Floraminne 2019

fm 2017

Floraminne 2019 er det 19. årsskriftet Flora Historielag har gjeve ut sidan historielaget vart stifta i 2001. Med totalt 96 sider ligg det også på eit gjennomsnitt av sidetalet dei sise åra. 14 skribentar har til saman laga 17 relativt lange artiklar. Omslagsbilde er måla av Kjartan Gødø, og har tittelen "Florøsjela".                                                                                                                     Medlemmer i skriftstyre dette året var: Grethe Stavø, Odd Standal, Edvin Helgheim, Bjørg Mikalsen, Britt Berg Madsen og Oddvar Isene (leiar/redaktør)

Av innhaldet nemner vi mellom anna:

Ein artikkel om vitskapsmannen og friluftsmenneske Reidar Nydal, som var frå Brandsøy. Som professor ved NTH, vart han internasjonalt kjend for si forsking på, og utviklinga av dateringsmetoden C14. - Og han bygde sin eigen havgåande kajakk. Artikkelen er skriven av Odd Standal, pensjonert lektor på Flora Vidaregåande skole, og medlem av skriftstyre.

Pensjonert lærar og medlem av skriftstyret, Grethe Stavø, har skrive om "Framande fuglar i Florø", ei forteljing om splinteparet Fredrikka og Adolf Olsen, og sonen Oluf, som kom til Florø ein gong på 1920-talet. Dei kom frå eit omflakkande og vanskeleg liv, med statleg forfølging og overgrep. Fredrikka hadde fødd 11 barn - berre Oluf hadde ho attende og med seg. Dei andre var tekne ifrå henne.

Journalist Harald J. Stavang skriv om "Skyssbåtmannen Nils Hovland" som i over eit halvt hundreår var skysskar for både doktor og prest, folk flest og dei som trong han mest. Alle sjøfarande og strandbuande frå Bulandet til Nordfjord, kjende Hovland og båtane hans. Det var ikkje vêr som hindra han når liv eller helse stod på spel.

Oddvar Isene, har intervjua drosjesjåfør Arthur Andersen som i 1968 hadde ein uvanleg drosjetur til det området i Havreneset som var regulert til flyplass. Ein flygar og ein overingeniør var passasjerar i drosjen. Dei skulle på synfaring - men ingen i kommunen visste om dette. Kan hende skapte denne drosjeturen lokalhistorie - I alle fall kom flyplassen på plass, i rekordfart berre tre år etter, men ikkje der den var tenkt og planlagt frå kommunen si side.

Tidlegare rektor på Flora vidaregåande skole, og forfattar Bjarte Sindre har skrive om "Kinnesund fyr og Leonard Hess". Leonard Hess var einaste fyrvaktar i heile fyret si levetid, i 46 år. Han pensjonerte seg først i 1913, då han vart 75 år, og fyret vart lagt ned. Sjølve fyret vart demontert og sett opp på Bryggehågjen like nord for kaia på Kinn

Innhaldsoversikt: 

Index - 2019

  1. Odd Standal: Radioaktivt karbon og kajakk. Reidar Nydal – vitskapsmenneske og friluftsmann. Portrett av vitskapsmannen og friluftsmannen Reidar Nydal, kjent for arbeid med C-14 datering, og for padleekspedisjon Bergen-Ålesund.
  2. Grethe Stavø:  Framande fuglar i Florø. Fredrikka, Adolf Oluf Olsen. Om Fredrikka, Oluf og Adolf Olsen og korleis livet deira blei prega av myndighetens sin politikk ovanfor dei reisande.
  3. Karl Egil Johansen: Sildefiske og smitte. Var vårsildfisket ei viktig årsak til dei mange spedalske i Sunnfjord på 1800-talet?. Om samanhengen mellom spedalskhet, buforhold og hygieniske forhold under sildefisket.
  4. Bjarte Sindre: Kinnesund fyr. Leonard Hess. Om bygginga av fyret i Kinnasundet og den første fyrvaktaren Leonhard Hess.
  5. Magnus Helge Torvanger: Florø-gutar rømde til England med fiskebåt frå Novelandet. Knut Ulriksen frå Florø var skipper - Om ei flukt over Nordsjøen til Shetland under krigen.
  6. Harald J. Stavang: Skyssbåtmannen Nils Hovland. Portrett av Nils Hovland som dreiv båtskyss frå -30talet og fram til midt på -80talet.
  7. Oddvar Isene: Flyplassen i Florø – Vart den berga av Thor Solberg sitt omdømme?. Drosjesjåfør Arthur Andersen fortel ei historie om då ein skulle bestemmer plassering av flyplassen i Florø.
  8. Odd Standal: Gevinst nr. 23: Tvo sekkjer høy. Ei trekningsliste fortel historie – om ungdomslagsrørsla i Førdefjorden. Om ungdomslagsrørsla og ungdomslagsarbeid.
  9. Odd Standal: Thorbjørn Horten – Lærar og skulegründer. Som tittelen seier.
  10. Målfrid Ottesen: Året er 1945 – Glede og fred – Men også et «Annus horribilis» for mange. Om korleis «tyskertøsene» og familiane deira blei behandla etter  krigen, fortalt av søstra til ei av dei.
  11. Bjørg Mikalsen. Den store flukten. Om Nils Jørgen Fuglesang sin innsats under krigen, og den spektakulære flukta frå ein fangeleir i Polen.
  12. Grethe Stavø: Gatenamn i Florø. Om Magnus Thingnæsgate og Livius Smittgate.
  13. Egil Russøy: Om «Batalde-Lars». Om Lars Jansen Batalden som var bre-og tindeførar for William Slingsby og andre engelskmenn på slutten av 1800-talet.
  14. Alf Janssen Batalden: Fra mitt førerliv. Historier fra turar Lars Janssen Batalden hadde hatt, fortalt av han sjøl.
  15. Britt Berg Madsen: Sydamene i Florø etter krigen. Som tittelen seier
  16. Hein B. Bjerck Misforståelse om stålull. Humoristisk historie om stålull.
  17. Jan Foss Iversen En oppvekst i Florø 1945 – 1958. Som tittelen seier.
  18. Oddvar isene: «Det var en gang – – ». Bokomtale. Omtale av Herdis Dyvik si bok; «Det var en gang i en liten by ved havet».
  19. Oddvar Isene: Eit lag med fokus på fortida – inn i framtida. Flora Historielag i 2019. Aktiviteten i  Flora historielag 2019.
  20. Turid Absalonsen Fimland «På dans i Fram». Utdrag av AUF si lagsavis «Fakkelen» 1961.