbuande var berre nokre få hundre. Også gunstige hamneforhold og tilgang på høveleg byggegrunn på "Florelandet", var viktige argument for stadvalet.

Men det var sterke motkrefter som freista trenere saka i Stortinget våren 1860, både i høve vedtak om by og i høve stadvalet. Særleg gjekk stortingsrepresentantane frå Bergen sterkt imot ein ny by i dette området der Bergen hadde hatt einerett på handel i fleire hundre år. Dei prøvde mellom anna å få saka utsett til neste stortingssamling, tre år etter. Men stortingsfleirtalet slutta seg likevel til framlegget frå kommisjonen av 1858, som gjekk inn for lokalisering på Florelandet. Byområdet vart avgrensa til deler av dei to Florøgardane, "Øvre Florøen" og "Nedre Florøen" (Namnet kjem av landskapsforma "flor", ei flate, botn, mark åkerteig, jorde, eng. Dette i kontrast til dei harde, nakne fjella som kransa seg rundt fjordar og vikar).

16. mai 1860 signerte kong Carl lova som Det Norske Storting hadde vedteke: "Lov angående opprettelse af et ladested paa Florøen i Kinns Præstegjeld". 16. mai vart difor byens bursdag.

Vanskelege år

Dessverre vart det rike sildefisket heilt borte 10 år seinare. Det tok til å svikte i 1868, og frå 1870 var vintersilda borte i mange år. Den nye byen var ikkje komen skikkeleg på beina før dette skjedde. Sjølv om folketalet hadde 7-dobla seg dei første fem åra (Til 346), vart det skralt med kapital til større båtar som kunne konkurrere på andre fiskefelt, lenger nord og sør på kysten. Difor gjekk det trått med handel og produksjon av andre fiskeslag i Florø.

I 1875 vart det riktig ille. Særleg folket på øyane hadde mista livsgrunnlaget i fisket, og det vart sett i gang landsomfattande innsamling til naudlidande i Kinn kommune. Byen fekk dermed lite draghjelp frå distriktet omkring. Byen hadde heller ikkje fått lagt til rette for varehandel og kommunikasjon med resten av fylket, og gjekk dermed glipp av mykje handel som framleis gjekk til Bergen.

Først i 1880 stod den første dampskipsbrygga ferdig, og Fylkesbaatane kunne laste og losse over kai, i staden for å bli borda av mindre båtar ute på hamna. Men trass i manglande infrastruktur var det alt i 1875 etablert 13 handlande i Florø - mest småhandel gjennom bergenske grossistar, og svært lite direkte import og eksport. Dei første fekk handelsbrev i 1861, og hadde knapt 10 år med bra omsetning

Ein skreppekar frå Voss, Helje Heljesen Hjørnevik, var ein av dei første som starta handel i byen. Han måtte vere både framsynt og snarrådig. Han busette seg i Florø i 1854, bygsla grunn til forretning og bustadhus i 1859, og då byen var eit faktum, kunne han i 1861 starte skipshandel og manufaktur i Strandgata. Slekta etter han, driv framleis handel i byen, etter 160 år.

Byen får fotfeste

Frå 1890 hadde Florø sin første sterke vekstperiode. Det vart ny oppgang i fiskeria, særleg fiske etter torsk, laks og sjøaure, brosme, lange og kveite. År om anna slo også vintersildefisket til igjen. Hamneforholda vart betre tilrettelagt, og bygatene tok form. Dette gav grunnlag for auke i folketalet og ny økonomisk vekst. Fleire fekk råd til eigne og større båtar, og rundt hundreårskiftet gjekk også nokre over til fiskedampskip. No kunne dei hente heim råstoff frå fleire og fjerne fiskefelt. Dette sette fart i produksjon og handel, også til eksport. Elias Olsen (1861 - 1926) var den største skipsreiaren i Florø. Han var også ordførar i byen i 2 periodar.

Utover etter 1900 kom nyetableringane slag i slag, det meste med grunnlag i fiskeria. Men all varetransport og reiseverksemd, måtte gå sjøvegen. Den første lastebilen kom til Florø etter 1920, og først våren 1945 var det køyrande veg mellom Florø og Førde. Manglande veg innover i fylket, sette nok Florø mykje tilbake som by og handelssenter for Sogn og Fjordane.

Ny tid, ny vekst

Etter 2. verdskrig kom ein ny og varig oppgang for Florø, og skapte grunnlag for den byen vi kjenner i dag. På ny var det silda som sette fart i veksten. Dei rike sildeåra på 1950-talet gav grunnlag for kapital til investering og nyetablering. På åtte ettermiddagstimar, den store "sildedagen", 1. februar 1956, blei det landa 227 snurpefangstar i Florø. Til Sildesalslaget sitt kontor på Fugleskjerskaia blei det innmeldt 340 200 hl sild den dagen - det vart ein uslåeleg rekord.

Ankerløkken si etablering som mekanisk verkstad i 1950, fekk store ringverknader for byen og distriktet heilt fram til vår tid. I starten var det berre produksjon av plogar og skraper til Vegvesenet. Ankerløkken i Florø var ein "avleggar" til hovudverksemda i Hamar, med hovudsakleg same produksjon. Men etterkvart vart det ein del reparasjonar av båtar under dei hektiske vintersildefiska. Så vart det etter kvart behov for nye båtar, og i 1953 stod den første fiskebåten ferdig, bygd i stål. Seinare vart det større båtar, opp til store kjemikalietankarar på over 40 000 tonn. Arbeidsstokken auka frå 50 i 1950, til 525 i 1980. men dei siste 40 åra har også dette skipsverftet møtt både motgang og medgang. Etter konkurs og oppkjøp av Kværner i 1985, har verftet greidd seg både gjennom skiftande tider og eigarar, fram til i dag. Gjennom heile siste halvdel av 1900-talet har verftet vore ei viktig hjørnesteinsbedrift for næringslivet i Flora kommune.

Florø inn i Flora

Ved den landsomfattande kommunereforma i 1964, gjekk bykommunen Florø inn i den nye storkommunen Flora, saman med Kinn, Eikefjord og Bru kommune. Byen vart no administrasjonssenteret i Flora kommune, og bynamnet fekk leve vidare som namnet på poststaden, 6900 Florø. Det var ikkje utan bitter strid og hard debatt at den nye kommunen fekk ein a i namnet, i staden for bokstaven ø. Fleire meinte at bynamnet like godt kunne brukast av heile storkommunen. Men det måtte nok til eit kompromiss, om ein skulle få med seg alle dei tidlegare kommunane - kommunenamnet på nykommunen kunne ikkje vere det same som namnet på ein av dei gamle - i det minste måtte ein bokstav endrast. Den nye kommunen fekk eit folketal omlag 5 ganger så stort som i bykommunen Florø, og vart inn til vidare den største kommunen i Sogn og Fjordane.

"Florø by" vart framleis brukt som eit geografisk namn. Men no var det ikkje snakk om berre 0,72 kvadratkilometer innafor den gamle bygrensa, men heile kommunesenteret med tettbygde bustadområde som låg på Florelandet og deler av Brandsøylandet. Ingen kunne lenger definerte ei tydeleg bygrense. Nye bustad- og industriområde vart bygde ut, alle låg utanfor den gamle bygrensa.

Flyplass og oljebase

I 1971 vart flyplassen i Florø opna. Samstundes vart Florø base for Widerøe sitt rutenett i Sør-Noreg. Dei fleste flygarane på Widerøe sitt rutenettet her, busette seg i Florø, saman med flyvertinner og flyteknikarar, og dei som skulle drifte flyplassen i Florø. Dette skapte grunnlag for mange nye arbeidsplassar. Mot slutten av 90-talet miste Widerøe konsesjonen på rutene til Florø, og andre selskap overtok nokre år. Då flytte Widerøe basen for Sør-Noreg til Sandefjord. Men den positive utviklinga ved flyplassen Florø heldt likevel fram. I 2000 vart rullebana forlenga til over 1200 meter, og i 2003 kom helikopterbasen for transport til oljeplattformene vest for Florø. Siste tilveksten var den nye redningsbasen mellom Stavanger og Ørlandet, som opna i 2009. Florø lufthamn vart den mest trafikkerte av alle kortbaneflyplassar i landet.

Då redningsbasen skulle lokaliserast, var eit viktig argument at Florø låg nær oljeinstallasjonane i Nordsjøen. Florø hadde alt då, i nesten 30 år drive basetenester for oljeplattformene vest i havet. Første byggesteget ved Fjord Base på Botnaneset stod ferdig i 1985, fem år etter at det vart starta opp med basetenester i området på og rundt Fugleskjærkaia. Det var ikkje lett å få sentrale styresmakter til å opne pengesekken for å bygge ut oljebasen på Botnaneset. Men Dagfinn Hjertenes som var ordførar på denne tida, spelte ei viktig rolle for å få prosjektet realisert. Kommunaldepartementet var svært skeptisk til ei slik storsatsing i dette området. Mykje politisk kløkt og argumentasjon måtte til, før statsråd Inger Louise Valle vart overtydd - og uttalte offentleg at "Dette var en stor distriktspolitisk utfordring". Oljebasen på Botnaneset vart no det nye store næringslokomotivet som skulle sikre vidare vekst og utvikling i Flora, inn i eit nytt årtusen. I dag (2020) har Fjord Base rundt 1000 tilsette, fordelt på ca.100 selskap som er lokalisert på basen. 

Men 56 år etter den landsomfattande kommunereforma i 1964, kom ei ny stor kommunereform. I 2020 gjekk Flora og Vågsøy saman i ei ny storkommune, med det gamle namnet Kinn kommune. Det vart ein kommune med to småbyar, Florø og Måløy. Rett nok vart nye Kinn ein geografisk unik kommune, med to kommunedelar som ikkje heng saman. Bremanger kommune som så langt ikkje ville vere med, hindra ein naturleg geografisk samla kommune.

Kjelder:

Harald J. Stavang: "FLORA kulturhistorisk vegvisar", Selja forlag.

Gaute Losnegård: "Historia om Flora", bind 1. Selja forlag.

Eigne notat frå lokalaviser, m.m.